Hopp til innhold

Listhaug om pendlarbustad-sakene: – Uakseptabelt av direktøren å seia at dette ikkje fekk etterspel

Frp-leiar Sylvi Listhaug krev svar på kva vurderingar stortingsadministrasjonen har gjort i samband med pendlarbustad-saka.

Sylvi Listhaug, Frp-leder

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner det er viktig å sjå på administasjonen i Stortinget og rolla deira i samband med pendlarbustad-sakene slik at ein har tillit til opprydningsarbeidet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det er heilt naudsynt at vi får rydda opp i dette her. Eg trur mange der ute spør seg om det er ein ukultur på Stortinget, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Administrasjonen på Stortinget har fått krass kritikk for handteringa si av pendlarbustad-sakene.

Listhaug har i dag sendt brev til stortingsdirektøren der ho krev svar på ei rekkje spørsmål.

– Eg har motteke brevet frå Sylvi Listhaug og vil svara så raskt eg kan, seier stortingsdirektør Marianne Andreassen til NRK måndag.

Politiet skal etterforska sakene

Torsdag kveld gav statsadvokaten Oslo-politiet ordre om å etterforska dei såkalla «pendlarsakene».

– Gjennom media har det i løpet av hausten kome fram minst seks namngitte stortingsrepresentantar sin moglege feilpraktisering av nemnde regelverk. Fleire av dei folkevalde har også uttalt seg i media, skreiv statsadvokat Lars Erik Alfheim i etterforskingsordren.

Minutt etter statsadvokaten og Oslo-politiet stadfesta politietterforsking av pendlarbustad-sakene, stadfesta stortingspresidenten Eva Kristin Hansen (Ap) at ho trekkjer seg frå stillinga si.

Eva Kristin Hansen

TRAKK SEG: Stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap).

Foto: William Jobling / NRk

Sylvi Listhaug meiner at politietterforskinga av sakene ikkje er nok.

– Då er det viktig at vi også ser på administrasjonen og rolla deira i dette her for at vi har tillit også til det oppryddingsarbeidet som no må til, seier ho.

NRK forklarer

Kva er pendlarbustad-saka?

Kva er pendlarbustad-saka?

Stortinget eig 143 leilegheiter i Oslo. Desse er meint til å dekke bustadbehovet til stortingsrepresentantar som er folkeregistrert eller faktisk busett meir enn 40 kilometer i køyrelengde frå Stortinget, ifølge regelverket.

Kva er pendlarbustad-saka?

Det betyr at viss ein politikar som er busett i Troms blir valt inn på Stortinget, skal vedkommande kunne bu i Oslo utan at dei blir påført ein stor ekstrakostnad knytt til bustad.

Kva er pendlarbustad-saka?

For å disponere ein pendlerbustad er det krav om at ein sjølv bur der. I tillegg kan også andre medlemmar av familien bu der, så lenge ein sjølv gjer det.

Kva er pendlarbustad-saka?

Etter at Aftenposten 5. september avslørte at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad hadde brote regelverket om pendlarbustadar, har det blitt meldt om fleire andre politikarar som heller ikkje har følgt reglane.

Kva er pendlarbustad-saka?

Riksrevisjonen har varsla at dei vil gå gjennom alle pendlarbustad-sakene. Stortingets administrasjon skal også gå gjennom alle enkeltsakene om moglege brot på reglane.

 

Stortinget har i tillegg sett ned eit eksternt utval som skal gå gjennom reglar, retningslinjer og praksis.

Kva er pendlarbustad-saka?

18. november kunngjorde Oslo politidistrikt at dei vil starte etterforsking pendlarbustad-sakene, noko som førte til at stortingspresident Eva Kristin Hansen trekte seg.

 

Oslo Statsadvokatar viser til «seks namngitte stortingsrepresentantar».

– Uakseptabelt

Frp si stortingsgruppe vil no vita kva slags vurderingar som blei gjort då administrasjonen ikkje ville undersøkja Stortingspresidenten si pendlarbustad-sak, fordi fleire representantar hadde misforstått reglane.

– Vi meiner det var uakseptabelt av direktøren å vera så raskt ute med å seia at dette ikkje fekk etterspel når vi veit kor resolutt og strenge reaksjonar ein får om ein bryt andre typar offentlege lover og reglar, seier Listhaug.

Marianne Andreassen

Stortingets direktør Marianne Andreassen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I eit intervju med NRK før helga sa stortingsdirektør Marianne Andreassen at ho hadde forvalta dei reglane som gjeld for dei som er folkevalde i nasjonalforsamlinga.

– Vi har eit viktig demokratisk prinsipp med likskap for lova. Eg har her på Stortinget halde meg til det regelverket som er på Stortinget, sa ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger