Hopp til innhold

Forsvarets bruleggingsutstyr tatt i bruk

I natt har Forsvarets spesialkøyretøy for brulegging rykt inn i leiteområdet i Gjerdrum for å sikre redningsmannskapane.

Forsvarets broleggingskjøretøy på vei inn i leteområdet

BRULEGGAR: Bruleggingskøyretøyet på veg ned mot skredkrateret ved halv eittida i natt.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

Like etter midnatt køyrde det avanserte bruleggingskøyretøyet frå Forsvarets Ingeniørbataljon ned mot skredområdet. Litt seinare vart òg ein mindre gravemaskin køyrd ned i krateret.

Løytnant Petter Thorud i Forsvarets Ingeniørbataljon seier til NRK at den pansra bruleggaren med dei hengsla hydrauliske bruplatene, kan ein lage trygg bru på 26 meter inn i leiteområdet, for både mannskap og andre køyretøy.

Bruleggaren er montert på ein Leopard stridsvogn som går på belte og er svært mobil i terrenget, seier Thorud.

I tillegg er det tatt i bruk utstyr for markforsterking, som vert lagt ut som ein rull med metallplater som dannar ein køyrebane i terrenget (bildet under)

Forsvarets broleggerkjøretøy i arbeid i Gjerdrum

MARKFORSTERKAR: Her er forsvaret i ferd med å legge ut markforsterkar (ein rull med metallplater) frå ein lastebil inn i skredområdet i natt.

Foto: Jil Yngland / NTB

Leiter med hundar og drone

Redningsmannskapane tar seg stadig lenger inn i den raude sona. Staden der det vert leita rundt to samanrasa bygningar vel 100 meter inn i raset, er kraftig lyst opp.

Dei siste to dagane er det lagt ut provisoriske gangvegar med trematerialar, armeringsjern og oransje isoporplater i leirmassane. Fleire stader er det så blautt at isopor må leggjast i fleire lag. På desse provisoriske vegane tar redningsmannskap med hundar seg fram med stor varsemd. Arbeidet er framleis svært risikabelt fordi leirmassane er ustabile.

Over leiteområdet henger det minst ei drone i natt, men ingen helikopter. Hundar er i arbeid saman med hundeførarar. Innimellom kan ein høyre hundane markere med å gøy.

Framleis er seks menneske sakna i leirmassane. Fire er funne omkomne dei to siste dagane. Ein av dei er identifisert som 31 år gamle Eirik Grønolen.

Leteaksjonen i Gjerdrum pågikk i hele natt. 3.1.2021

Det var mange folk og stor aktivitet nede i leiteområdet i natt, men er ikkje meldt om nye funn.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Skal sikre leiteområdet

Når Forsvarets utstyr no vert tatt i bruk, vil det auke tryggleiken og effektivisere gjennomsøkinga av skredet. Normalt bruker forsvaret bruleggaren for å krysse elver.

Bruleggingsutstyret har stått parat ved skredet ei stund, men har ikkje vorte tatt i bruk tidlegare fordi det er svært tungt og grunnforholda har vore for usikre.

Ei rekkje ambulansar og lastebilar står oppstilte ikkje langt frå der redningsmannskapane går inn i sjølve skredet. Det er denne vegen inn i området som no vert gjort tryggare.

Gravemaskin kjøres ned i skredområdet

Ein gravemaskin vert frakta inn mot leiteområdet.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

Operasjonsleiar Gisle Sveen i Aust politidistrikt stadfestar overfor NRK at Forsvarets folk no er i gang med brulegging i leiteområdet for å sikre tilhøva for redningsmannskapa.

Redda ut kjæledyr i natt

Brannvesenet på Romerike har i natt henta ut fleire kjæledyr frå hus i den evakuerte sona i Gjerdrum, fortel Sveen. Han seier at brannfolka vil fortsette med det så lenge det er trygt og dei har kapasitet.

Han har ikkje oversikt over kor mange dyr eller kva rasar som er redda.

Leitinga held fram

Sveen seier at grunnarbeidet som måtte gjerast før bruleggarutstyret kunne takast i bruk, vart ferdig laurdag kveld, litt tidlegare enn planlagd. Difor kunne utstyret køyrast ned alt i natt. .

Det var planlagd at leitinga i natt skulle gå føre seg minst fram til klokka 4. Like før klokka 4 vart det bestemt at søket skal fortsette så lenge redningsleiinga finn det tenleg og trygt, seier Sveen til NRK.

Søndag skal leitinga utvidast i nordleg retning.

Følg redningsarbeidet direkte her:

Video: Kambiz Zakaria, NRK.

AKTUELT NÅ