Hopp til innhold

FFI: – Forsvaret kunne fått vanskar i eit stort angrep

Det norske forsvaret er ikkje godt nok rusta til å møte eit stort angrep. Det kjem fram i «Forsvarsanalysen 2022», som FFI har utarbeidd på oppdrag frå Forsvarsdepartementet.

Vernepliktige i Pasvik

GRENSEPATRULJE. Vernepliktige kontrollerer utstyret før dei skal ut på patrulje ved Pasvik grensestasjon i Finnmark.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Vi har eit godt forsvar, men vi har ikkje eit godt nok forsvar. Vi har eit lite forsvar med ei stor oppgåve. Og det er det vi er urolege for om vi klarer å løyse, seier forskingsdirektør Espen Skjelland i Forsvarets forskningsinstitutt.

I fjor fekk FFI oppdraget med å lage ein analyse av den strategiske utviklinga av Forsvaret. Det er meininga at dei skal levere ein rapport kvart år fram til 2024.

No er den første rapporten, «Forsvarsanalysen 2022», klar. Her kjem det fram at Forsvaret har ei rekke utfordringar.

– Vi er særleg uroa for evna til sikker kommunikasjon, luftvern, beredskap, logistikk og evna til å halde ut i strid, seier Skjelland.

Forberedelse til Cold Response

Dei neste vekene skal over 30.000 norske og utanlandske soldatar delta på vinterøvinga Cold Response for å øve på å forsvare Noreg.

Foto: Knut Anders Finnset / NRK

Kunne fått vanskar

Arbeidet med analysen blei avslutta før jul. Difor er Russlands angrep på Ukraina ikkje ein del av dei vurderingane FFI og samarbeidspartane har gjort. Men konklusjonane i rapporten står seg også i den nye situasjonen, meiner FFI.

Dersom Noreg hadde blitt utsett for eit stort angrep i dag, kunne Forsvaret fått problem, seier Skjelland.

– Noko av det som er poenget når vi har eit lite forsvar som møter ein overlegen motstandar, er at vi må operere tett saman. Dei ulike delane av Forsvaret må støtte kvarandre. Det er det Forsvaret hadde slite med i dag. Ein motstandar ville då kunne skilje ut stykke av Forsvaret, og nedkjempa dei eitt for eitt.

Les også Nato-styrkene ruller inn i Norge

Soldater fra US Marine Corps på plass i nord for NATO-øvelsen Cold Repsonse 2022. Tilsammen deltar 30.000 soldater fra 27 nasjoner i den lenge planlagte stor-øvelsen.

Uroa for tinga vi ikkje ser i det daglege

Måndag starta regjeringa arbeidet med neste års statsbudsjett. Før budsjettkonferansen starta, lova både statsministeren og finansministeren at den militære og sivile beredskapen skulle styrkast.

Ekstra pengar vil kome godt med for Forsvaret, men det er viktig at dei blir brukt rett, seier Skjelland.

– Vi meiner Forsvaret i utgangspunktet har nok pengar, men vi er uroa for balansen på sikt. Vi har trekt fram fleire usikre moment, der dei fleste av desse peikar i ei negativ retning,

Les også Forsvaret gjør retrett – generaltabbe mindre enn fryktet

Soldater foran datamaskin med grafer fra radiospektrum

Løysinga er å styrke dei svakheitene som er i systemet i dag, som å styrke luftvernet og beredskapen, og sikre at vi har det vi treng av personell og materiell dersom det skulle komme eit angrep.

– Vi er mest bekymra for dei tinga vi ikkje ser i det daglege, men som vi merkar først når dei blir eit problem i krig, seier Skjelland.

Kommunikasjonssjef i Forsvaret, brigader Eystein Kvarving, seier dei så vidt har fått lese rapporten.

– Vi ver veldig glade for at FFI har laga denne strategiske forsvarsanalysen. Vi ser fram til å sette oss godt inn i han, og studere kva det vil seie for den vidare utviklinga av Forsvaret, seier han til NRK.

Les også Nå er det normalt å være «prepper»: – Når krisen treffer haster det

AKTUELT NÅ