Hopp til innhold

Regjeringa vil halde att pengebruken i 2023

Regjeringa ropar varsko, trass i lysare tider for norsk økonomi. Dei frykter overoppheting av økonomien, og seier dei vil halde tilbake på pengebruken i statsbudsjettet for neste år.

Budsjettkonferanse 2023

PÅ MED BREMSENE: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil halde att på den offentlege pengebruken neste år.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Noreg er på veg ut av pandemien med økonomisk vekst og låg arbeidsløyse. Det gjer at regjeringa kjem til å halde tilbake på pengebruken i statsbudsjettet 2023 for å unngå ei for rask heving av styringsrenta.

– Når vi bruker offentlege pengar, må vi bruke dei på ein måte at dei skaper aktivitet, og ikkje berre skaper høgare prisar. Og så er det Noregs Bank som er ansvarleg for renta, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han møtte pressa utanfor hotellet der regjeringa er samla til budsjettkonferanse dei neste dagane.

Les også SV-krav til Støre: – Kutt skatten

Også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner det er gledeleg at det går godt i norsk økonomi, men han åtvarar mot ei overoppheting i økonomien.

– Det er spiralen med låg arbeidsløyse, høgare lønn, høgare prisar, høgare renter og sterkare krone vi kallar overoppheting av økonomien, som vi må unngå, sa han.

Uro vil prege budsjettkonferansen

På same tid har krigen i Ukraina ført til høgare råvareprisar og høge prisar på straum, gass og drivstoff i Europa. Dette kjem også til å sette sitt preg på budsjettkonferansen, sa statsministeren.

– Det som skjer i Europa, får betydning for det som skal skje her inne. I ein slik situasjon blir det eit overordna tema for oss når vi skal lage statsbudsjett, er å tenke på tryggleik for landet og tryggleik for folks økonomi.

Les også Spår at bensinprisen bikkar 40 kroner til sommaren

Bensinstasjon

Finansministeren meiner situasjonen gjer at det blir viktig å sjå på beredskapen både militært og sivilt framover.

– Vi må styrke forsvaret. På denne budsjettkonferansen skal vi sjå på 2023, men vi må også sjå på tiltak på kort sikt. Når det gjeld den sivile beredskapen må vi sjå på alt frå politi til sivilforsvar og matberedskap som blir viktig.

Ta vare på ukrainske flyktningar

Krigen har også ført til mange folk på flukt gjennom Europa. Og mange av dei kjem også til å kome til Noreg, seier Vedum. Det blir difor viktig for regjeringa å finne måtar Noreg får gjort dette på ein god måte.

– Vi veit ikkje kor mange som kjem til å kome. På kort sikt må vi sjå på korleis vi kan ruste Noreg for å ta imot flyktningar her og no. Men vi må også sjå korleis vi i 2023 kan sikre at folk kjem seg inn i lokalsamfunn, inn i skule og jobb.

Les også Fryktet å bli siktet for menneskehandel – her er flyktningene på plass i Norge

Vedum understrekar at flyktningane som no kjem er ressurssterke personar som kan tilføre lokalsamfunna mykje, og at det er viktig å sørge for at dei får det godt i Noreg, anten dei blir her kort eller lenge.

AKTUELT NÅ