Hopp til innhold

Frode Berg etter lukka høyring: – Håpar vi får ei offentleggjering av rapporten

Spiondømde Frode Berg håpar at folk vil få innsikt i kva som skjedde då den norske Etterretningstenesta sende han på fleire oppdrag til Russland. I dag held Stortinget lukka høyring om spionrapporten.

Frode Berg og advokat Brynjulf Risnes etter høyringa.

Frode Berg og advokat Brynjulf Risnes etter høyringa.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Medlemane har stilt ein del spørsmål rundt saka. Ikkje noko frå rapporten, men frå det som er kjent frå tidlegare av. Blant anna denne boka og media, sa Berg då han kom ut frå høyringa.

Berg seier til NRK at han ventar ei openheit på ein avgradert versjon som kan offentleggjerast etter kvart.

– Eg håpar at vi saman med Brynjulf Risnes no har klart å overtyda dei om behovet for det. For eg har også fått lov til å seia litt om konsekvensar for meg og mitt nærmiljø i kjølvatnet av saka her.

Frode Berg seier det har vore ei påkjenning frå dag ein. Han meiner det er forskjellige meiningar som har blitt danna om kva som har skjedd.

– Og det er berre eg som er offentleg og som kan svara. E-tenesta har heile tida halde seg skjult og gøymt seg bak hemmeleghaldet sitt, seier han og fortel at han håpar at høyringa kan endra haldninga til dei som er motstandarar av at saka skal offentleggjerast.

– Mitt håp er at vi snarleg får sett eit punktum for ei avgjerd, og at vi får ei offentleggjering av ei forenkla utgåve av rapporten.

– Kvifor er det så viktig?

– Det er viktig fordi at folk ute i samfunnet også har blitt råka av E-tenesta tidlegare. Dette er ei heilt spesiell sak, ei katastrofal sak for Etterretningstenesta. Vi må få lagt det her daudt no.

Lei seg for at Berg har vore utsett for belastningar

– Dette er ei lukka høyring, og det innhaldet kan vi sjølvsagt ikkje snakka mykje om, men EOS-utvalet har undersøkt saka, og vi har forklart det frå vår side. Mi oppfatning er at dette har vore ein grundig og solid prosess, seier sjef for Etterretningstenesta, viseadmiral Nils Andreas Stensønes.

Han fortel at det er gradert informasjon, og at det er Forsvarsdepartementet som skal avgjera sjølve graderingsspørsmålet. Han seier at det i denne graderte settinga, har vore viktig å vera open, ærleg og konkret – og svara på alle spørsmåla som representantane har.

Nils Andreas Stensønes

Sjef for Etterretningstenesta, viseadmiral Nils Andreas Stensønes.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det følte eg vi fekk eit godt høve til å gjera, seier han.

Sjefen for Etterretningstenesta seier at han er lei seg for at dette har gått ut over Frode Berg, og at han har vore utsett for belastningar.

– Når det gjeld kva Frode Berg har opplevd, er det trist. Så får vi håpa at Noreg generelt gjer det dei kan for at han skal koma ut av dette på best mogleg måte.

Må forklara si rolle i saka

Bakgrunnen for høyringa er rapporten frå EOS-utvalet som blei overlevert til dei folkevalde 25. februar. EOS-utvalet er Stortinget sitt eige utval for etterretning, overvaking og sikkerheit.

Utvalet består av medlemane i kontroll- og konstitusjonskomiteen, samt ein representant frå kvar av partigruppene til KrF, Raudt og MDG.

Tidlegare forsvarsminister og noverande utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), er blant dei som truleg må forklara seg om si rolle i saka.

Stortinget ynskjer også å høyra noverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og sentrale personar i E-tenesta og representantar frå EOS-utvalet.

Ynskjer offentleggjering av rapporten

– Rapporten i sin heilskap bør ikkje offentleggjerast, men EOS-utvalet har laga eit kort samandrag, som dei meiner kan offentleggjerast. Det har ein samrøystes komite stilt seg bak, ved å be presidentskapen om å oppmoda at den blir avgradert. Diverre har Forsvarsdepartementet sagt nei til det.

Det seier Dag Terje Andersen (Ap), som leiar den særskilde komiteen i saka, til NRK. Han tykkjer det er beklageleg, og meiner saka og tilliten til dei hemmelege tenestene hadde vore tent med at den informasjonen som EOS-utvalet meiner kan gjerast offentleg, blir gjort offentlege.

Dag Terje Andersen

Dag Terje Andersen (Ap), leiar i komiteen.

Foto: NRK

Andersen seier at komiteen i morgon skal diskutera om Stortinget bør leggja større press på statsråden for å få samandraget offentleggjort

– Det er ingen grunn til å ikkje offentleggjera rapporten som EOS-utvalet sjølv seier både kan og bør vera offentleg. Ingenting i høyringa forandrar på det. Tvert i mot, vil eg seia, fortel Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

Freddy André Øvstegård (SV), som sit i Stortinget sin særskilde komité i saka, meiner ifølgje NTB, også at hemmeleghaldet er unødvendig.

Vil ikkje avgradera rapporten

– Vi har ikkje konkludert enno. Vi er einige i at hemmeleghaldet verkar unødvendig, og at det beste er om ein versjon av rapporten blir avgradert. Samstundes er også vi skeptiske til å overprøva regjeringa, skriv kommunikasjonssjef i MDG, Nils Mørk i ein e-post til NRK.

Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti vil ikkje avgradera rapporten. Det skriv VG.

– Departementet har konkludert med at det ikkje vil vera riktig å offentleggjera dette. Då held vi oss til det, seier Svein Harberg (H), nestleiar i komiteen, til NRK.

Svein Harberg

Svein Harberg (H), nestleiar i komiteen.

Foto: NRK

Harberg seier at han har tillit til at den vurderinga er god.

– Vi skulle sjølvsagt ynskja at vi kunne hatt ein offentleg debatt, seier han, men legg til at han ikkje ser nokon grunn til å overprøva departementet.

Møtte forsvarsministeren

Førre veke møtte Frode Berg forsvarsministeren. Han fekk ikkje vita mykje om innhaldet i EOS-rapporten, men var likevel fornøgd.

Rapporten handlar om kva som skjedde då den norske Etterretningstenesta sende Berg på fleire oppdrag til Russland.

I desember 2017 blei han arrestert av den russiske sikkerheitstenesta, FSB.

Han blei dømd til 14 år i fengsel for spionasje, men i november 2019 blei han sett fri som ein del av ein utvekslingsavtale mellom Litauen og Russland.

Norske myndigheiter har aldri innrømt at Frode Berg var på spionasjeoppdrag. Det er heller ikkje vanleg i samband med avsløring av etterretningsoperasjonar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger