Hopp til innhold

Vil gi elevar rett til vidaregåande skule på ubestemt tid

Forslaget frå regjeringa inneber at elevar skal kunne ta fleire fagbrev, og at dei har rett til vidaregåande opplæring til dei fullfører.

Tonje Brenna med elev

LOVFORSLAG: Eitt av forslaga skal gjere det lettare å byte utdanningsretning.

Foto: Kommunikasjon / Kunnskapsdepartementet

I dag er det slik at ein har tre år på å fullføre, men i framtida er det slik at ein kan halde fram på skulen til ein er ferdig. Viss ein til dømes stryk i eit fag kan ein fortsette til ein er ferdig, fortel kunnskapsminister Tonje Brenna.

NRK møter statsråden på Kuben videregående skole i Oslo der ho snakkar med elevar og tilsette om det nye lovforslaget.

Tonje Brenna med byggelevar

Kunnskapsministeren saman med ein av elevane på Kuben videregående skole i Oslo.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Blant dei andre endringane i regjeringas nye opplæringslov er lovfesta oppfølging av fråvær, lovfesta tilbod for elevar med manglande språkkunnskapar og rett til å ta fleire fagbrev.

Den nye loven skal etter planen tre i kraft frå skulestart 2024.

Rett til å ta fleire fagbrev

– Vi gir elevane rett til å ta fleire fagbrev. Så viss du vel studieførebuande eller bygg og anlegg og seinare finn at du vil ha eit anna fagbrev så har du moglegheit til det, fortel Brenna.

I dag har du berre rett til å ta eitt fagbrev, og du har ikkje rett til å ta yrkesfag viss du har vald studieførebuande retning.

Tonje Brenna med elevar

Tonje Brenna saman med bygg- og anleggselevane Jonas Fagerås de Lange og Ida Margareta Knudsen.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Viss ein først går tømrar og så finn ut at betongfaget verkar meir interessant så kan jo det vere fint å ta fagbrev i det og, fortel Jonas Fagerås de Lange, elev ved bygg- og anlegg på Kuben videregående skole.

Det er jo ein fordel å ha fleire fagbrev for då har ein meir kunnskap om dei ulike yrka, legg medelev Ida Margareta Knudsen til.

Det skal også bli lettare for elevar å endre utdanningsløp.

Vi gir elevane rett til å velje på nytt. Slik at du kan bytte linje viss du har vald feil, fortel Brenna.

Andre endringar i den nye opplæringsloven gjeld oppfølging av fråvær, og krav om å sikre elevar ein trygg overgang frå grunnskulen til vidaregåande. Skulane skal også i dag følge opp fråvær, men dette vil no vere lovfesta.

Større alderspenn i klasseromma

På spørsmål om ho trur elevar no vil velje å ta vidaregåande over fleire år for å få betre karakterar, svarar Brenna at ho ikkje trur det vil bli eit problem.

– Eg trur tvert imot at dei vil gjennomføre og komme seg vidare i arbeid eller utdanning. Dette er store og viktige utvidingar av elevane sine rettar som først og fremst skal gi dei som treng det fleire år til å fullføre, og det skal gi elevane moglegheit til å ombestemme seg, seier Brenna.

Les også Denne plastkassa er skulebiblioteket til elevane

Karoline Festervoll Bolstad og Endre Fugle Kvile viser fram skulebiblioteket dei har på Breim skule. Kvar klasse får ei plastkasse med bøker to gonger i halvåret.

Det nye forslaget kan potensielt gjere at aldersspennet i klasserommet blir større.

Tonje Brenna saman med elevar og rektor ved Kuben vgs

Tonje Brenna saman med Rektor Kjell Ove Hauge og elev Jonas Fagerås de Lange.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Rektor Kjell Ove Hauge ved Kuben videregående skole er ikkje særleg bekymra.

Utfordringa med det er plassproblemet, men eg trur det beste med det er at du kan få eldre forbilde for dei yngre elevane. Vi har hatt god erfaring med eldre elevar tidlegare på Kuben, så eg trur ikkje det nødvendigvis blir ei stor utfordring, seier han.

Positiv til forslaget

Tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner trur heller ikkje større aldersspenn vil bli eit problem:

Dei ungdommane som er eldre kan dra med seg erfaring inn i klasseromma, og dei som manglar eit fag eller eit år kan få moglegheit til å fullføre, og ikkje stå utanfor arbeidslivet, seier Sanner.

Elever ved Vollebekk skole møter Erna Solberg og Jan Tore Sanner

Tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner fortel at han er positiv til lovforslaget.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Høgre sende eit forslag til ny opplæringslov til høyring då dei var i regjering. Sanner fortel til NRK at han er positiv til det nye lovforslaget til regjeringa:

Å ha eit fagbrev eller moglegheit til å studere er sjølve inngangsbilletten til arbeidslivet.

Det er ein styrke at parti på Stortinget kan stå saman om så viktige reformer for Skule-Noreg, avsluttar han.

AKTUELT NÅ