Hopp til innhold

Fekk 21 år fengsel i Noreg for folkemord i Rwanda – kjempar for å få saka opp på ny

Norsk sak etter folkemordet i Rwanda vart nyleg lagt vekk etter 15 år etterforsking. No meiner Sadi Bugingo at saka hans må opp igjen.

Sadi Bugingo

Sadi Bugingo er dømd til 21 år i fengsel, men meiner han er uskuldig dømd.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Sandnes, januar 2023: Ein mann er endeleg fri etter 15 år som mistenkt for deltaking i folkemord. Saka hans er lagt vekk.

Bergen, februar 2023: Ein mann er heime hjå kone og barn på ein kort permisjon. Han er dømd til 21 år i fengsel for deltaking i folkemord.

Rwanda, 6. april 1994: Flyet til presidenten i landet blir skote ned. Det er startskotet på dei 100 dagane som i ettertid er kjent som folkemordet i Rwanda.

Begge desse mennene er i landet då leiarar i folkegruppa hutu har bestemt at dei skal ta livet av medlemmar av folkegruppa tutsi.

Mellom 800.000 og 1 million menneske blir drepne. Ein tidel av befolkninga i Rwanda utsletta.

Og i Noreg sit altså éin mann fengsla for å ha delteke i folkemordet. Sadi Bugingo er dømd til 21 år i fengsel.

Sadi Bugingo

Bugingo meiner feire har vitna falskt mot han.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Bygde på vitneavhøyr

Samtidig har fleire andre vore mistenkte for det same, men ingen andre har blitt dømde i Noreg.

– Det som først og fremst kjenneteiknar sakene er at dei er bygde på vitneavhøyr. Det gjer det sårbart for feilkjelder, seier Brynjulf Risnes, advokaten til Bugingo.

Han har òg vore advokaten til Eugene Nkuranyabahizi som har vore mistenkt i det som blir kalla Stavanger-saka. Det er saka som vart lagt vekk i januar i år.

Då vart Nkyranyabahizi ein fri mann.

Eugene

Eugene Nkuranyabahizi den dagen han fekk beskjed om at han ikkje lenger var mistenkt for deltaking i folkemordet.

Foto: Kaj Hjertnes / RYKKEBILKAMERA

Men Risnes meiner sakene er såpass like at det at den eine blir lagt vekk, gjer at det er interessant å sjå på den andre på nytt.

Med seg på laget har han tidlegare Kripos-etterforskar Håvard Aksnes.

Men det skal ein heil del til for å få ei sak gjenopptatt.

Meiner han sjølv er uskuldig

I dommen frå lagmannsretten står det at Bugingo er funnen skuldig i overlagt medverking til drap på meir enn 2000 menneske.

Der går det fram at han ikkje har drepe nokon sjølv, men at han blir dømd for både psykisk og fysisk medverking.

Retten skriv at han fysisk var sjåfør for drapsmenn og at han frakta tutsiar som skulle drepast.

Psykisk skal han ha medverka under angrepa ved å vera til stades og ha innflytelse i kraft av sin posisjon. Det skal ha styrka drapsmennene sine forsett om å gjennomføra drapa.

Retten viser til at han ikkje hadde nokon formell leiarrolle. Dei skriv òg at drapa ville blitt utførte sjølv om Bugingo ikkje hadde vore med.

Sjølv meiner han at han er uskuldig.

Han har sete inne i 12 år og har to år att av soningstida.

– Det er tungt. Veldig tungt, seier han om å sitja inne.

– Eg har aldri vore involvert i politikken, ikkje eit einaste sekund. Eg jobba som forretningsmann.

Har du drepe nokon?

– Nei.

Har du fått andre drepne ved å visa kvar dei hadde gøymt seg?

– Nei.

Har du gjort nokon av forbrytelsane du er dømd for?

– Nei, ingen. Eg er hundre prosent uskuldig.

Forsvarar Risnes viser òg til liknande saker i utlandet.

– Det er systematiske feilkjelder i ein del av sakene. Vitne har vore påverka og har observasjonar som liknar mistenkjeleg på kvarandre. Det gir grunn til å undersøka nærare om det kan vera samanhengar her som tyder på at saka er fabrikkert.

Advokat Brynjulf Risnes

Forsvarer Brynjulf Risnes meiner det er god grunn til å sjå på Sadi Bugingo si sak på nytt.

Foto: Tom Balgaard

– Har ikkje sett noko konkret nytt

Risnes peikar på at det vil krevja stor økonomisk innsats og vilje for å få undersøkt saka til Bugingo på nytt.

Marit Formo var politiadvokat i saka til Bugingo. Ho seier at ho ikkje kjenner til at det finst nye opplysingar i saka som endrar på bevisbiletet frå den gongen.

Ho viser til at Risnes under rettssaka la fram fleire argument som han meinte peikte i retning av at Bugingo var uskuldig.

– Lagmannsretten fann i likskap med tingretten ut at dette ikkje rokka ved det samla bevisbiletet i saka.

Ho meiner Kripos gjorde ei omfattande og grundig etterforsking av saka og viser til at for at ei sak skal bli gjennoppteken i Noreg, så må det finnast nye bevis eller nye omstende.

– Eg har ikkje sett noko konkret nytt i denne saka, seier ho. Ho kan derfor ikkje kommentera om det vil bli aktuelt med gjenopning på eit seinare tidspunkt.

Vidare viser ho på generelt grunnlag til ingen saker er like, og at det er mykje som ikkje er overførbart frå ei sak til ei anna.

Statsadvokat Marit Formo

Statsadvokat Marit Formo i Det nasjonale Statsadvokatembetet.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Fekk 19 namn på ei liste

Statsadvokatane i både Stavanger-saka og Bergen-saka og forsvarar Risnes er usamde om mykje, til dømes kor sterke bevisa i sakene er.

Men ein ting er dei einige om: Bevisbiletet i sakene består stort sett av vitneforklaringar. Og vitneforklaringane handlar om hendingar som snart er 30 år gamle.

I 2004 fekk norske myndigheiter ei liste med 19 namn. Personane på lista var mistenkte for å ha delteke i folkemordet.

Lista skal ha kome frå rwandiske myndigheiter. Dei aller fleste sakene på lista vart lagt vekk, men nokre har blitt etterforska vidare.

To av dei var Bugingo og Nkuranyabahizi.

Risnes meiner lista med namn er laga som ein hemnaksjon frå menneske i Noreg tilknytt regimet i Rwanda.

Det er vår oppleving at det er såpass stor likskap i alle sakene at det er tvilsamt om nokon av dei på lista faktisk er skuldige.

Sjølv vart Bugingo overraska over at namnet hans stod på denne lista.

Falske vitneforklaringar

Håvard Aksnes er tidlegare etterforskar i Kripos og har skrive tre rapportar om Nkuranyabahizi si sak.

Han har vore veldig kritisk til etterforskinga som er gjort i Stavanger-saka, altså saka som no er lagt vekk.

– Etter mi oppfatning burde Kripos og påtalemyndigheita forstått for mange år sidan at det var noko som ikkje stemte og fått avslutta etterforskinga av Eugene.

Håvard Aksnes

Håvard Aksnes er ein av dei som jobbar for å få gjenopptatt Bugingo si sak.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Aksnes meiner kritisk tenking, kritiske spørsmål og alternative hypotesar har vore fråverande gjennom heile etterforskinga. No samarbeider han med advokat Risnes om å sjå på Bugingo si sak igjen.

Sjølv er Sadi Bugingo motivert for å halda fram med å jobba med saka.

– Vitna har sagt mykje. Nokre av dei kjenner meg, andre gjer ikkje det, men det dei har sagt som førte til at eg blei dømd stemmer ikkje. Derfor må eg prøva å finna ut korleis eg kan få saka mi opp att, seier Bugingo.

Han trur at grunnen til at folk har vitna mot han er for å hemna seg på hutuar.

– Eg håpar at det kjem ei tid det dei angrar på det dei har gjort og kjem tilbake og fortel sanninga. Eg ventar på at sanninga skal koma fram slik at me rwandarar kan leva godt saman og slutta å feilskulda kvarandre.

Men advokat Risnes meiner det ikkje nødvendigvis er sannsynleg at dei får saka tatt opp att.

– På ein måte er det usannsynleg, for det er veldig få saker som blir gjenopptatt, seier han.

Han håpar informasjonen som har kome fram i Stavanger-saka gjer at interessa for Bergen-saka veks, slik at ein etter kvart kan nå fram til ein gjenopptaking.

– Men dette er arbeid som tek tid og vanskelege saker å jobba med.

Sadi Bugingo

Då NRK møtte Bugingo var han på permisjon heime hjå familien i Bergen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Les også Fikk 21 års fengsel for folkemord i Rwanda

Den tiltalte i Rwanda-saken med sin forsvarer

Les også Henlagt etter 15 år: Statsadvokaten beklager

Eugene