Forsvaret la i dag fram ein årsrapport der det blir slått fast at underskotet i fjor var på 941 millionar kroner.
Generalmajor Kjell Grandhagen.
Generalmajor Kjell Grandhagen, som er sjef for styrkane til Hæren, seier at dimittering av soldatar og seinare innkalling av nye soldatar er blant tiltaka som blir vurderte for å spare pengar.
Men han understrekar at det ikkje er gjort noko vedtak om dette.
- Bryt forliket
Medlem av forsvarkomiteen Per Ove Width (Frp) seier at dersom kutta kjem på årets budsjett, vil det vere å bryte budsjettforliket.
Marit Nybakk (Ap).
Leiar i forsvarskomiteen Marit Nybakk (Ap) seier at ho no ventar på eit forslag frå forsvarsminister Kristin Krohn Devold om korleis dei store budsjettoverskridingane skal løysast.
Nybakk meiner enkelte delar av Forsvaret må skjermast frå kutt.
– Det eine er Kystvakta. Det andre er at vi treng gutar og jenter i førstegongsteneste. Vi treng så mange i førstegongsteneste at vi kan utvikle kompetanse som gjev grunnlag for rekruttering vidare, seier ho.
Peter Andre Moe.
- Hæren nesten nedlagd
Leiar i Norges Offisersforbund, Peter Andre Moe, meiner Hæren blir så godt som nedlagd dersom Forsvaret må spare nesten ein milliard kroner i år.
Forsvarssjefen vil førebels ikkje seie kvar det må kuttast, men Moe meiner det er mogeleg å spare mest i Hæren, og at det vil gå sterkt utover aktiviteten.