Hopp til innhold

Dette er regelverket Hansen og dei andre på Stortinget må halde seg til

Reglane for kva som skal til for å få pendlarbustad på Stortinget sin kostnad, ligg ope for alle på nettet. Der blir det slått klart fast at det skal vere minst 40 kilometer heim om du skal ha krav på leilegheit.

Eva Kristin Hansen og regelverk

AVTALEN: Stortingspresident Eva Kristin Hansen og alle andre som får pendlarbustad frå Stortinget må skrive under på denne avtalen.

Foto: Skjermdump / NTB

«Stortinget eig eit tal leilegheiter/hyblar, som skal dekke bustadbehovet i Oslo for stortingsrepresentantar som under funksjonstida er folkeregistrerte eller faktisk busette meir enn 40 km i køyrelengde frå Stortinget.»

Slik står det svart på kvitt på Stortinget sine nettsider. Likevel har fleire stortings­representantar hamna i hardt vêr for brot på desse reglane.

Sist ute er stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap).

Adresseavisen kunne for nokre dagar sidan avsløre at ho disponerte ei stortingsleilegheit, trass i at ho er busett i Ski rett utanfor Oslo.

Samstundes leigde ho eit rom i leilegheita til Trond Giske i Trondheim og var folkeregistrert der fram til 2017.

– Eg burde ha skjønt det. Slik eg leste retningslinjene, så trudde eg at eg handla rett, sa Eva Kristin Hansen etter møtet med dei parlamentariske leiarane torsdag.

På Stortinget sine nettsider ligg regelverket og avtalane som representantane må setje seg inn i og halde seg til.

Der står svart på kvitt at bustadane skal dekke behovet til stortingsrepresentantar som er folkeregistrert eller faktisk er busett meir enn 40 kilometer i køyrelengde frå Stortinget.

Retningslinjer

Desse retningslinjene frå 2017 skal no bli gjennomgått av eit eksternt utval.

Foto: Skjermdump / stortinget.no

Lånte ut leilegheita

– For å få disponere ein av Stortinget sine pendlarbustadar er det eit krav om at ein sjølv bur der. I tillegg kan ein også ha familiemedlemer buande så lenge ein sjølv bur der, står det innleiingsvis.

Dei som får disponere gratis ein av dei 143 leilegheitene, må signere på ein leigeavtale med klare reglar for kva som er lov og ikkje.

– Det er ein føresetnad at bustaden blir nytta av deg (og din husstand), og den ikkje blir nytta av eller blir lånt ut til andre i ditt fråvære, står i det i avtalen.

Eva Kristin Hansen har fortalt at ho lånte ut leilegheita i ein kort periode til ein stortingskollega som hadde hatt eit samlivsbrot.

– Det var ein medrepresentant som lånte den i ei kort tid etter eit samlivsbrot, sa Hansen til VG onsdag.

Får dekka det meste

I leigekontrakten mellom stortingsrepresentantane og Stortinget er det også reglar som ikkje er vanlege for folk flest:

  • Leilegheitene er fullt møblert.
  • Representantane betalar ingenting for å bu der, og til dømes straum, oppvarming, trappevask, måking og strøing er dekka.
  • Utgifter til telefon, internett og TV er dekka.

Men til liks med andre leigetakarar må dei sjølv ta med dyner og puter, fjernsynsapparat, radio og anna dei vil ha i leilegheita.

Dei må også vaske sjølve, skifte lyspærer og tømme lofilter, samt sørge for eigen innbuforsikring.

Men annakvart år dekker Stortinget ein solid rundvask.

Skal ikkje vere for stram

Uansett utfall for Eva Kristin Hansen, så har Stortinget varsla ein omfattande gjennomgang av regelverket for stortingspendlarane.

I mandatet til granskingsutvalet står det at ordninga må utformast slik at den fangar opp reelle pendlarbehov – utan at den blir for raus eller for stram.

– Representantane er i mange ulike livssituasjonar, og kan ha ulike former for tilknyting til bustad både på heimstaden og i Oslo-området, står det i mandatet.

Granskingsutvalet blir breitt samansett, blant anna med tidlegare stortingsrepresentantar og ekspertar innan jus og forvaltning.

– Du må vere pendlar

NRK har spurt Skatteetaten om kva reglar som gjeld for å få dekka pendlarbustad av arbeidsgjevar.

Dei vil ikkje kommentere den konkrete saka rundt Eva Kristin Hansen.

– På generelt grunnlag kan i seie at for å kunne få dekka pendlarkostnader skattefritt av arbeidsgjevar, er det ein føresetnad at du er pendlar og har krav på frådrag for pendlarkostnadane dine, skriv dei i ein e-post.

Dei slår fast at dersom du ikkje har rett til frådrag for losji, kan du heller ikkje få dekka pendlarbustad skattefritt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger