Hopp til innhold

Dette er pendlarbustad-sakene

Det begynte med Ropstad-saka. No har stortingspresidenten valt å trekke seg. Her er alle pendlarsakene som har vore i media denne hausten.

Stortinget

Det har vore stor merksemd rundt pendlarbustad-sakene dei siste månadane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Statsadvokaten har gitt Oslo-politiet ordre om å etterforske dei såkalla «pendlarsakene».

Foreløpig har ingen blitt sikta eller fått status som mistenkt.

Oslo-politiet og statsadvokaten stadfesta politietterforskinga av fleire pendlarsaker torsdag kveld. Minuttet etter stadfesta stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) ho trekker seg frå stillinga si.

– Gjennom media har det i løpet av hausten kome fram minst seks namngitte stortingsrepresentantar sin moglege feilpraktisering av nemnde regelverk. Fleire av dei folkevalde har også uttalt seg i media, skriv statsadvokat Lars Erik Alfheim i etterforskingsordren.

NRK forklarer

Kva er pendlarbustad-saka?

Kva er pendlarbustad-saka?

Stortinget eig 143 leilegheiter i Oslo. Desse er meint til å dekke bustadbehovet til stortingsrepresentantar som er folkeregistrert eller faktisk busett meir enn 40 kilometer i køyrelengde frå Stortinget, ifølge regelverket.

Kva er pendlarbustad-saka?

Det betyr at viss ein politikar som er busett i Troms blir valt inn på Stortinget, skal vedkommande kunne bu i Oslo utan at dei blir påført ein stor ekstrakostnad knytt til bustad.

Kva er pendlarbustad-saka?

For å disponere ein pendlerbustad er det krav om at ein sjølv bur der. I tillegg kan også andre medlemmar av familien bu der, så lenge ein sjølv gjer det.

Kva er pendlarbustad-saka?

Etter at Aftenposten 5. september avslørte at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad hadde brote regelverket om pendlarbustadar, har det blitt meldt om fleire andre politikarar som heller ikkje har følgt reglane.

Kva er pendlarbustad-saka?

Riksrevisjonen har varsla at dei vil gå gjennom alle pendlarbustad-sakene. Stortingets administrasjon skal også gå gjennom alle enkeltsakene om moglege brot på reglane.

 

Stortinget har i tillegg sett ned eit eksternt utval som skal gå gjennom reglar, retningslinjer og praksis.

Kva er pendlarbustad-saka?

18. november kunngjorde Oslo politidistrikt at dei vil starte etterforsking pendlarbustad-sakene, noko som førte til at stortingspresident Eva Kristin Hansen trekte seg.

 

Oslo Statsadvokatar viser til «seks namngitte stortingsrepresentantar».

Fleire medium har omtalt stortingspolitikarar som kan ha feilpraktisert regelverket knytt til pendlarbustadar. Sakene har ulik alvorsgrad. Kva etterforskinga vil vise står att å sjå.

I denne artikkelen blir sakene lista opp. Det betyr ikkje at desse sakene er eller kjem under etterforsking.

Alfheim påpeiker overfor NRK at Oslo politidistrikt står fritt til å velje ut kva for nokre saker som skal etterforskast.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

5. september avslørte Aftenposten at KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad hadde budd gratis i pendlarbustadar i Oslo. Han hadde folkeregistrert adresse hos foreldra i Agder frå 2009 til november 2020. Samstundes har han eigd og leigd ut halvpart av ein tomannsbustad på Lillestrøm.

Ropstad gjekk av som statsråd og partileiar 18. september, etter at det blei kjent at han også hadde fått tilgang til ein gratis statsrådsbustad utan å betale skatt av fordelen.

Stormen rundt Ropstad.

Stormen rundt Kjell Ingolf Ropstad førte til at han trekte seg som KrF-leiar og statsråd.

Foto: Annika Byrde / NTB

Sveinung Rotevatn (V)

Etter saka om Kjell Ingolf Ropstad, kartla Aftenposten statsrådane sin bruk av pendlarbustadar. Dei kunne 7. september opplyse at dåverande klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) fekk gratis stortingsleilegheit samtidig som han var folkeregistrert heime hos foreldra.

Då han i 2013 kom inn på Stortinget som fjerdekandidat frå Sogn og Fjordane, flytta han frå eit kollektiv i Oslo og inn i ein pendlarbustad. I heile stortingsperioden frå 2013 til 2017 var han folkeregistrert heime hos foreldra i Eid kommune. Rotevatn hadde dermed ikkje nokon bustadutgifter på fire år.

Rotevatn

Planen til Sveinung Rotevatn var å reise tilbake til Vestlandet, men i staden blei han i Oslo.

Foto: Annika Byrde / NTB

Tellef Inge Mørland (Ap)

Arbeidarpartiets Tellef Inge Mørland fekk innvilga pendlarbustad då han blei stemt inn på Stortinget i 2017. Han opplyste ikkje om at han då eigde leilegheit i Oslo frå før, og søkte om pendlarbustad fordi han jamleg pendla til Arendal, avslørte Aftenposten 7. september. Han leigde ut leilegheita si og flytta inn i stortingsbustaden.

– Eg las regelverket og gjorde det eg blei bedd om då eg søkte. Eg svarte på alt dei bad meg om, sa Mørland til NRK.

Tellef Inge Mørland, stortingspolitiker for Arbeiderpartiet. Foto: Gunnar Bratthammer

Stortingsadministrasjonen meiner Tellef Inge Mørland ikkje har brote nokon reglar.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Aftenposten kunne 9. september opplyse at Stortinget betalte for at SV sin nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes kunne bu i Oslo sentrum, samstundes som han leigde ut leilegheita si i hovudstaden.

Fylkesnes har vore valt inn på Stortinget frå Troms sidan 2013. Han er folkeregistrert og bur i Tromsø. Samstundes har han eigd ei leilegheit i Gamlebyen i Oslo sidan 2010. Den leilegheita har han leigd ut, og fekk innvilga pendlarbustad fordi han hadde leigetakarar der.

Torgeir Knag Fylkesnes

SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes har 16.000 kroner i leigeinntekter i månaden frå leilegheita i Oslo, som er ein sekundærbustad.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Tore Storehaug (KrF)

KrF sin finanstopp Tore Storehaug var folkeregistrert hos foreldra sine på Vestlandet samtidig som han fekk pendlarbustad i Oslo. Han betalte ikkje leige og hadde ingen utgifter i samband med bustaden, skriv Aftenposten 9. oktober.

Politikarar som bur gratis heime skal betale skatt av fordelen av pendlarbustad, ifølge Skatteetaten. Storehaug seier han har følgt informasjonen han har fått frå Stortinget.

Tore Storehaug

Ifølge Aftenposten burde Tore Storehaug ha betalt rundt 200.000 kroner meir i skatt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Olemic Thommessen (H)

10. september avdekte Aftenposten at Høgre-politikar Olemic Thommessen kjøpte ei leilegheit i Oslo, samtidig som han hadde gratis pendlarbustad. Thommesen fortalde at han aldri informerte om den nye leilegheita, då han ikkje såg på det som relevant informasjon til Stortinget.

Seinare kunne avisa fortelje at Thommesen i fleire år lèt sin 29 år gamle son bruke stortingsleilegheita som studenthybel. Sjølv pendla han til Lillehammer.

Olemic Thommessen

Olemic Thommessen bur i Lillehammer og har hatt pendlarbustad i Oslo sidan 2001.

Foto: Peder Bergholt / NRK

Kristian Tonning Riise (H)

Stortingsrepresentanten frå Høgre, Kristian Tonning Riise, var folkeregistrert på guterommet heime i Hedmark då han blei valt inn på Stortinget i 2017. Han fekk innvilga pendlarbustad den hausten. Riise opplyste ikkje om at han allereie budde i Oslo, der han saman med to andre eigde ei leilegheit.

Riise stadfesta til Aftenposten 30. september at han haldt fram med å bu i leilegheita i halvannan år, samtidig som stortingsleilegheita stod tom. Dette trass i at stortingspendlarar årleg må stadfeste til Stortinget at dei sjølv bur i leilegheita.

Kristian Tonning Riise

I september 2018 kjøpte Kristian Tonning Riise ei leilegheit i Brumunddal. Han endra adressa dit, men haldt fram med å bu i leilegheita si i Oslo.

Foto: Hamar Høyre

Himanshu Gulati (Frp)

Himanshu Gulati eigde fire leilegheiter i Oslo og likevel fekk gratis pendlarbustad. Årsaka var at han hadde kjøpt seg leilegheit på Jessheim, som var meir enn 40 kilometer unna. Då var han kvalifisert til pendlarbustad.

Til Dagens Næringsliv avviser Gulati i 2019 at han kjøpte leilegheita på Jessheim for å få gratis pendlarbustad. Han erkjenner likevel at den ikkje blir brukt mykje, mellom anna på grunn av mykje reiseverksemd. Aftenposten skreiv 6. oktober at Gulati har valt å ikkje søke om pendlarbustad denne stortingsperioden.

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati kjøpte sin femte bustad på Jessheim før han kom inn på Stortinget. Det gav han rett på gratis bustad i Oslo.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Eva Kristin Hansen (Ap)

Tysdag avslørte Adresseavisen at stortingspresident Eva Kristin Hansen hadde hatt pendlarleilegheit, samtidig som ho frå 2014 eigde bustad saman med ektemannen sin i Ski. I køyrelengde var dette berre 29 kilometer unna Oslo, men Hansen var folkeregistrert i Trondheim. Først i 2017 endra ho adresse til Ski og sa opp pendlarleilegheita.

Torsdag kveld trekte Hansen seg frå vervet som stortingspresident etter at det blei kjent at Oslo-politiet hadde opna etterforsking av pendlarbustad-sakene.

– Eg meiner det er uhaldbart for Stortinget å ha ein stortingspresident som er under politietterforsking, sa Hansen.

AKTUELT NÅ