Den 47 år gamle rwandaren står tiltalt for medverknad til massedrap under folkemordet i Rwanda i 1994.
I dag er siste dag av rettssaka mot den rwandiske mannen.
Tiltalt for medverknad til drap
Tysdag 25. september starta rettssaka i Oslo tingrett mot ein 47 år gammal rwandisk statsborgar som er tiltalt for å ha medverka til drap på 2000 menneske under folkemordet.
Tiltalte har budd i Noreg sidan 2001.
– Vitnene er ikkje truverdige
Ifølgje aktor sin prosedyre i går tysdag, ved statsadvokat Peter Mandt, er alle bevisa i saka basert på vitneforklaringar.
Aktor la fram påstand om 21 år i fengsel, som er den øvste strafferamma for lovbrota i tiltalen. Forsvaret ber om full frifinning.
LES:
LES:
Fråværet av tekniske bevis i saka har gjort det naudsynt for påtalemyndigheita å lene seg tungt på vitneprov. Til gjengjeld har nærare 100 rwandarar forklart seg for retten.
LES:
LES:
I forsvaret seier Harald Stabell at bevistyngda til vitna er svekka på grunn av at dei sprikar, og at det er gått lang tid.
– Vitneforklaringane sprikar. Mange vitne forklarar seg om kva dei har høyrt frå andre, og ikkje sjølv har sett, seier han.
– Det er gått over 18 år sidan dette skjedde, og det er eit ubestrideleg faktum at generelt blir vitna sin hugs svekka over tid, seier han.
Det er den andre forsvararen til den tiltalte, Maria Bergram Aas, som går i detalj i vitneprova under forsvaret si prosedyre.
Mykje av forsvaret går med på å gå inn på dei enkelte vitneprova, for å bevise at det fins forskjellige forklaringar på kva som har skjedd.
Erkjenner ikkje straffskuld
Den tiltalte 47-åringen erkjenner ikkje straffskuld.
Familiefaren har i mange år budd og jobba i Bergen, fram til ham i mai i fjor blei sikta for deltaking i folkemordet i Rwanda.
LES:
Då mannen blei arrestert, knytte siktinga han til drap på 70 000 menneske under folkemordet. I Oslo tingrett står han tiltalt for drapet på 2000 av dei.
I tiltalen til påtalemyndigheita heiter det:
«Han deltok på møter der det blei planlagt drap, og/eller beordra drap gjennomført. Vidare deltok han i organiseringa av drap og transporterte både væpna drapsmenn og fordrivne personar til stader der dei blei drepne».
– Ikkje nok å vere til stades
Forsvaret viser i sin forsvarsprosedyre til fleire av dei konkrete episodane mannen er tiltalt for. Forsvaret held fast på at den tiltalte ikkje var politisk aktiv, medan vitne har forklart at han deltok på politiske arrangement.
Den tiltalte nektar på å ha vore på to av dei tre stadene drapa skjedde. På ein av stadene var han utanfor området der det skjedde, har han sagt sjølv.
Ifølgje forsvaret er det at han var til stades då det blei gjort massedrap, ikkje nok til å dømme han for medverknad. Dessutan seier forsvarar Harald Stabell at det ikkje fins bevis for at tiltalte var på nokre av dei tre stadene.
Massedrapa på dei 2000 menneska skjedde på eit katolsk kyrkjesenter, i eit kommunehus og i eit kyrkjehus.
– Det må bevisast utanfor rimeleg tvil at han var klar over at han medverka til drap med å vere til stades på gjerningsstaden, seier Stabell i sin prosedyre.
Avslutningsvis i prosedyren fekk aktoratet høve til ein replikk, og då valde statsadvokat Peter Mandt å understreke at vitneprova må sjåast i samanheng med kvarandre, og ikkje skiljast ut enkeltvis på grunn av sprikande detaljar.