Hopp til innhold

Norske våpen til Afghanistan

Noreg skal sende store mengder våpen i gåve til den afghanske regjeringa.

Forsvarssjef Sverre Diesen

SENDER VÅPEN: Norge skal forsyne den afgahanske hæren med våpen, sa forsvarssjef Sverre Diesen i dag.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

 

HØYR: Sender våpengåve til Afghanistan

Det kunngjorde forsvarssjef Sverre Diesen under forsvarsministermøtet til NATO i Vilnius i Litauen i dag.

Dette er det første og største våpenbidraget til den afghanske hæren. Noreg skal sende 100 bombekastarar, 100 tunge mitraljøsar, 100 maskinpistolar, 12 tonn ammunisjon og om lag 1000 ryggsekkar med vinteruniformar til det krigsherja landet.

Betre på 80-talet

Den afghanske hæren er svært dårleg utrusta. På møtet i dag sa forsvarsminister Abdul Rahim Wardak at den afghanske hæren hadde langt betre våpen tidlegare.

- Då eg kjempa mot Sovjet på 80-talet hadde me betre utstyr enn det den afghanske hæren har i dag når dei kjemper mot Taliban.

Ikkje stridsvogner

Taliban har både moderne våpen og informasjonsteknologi. Den afghanske hæren krigar for ein stor del med gamle AK 47.

Den afghanske hæren vil ha meir moderne våpen. Dei har tidlegare bede Noreg om å få utrangerte norske stridsvogner. Førebels har Noreg sagt nei til denne førespurnaden, fordi det då må følgje med både utstyr, folk som kan reparere og lære opp i bruken av desse. Dette har ikkje Noreg høve til no.

AKTUELT NÅ