Hopp til innhold

Fryktar ny «dieselskandale» med hybridbilar

Regjeringa leiar forbrukaren på ville vegar når dei framleis oppfordrar til kjøp av alle typar hybridbilar, det meiner miljørørsla og elbilforeininga som fryktar ny miljøskandale.

Hybridbil

MILJØVENNLEG: Fleire av dei ladbare hybridbilane er med på å redusere utsleppa i trafikken ved å kunne køyre langt på elektrisitet, medan andre har store utslepp når dei køyrer på forbrenningsmotor.

Foto: Lokhman Gharbari

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei siste åra har forbrukarane fått rabatt i eingongsavgifta ved kjøp av ladbare hybridbilar. Målet til regjeringa er å få ned utsleppa og skape ein meir miljøvenleg bilpark.

Christina Bu

Christina Bu er generalsekretær i Norsk elbilforening og vil ikkje premiere dei dårlege hybridbilane.

Foto: Aksel Jermstad/Norsk elbilforening

Problemet er berre at enkelte av hybridbilane er meir skadeleg for miljøet enn ordinære bensin- og dieselbilar når ein brukar forbrenningsmotoren i bilen.

– Bilane har stor vekt fordi dei har ein ekstra motor. Dette gjer at forbruket på lange strekningar blir mykje høgare, forklarer Christina Bu frå Norsk elbilforening.

Minner om dieselskandalen

I dag får du like mykje rabatt om bilen du kjøper har stor eller liten elektrisk kapasitet. Bu meiner dette gir eit feilaktig signal til forbrukarane.

– Folk blir oppfordra til å kjøpe bilar som dei trur er gode for miljøet og lommeboka, men som viser seg å ikkje vere det.

Det heile minner om då den raudgrøne regjeringa oppfordra til kjøp av det som skulle vere miljøvennlege dieselbilar.

Fryktar hybridane utkonkurrerer elbilar

I fjor gjekk salet av bilar med nullutslepp tilbake frå 25.779 selde bilar i 2015 til 24.222 i 2016, ifølgje OFV. Talet på selde hybridbilar var 28.032. Dei fleste var plug in-bilar, som har eit høgare drivstofforbruk enn mange andre bilar, når du køyrer på forbrenningsmotoren.

Kari Asheim, fagansvarlig transport Zero

Kari Asheim, fagansvarleg for transport i Zero.

Foto: Lokman Ghorbani

Miljøstiftinga Zero fryktar at hybridbilane kan dominere marknaden i for stor grad.

– Når det no kjem fleire bilar heilt utan utslepp på marknaden er det viktig at det er denne teknologien som vinn fram. At ikkje ladbare hybridar med kort elektrisk rekkevidde blir så gunstig at ein heller kjøper dei, seier Kari Asheim, fagansvarleg for transport i Zero.

Saman med elbilforeininga har dei foreslått ei differensiering i eingongsavgifta som i større grad premierer dei mest miljøvennlege hybridbilane.

Stortinget har bedt om endring

Hausten 2016 ber Stortinget regjeringa om å endre ordninga, slik at ladbare hybridbilar med lang elektrisk rekkevidde kjem betre ut. Dette skulle helst skje i revidert nasjonalbudsjett.

Men regjeringa ser ikkje ut til å ha hastverk, for i budsjettet er det ikkje lagt inn noko endring.

Hans Andreas Limi

Hans Andreas Limi i FrP seier at regjeringa skal følgje opp kravet frå Stortinget.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Eg trur ikkje vi skal leggje for mykje vekt på at det vert selt nokre store bilar som også kan gå på batteri. Det er lønsamt og er med på å få ned utsleppa, seier finanspolitisk talsmann i FrP, Hans Andreas Limi.

Hen peikar på at ikkje alle elektriske bilar har god nok rekkevidde til å fungere godt nok ute i distrikta.

Likevel er han tydeleg på at regjeringa skal følgje opp kravet frå Stortinget.

– Dei har bedt oss kome med ei differensiering, så det skal vi gjere til hausten, seier Limi.

AKTUELT NÅ