NRK Meny
Normal

– Tiltalte betalte vitne

Måndag heldt aktor sin prosedyre i rettssaka mot den 47 år gamle rwandaren som står tiltalt i Oslo tingrett for medverknad til massedrap. Det er vitneprova som er aktor sitt sterkaste kort.

Rettssaken om krigsforbrytelser i Rwanda mot en 47-åring er kommet til prosedyrene i Oslo tingrett. Mandag holder aktor sin sluttprosedyre om at påtalemyndigheten mener mannen hadde en rolle i folkemordet i landet i 1994.

Direktestream: Rettssaken om krigsforbrytelser i Rwanda

Den 47 år gamle rwandaren står tiltalt for medverknad til massedrap under folkemordet i Rwanda i 1994.

Tysdag 25. september starta rettssaka i Oslo tingrett mot ein 47 år gammal rwandisk statsborgar som er tiltalt for å ha medverka til drap på 2000 menneske under folkemordet. Tiltalte har budd i Noreg sidan 2001.

Lenar seg på vitneprov

Måndag heldt statsadvokat Peter Mandt ved Det nasjonale statsadvokatembetet sin prosedyre i saka i Oslo tingrett.

LES: Militsleder: – 47-åringen var der med våpen da folk ble drept

– Eg trur ikkje på han, seier Peter Mandt i si innleiing i prosedyren i dag, om forsvaret til den tiltalte.

– Vitne forklarar seg annleis enn den tiltalte, og han forsvarar seg med at det fins ein konspirasjon mot han, seier Mandt.

Dette meiner aktor ikkje er sant.

– Vi må sjå på mengda forklaringar vi har hatt, vi har høyrt ingenting om erstatning, eller ønskjer om å råke den tiltalte, seier aktor vidare.

– Han har sendt pengar til vitne

– Vitna har ei anna oppfatning av kva som skjedde enn den tiltalte. Tiltalte har sagt at folk har interesse av å sverte han, og at det er ein konspirasjon mot han, held han fram, og seier det heller er omvendt.

– Den tiltalte har sendt pengar til vitne. Det er ikkje tilfeldig at vitne har teke imot summar frå han akkurat idet dei skal forklare seg, seier han.

– Det er tiltalte som har søkt å påverke vitne her, dette er ikkje styresmaktene i Rwanda eller nokon andre som har gjort det, slik den tiltalte sjølv seier.

Har svart unnvikande

Den tiltalte har tidlegare svart unnvikande i retten, og på eitt tidspunkt hevda han å ikkje ha fått med seg at det skjedde eit folkemord.

Aktor seier det er ei utfordring at folkemordet skjedde i eit anna land og i ei anna tid, og starta prosedyren med å forklare at han legg til grunn premisset om at folkemordet faktisk har skjedd, og at forholda tiltalte er tiltalt for skjedde i samband med folkemordet.

LES: Klart for aktors prosedyre i Rwanda

LES: Aktor: – Sitter du her på alvor og sier at du aldri har hørt militsen synge sanger om tutsier?

Fråværet av tekniske bevis i saka har gjort det naudsynt for påtalemyndigheita å lene seg tungt på vitneprov. Til gjengjeld har nærare 100 rwandarar forklart seg for retten.

Nektar straffskuld

Den tiltalte 47-åringen erkjenner ikkje straffskuld.

Familiefaren har i mange år budd og jobba i Bergen, fram til ham i mai i fjor blei sikta for deltaking i folkemordet i Rwanda.

Då mannen blei arrestert, knytte siktinga han til drap på 70 000 menneske under folkemordet. I Oslo tingrett står han tiltalt for drapet på 2000 av dei.

I tiltalen til påtalemyndigheita heiter det:

«Han deltok på møter der det blei planlagt drap, og/eller beordra drap gjennomført. Vidare deltok han i organiseringa av drap og transporterte både væpna drapsmenn og fordrivne personar til stader der dei blei drepne».

Omfattande rettsprosess

Nokre har forklart i detalj om korleis tiltalte gjorde ein stor innsats for å redde livet til tutsiar, folkegruppa som målbevisst blei jaga og likvidert av hutumilitsen Interhamwe under det som er omtalt som det kanskje raskast gjennomført folkemordet i Rwanda. Andre har forklart at tiltalte medverka i grufulle handlingar.

Fleire av vitna har forskjellige forklaringar når det gjeld detaljar, men dette meiner aktor ikkje er viktig.

– Vitna hugsar dei viktige tinga som knyt den tiltalte til folkemordet. Det er umogleg å hugse alle detaljar i ein traumatisk situasjon som skjedde for så lenge sidan, seier han.

Det er kome kritikk utanfrå, først og fremst av måten saka er etterforska på. Men statsadvokaten har avvist kritikken.

Rettsprosessen etter folkemordet i Rwanda i 1994 går føre seg i fleire domstolar. Rwanda-domstolen i Arusha i Tanzania er oppretta av FN. Rettsprosessen går føre seg også i det ordinære rettsapparatet i Rwanda og dessutan i folkedomstolar i Rwanda. Rettsoppgjer er også gjennomført i fleire vestlege statar, mellom dei Canada, Belgia og Finland.

I Sverige er det nyleg innleidd rettssak mot ein tiltalt rwandar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger