Hopp til innhold

Det kan ta fleire år før vi får ein vaksine mot coronaviruset

Overlege ser på australsk gjennombrot som eit fint, men forventa steg på ein eventuell årelang veg mot vaksinering.

A health officer measures the body temperature of a passenger arriving from China at the Julius Nyerere International Airport in Dar Es Salaam on January 29, 2020.

KONTROLL: Ei sikkerheitsvakt sjekkar temperaturen til ein passasjer som nyleg kom frå Kina ved Julius Nyerere International Airport i Tanzania på onsdag.

Foto: ERICKY BONIPHACE / AFP

Australske forskarar har som dei første utanfor Kina, isolert og dyrka fram coronaviruset, melde australske medium onsdag.

Underdirektør Mike Catton ved Peter Doherty-instituttet i Melbourne beskriv resultatet som «svært viktig» og eit mogleg gjennombrot i kampen av viruset, overfor kringkastaren ABC.

Overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet ser ikkje på isoleringa av viruset som ei overraskande nyheit.

Mike Catton og Julian Druce under Doherty instituttet sin pressekonferanse i Melbourne onsdag.

«GAME CHANGER»: Mike Catton og Julian Druce var entusiastiske over at forskingsinstituttet deira i Australia vart det første utanom Kina til å isolere coronaviruset. Dei kalla det ein «game changer».

Foto: WILLIAM WEST / AFP

– Det er ikkje noko dramatisk gjennombrot

– Det er ikkje noko dramatisk gjennombrot, dette har kinesarane gjort før og ein forventar at mange laboratorium vil gjere det etter kvart som ein del av arbeidet med å studere viruset.

Så australiarane har ikkje korta ned ventetida på ein eventuell vaksine med dette såkalla gjennombrotet?

– Det vil eg ikkje tru. Eit kvart godt laboratorium som har tilgjenge til ein pasient som er sjuk vil klare å gjere det, seier Aavitsland.

Ei vaksine vil truleg ikkje kunne stoppe utbrotet

– Normalt tar det fleire år å bringe ei vaksine frå laboratorium til allmenn bruk i befolkninga, om ein i det heile tatt lykkast med å lage ei vaksine, seier Aavitsland.

Det er så lang tid at vaksinasjon mot coronavirus ikkje inngår i planane deira for å stoppe viruset i Noreg.

Det vil ta lang tid og vaksinen vil ikkje vere til noko nytte dei første par åra, seier Aavitsland.

Les meir: Coronafrykt stoppar verdscuparrangement

Preben Aavitsland

VAKSINE KAN TA FLEIRE ÅR: Overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet fortel at det truleg vil ta fleire år å utvikle ei vaksine. Nordmenn må derfor klare seg utan den om viruset kjem til Noreg.

Foto: Kjartan Bjelland

Vil teste vaksine på menneske om tre månadar

US National Institutes of Health er blant fleire laboratorium som no jobbar med saka. Dei har mål om å byrje testing av den på menneske om tre månadar.

Aavitsland bekreftar at ein kan få ei vaksine om tre månadar, men då er det snakk om ei såkalla «eksperimentell vaksine» som må gjennom fleire testar før den vert sat i produksjon.

– Først må den prøvast ut på dyr for å sjå om den har nokon effekt, har den ikkje det må forskarane prøve igjen i tre nye månadar.

Lykkast ein med dyretestane står menneska for tur.

– Då må ein først prøve den på nokon få menneske og etter det på fleire menneske.

– Det vil ta fleire månadar, og kanskje fleire år før ein har noko å tilby befolkninga, seier Aavitsland.

WUHAN: Ei jente leikar nær Yingwuzhou Yangtze-brua i Wuhan.

WUHAN: Ei jente leikar nær Yingwuzhou Yangtze-brua i Wuhan.

Foto: Arek Rataj / AP

Eit gufs frå smittevernet si forhistorie

Fleire millionar menneske er i dag nekta utreise frå byar i Kina, som følgje av myndigheitene sitt forsøk på å stoppe spreiinga av viruset.

Ein amerikansk medisinhistorisk professor skriv i New York Times at det er den største karantenen av sitt slag nokon gong.

Overlege Aavitsland er forsiktig med å slå fast kor effektiv isoleringa av byane er, sidan det er svært sjeldan i moderne tid og i så stor skala som ein no ser i Kina.

– Slike sanitærkorridorar rundt byar er eit uprøvd tiltak i våre dagar, det var slikt ein dreiv med mot kolera og pest i gamle dagar, seier Aavitsland.

Han fortel at smittevern i stor grad handlar om veging av individuell fridom og samfunnet sitt behov for å beskytte seg mot smitten.

– Det vi veit er at slike sanitærkorridorar vert oppfatta som veldig skremmande av folk på innsida og at det avgrensar deira fridom. Det øydelegg for mykje av samfunnet, sidan bedrifter og handel går i stå når byar blir stengt på denne måten, seier Aavitsland.

Han understrekar at det skal svært mykje til for at myndigheiter vel å isolere byar i vestlege land.

– Skulle vi ha gjort noko liknande i eit vestleg demokrati så måtte det ha vore ein ordentleg trussel og riktige haldepunkt for at isolering fungerer, seier han.

Er dette ein overreaksjon frå kinesiske myndigheiter?

– Det er vanskeleg å seie noko om det kinesiske myndigheiter har gjort, sidan dei visste lite om sjukdommen då dei gjorde det, seier Aavitsland og følgjer opp:

Men eg synest nok det er eit tiltak som verkar ganske dramatisk i lys av det vi no veit om viruset.

AKTUELT NÅ