Hopp til innhold

Folket minnest Vibeke Skofterud

I sosiale medium blir Vibeke Skofterud hugsa som ein raus og glad person som brydde seg om folk rund seg.

Vibeke Skofterud

Vibeke Skofterud betydde mykje for mange. Kondolansane strøymer inn etter at det blei kjent at ho miste livet i ei ulukke.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Etter at nyheita om at den tidlegare langrennsløparen Vibeke Skofterud hadde mista livet i ei ulukke, har kondolansane strøyma inn på sosiale medium.

Blant dei som har lagt ut minneord er kulturminister Trine Skei Grande som heidrar Skofterud for å ha bidrege til både OL- og VM-gull i stafett. Ho skriv også at det er meiningslaust når eit så ungt menneske blir borte.

Laster Twitter-innhold

Ap-leiar Jonas Gahr Støre skriv at han vil hugse henne for hyggelege møter på tur i Marka og for dei modige vala ho tok.

Laster Twitter-innhold

Også den britiske ambassaden i Noreg har sendt kondolansar.

Laster Twitter-innhold

Ekspertkommentator under OL

Under vinter-OL i Pyeongchang i Sør-Korea tidlegare i år, var Skofterud med som ekspertkommentator for Discovery Network, som blant anna eig kanalane TVNorge, Max og Eurosport. Kommentator i Discovery, Kenneth Fredheim, er også ein av dei som minnest sin tidlegare kollega.

Laster Twitter-innhold

I 2016 kom Vibeke Skofterud på tredjeplass i NRK-programmet «Mesternes Mester», der tidlegare idrettsutøvarar konkurrerer mot kvarandre.

Mesternes mester

I 2016 var Vibeke Skofterud (nummer to frå høgre) med i «Mesternes Mester» blant anna saman med (f.v.) Thor Hushovd, Anne Jahren, Andreas Håtveit og Anette Sagen.

Blant deltakarane som konkurrerte mot Skofterud i Monaco det året, var tidlegare fotballspelar Jan Åge Fjørtoft. Han skriv at Skofterud var ei tøff og varm jente som aldri vil bli gløymd.

Laster Twitter-innhold

Møtte mange

Vibeke Skofterud var også ein viktig ambassadør for langrennssporten utanfor sporet. Mange av dei som har møtt henne eller har fått treningstips frå henne, hugsar henne som varm, blid og omtenksam.

Ein av dei er komikaren Nils-Ingar Aadne, som satsa på langrenn då han ville sjå kor sprek det gjekk an å bli på eit år.

Laster Twitter-innhold

Også artisten Hans-Erik Dyvik Husby minnest Skofterud som ein person med eit hjarte av gull.

Laster Twitter-innhold

Vibeke Skofterud gjorde også sterkt inntrykk på dei som aldri møtte henne. På nettet er det mange som skriv kva ho betydde for dei.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ