Hopp til innhold

Korona: Ny risikovurdering måndag kan gi heilt andre tal

Fleire legar fryktar at norske sjukehus ikkje kan handtere eit alvorleg korona-utbrot. Ei heilt ny risikovurdering kan gi eit meir dramatisk bilete av situasjonen.

Preben Aavitsland

UTFORDRANDE: Måndag får tilsette ved intensivavdelingane i Noreg den første vurderinga av intensivbehovet ved eit stort utbrot av koronaviruset her i landet. Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet trur det blir ein vanskeleg situasjon for mange sjukehus.

Foto: epidemi.as

Klokka 10 måndag morgon skal legar og helsefolk frå heile landet møtast til eit nettseminar. Der får dei blant anna ei ny risikovurdering av koronaviruset.

Vurderinga vil vere meir alvorleg enn den som ligg der i dag. Dei opphavlege tala frå Folkehelseinstituttet bygger på smittespreiing frå vanleg influensa, som er mildare enn korona.

Den nye risikovurderinga vil byggje på tala for korona-viruset, som er nesten dobbelt så smittsamt. I tillegg er det fleire som utviklar alvorlege symptom.

I slutten av februar sa Helsedirektoratet at opp mot kvar fjerde nordmann kunne bli smitta av koronaviruset Covid-19.

Få intensivplassar

Til no har Folkehelseinstituttet brukt tal for pandemisk influensa fordi dei ikkje har hatt nok informasjon om koronaviruset. Dei viser at opp mot 280.000 ekstra personar vil ta kontakt med helsetenestene på grunn av sjukdom, og at ein ville trenge mellom 1400 og 2800 intensivplassar.

Det er langt fleire enn vi har i dag.

Fleire legar fryktar at det ikkje er plass til alle pasientane dersom viruset spreiar seg raskt.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Ny risikovurdering

På det nettbaserte møtet for tilsette ved intensivavdelingane i Noreg måndag, kjem det for første gong også ein eigen modell for korona.

Overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet ønsker ikkje å kommentere innhaldet i planscenarioet, men seier til NRK at det er snakk om heilt andre tal enn det vi har sett tidlegare.

– Dette blir ein utfordrande situasjon for norske sjukehus. Det har vi peika på mange gonger. Det er det vi kan seie så langt.

Søndag ettermiddag stadfesta Folkehelseinstituttet at 169 personar i Noreg har testa positivt for viruset så langt.

Områdedirektør Geir Bukholm understrekar at dei som er smitta i all hovudsak er nordmenn som har vore på ferie i utlandet, og at dei difor har god kontroll. Han er ikkje umiddelbart uroa for ressurssituasjonen ved norske sjukehus.

– Foreløpig har vi ingen indikasjonar på at det er ei underliggande spreiing av smitte i samfunnet, seier han.

– Eitt steg unna kollaps

Italia er landet som er hardast ramma i Europa så langt. Der har styresmaktene valt å stenge dei nordlege regionane i landet. No er kvar fjerde italienar i virus-karantene.

Norske helsestyresmakter har også innført fjorten dagar karantene for alle nordmenn som har vore i desse områda.

Også i Italia har dei utfordringar når det gjeld intensivplassar. Berre i Lombardia-regionen reknar ein med at rundt 18.000 personar kan vere sjuke av viruset i slutten av mars.

3000 av desse kjem truleg til å trenge behandling i respirator. Situasjonen er kritisk, seier Antonio Pesenti i krisestaben i Lombardia til avisa Corriere della Sera.

– No er vi tvungne til å drive intensivbehandling i korridorar, operasjonsstuer og restitusjonsrom. Vi har teke i bruk heile avdelingar for å gi plass til alvorleg sjuke. Eitt av verdas beste helsevesen er eitt steg unna kollaps.

regioner-italia

Behandling lokalt

Anestesilege Jon Henrik Laake ved Rikshospitalet har følgd den alvorlege situasjonen i Italia. Han trur det blir utfordrande om vi skulle oppleve noko likande i Noreg.

– Dersom vi får ein slik situasjon blir det beintøffe arbeidsveker framover. Det er ikkje noko ein ser veldig fram til. Det vil tvinge oss til å organisere verksemda på ein annan måte enn vi er vande med.

Jon Henrik Laake

Dersom det blir eit masseutbrot av korona i Noreg, må folk vere forberedt på å bli behandla lokalt, seier anestesilege Jon Henrik Laake ved Rikshospitalet til NRK.

Foto: Privat

Dersom det skulle bli eit stort og alvorleg utbrot i Noreg, seier Laake det er viktig at alle forstår at behandlingane først og fremst må skje lokalt.

– Alle kan ikkje bli sende til Rikshospitalet. Førsteklassereiser i medisinen løyser ikkje problemet ved ei massetilstrøyming. Då må vi akseptere å reise på turistklasse alle saman. Det kan du gjere like godt på eit lokalt sjukehus som eit stort sjukehus, gitt at samfunnet gir tillit til det.

Ein ekstrem situasjon kan føre til at legar og anna helsepersonell må gjere vanskelege val om kven som skal få hjelp, seier han.

– I Italia har dei byrja å diskutere retningslinjer for å rasjonere tilgangen på ressursar. Den italienske anestesilegeforeininga har sett opp 15 punkt for å prioritere kven som skal få tilgjengelege plassar. Eg håper vi ikkje kjem dit, seier han.

Kartlegging i Noreg

Det er ikkje sikkert at Noreg får det same forløpet som i Italia. Hittil er det 169 stadfesta smittetilfelle i Noreg. Etter det Folkehelseinstituttet kjenner til er det ingen av dei smitta alvorleg sjuke.

Helsestyresmaktene forbereder seg også på at det kan kome alvorlege tilfelle også her til lands. Helsedirektoratet har difor bede helseføretaka gi tilbakemeldingar om korleis dei tenker å møte dette.

– Vi har ein fast kapasitet på rundt 450 til 500 plassar i dag. Det vi har fått tilbakemeldingar om er at vi i ein ekstrem situasjon kan lage løysingar som gjer at ein kan få opp 2,5 gongar dette talet, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NRK.

Helsedirektør Bjørn Guldvog

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner det kan bli ei utfordring for norske sjukehus dersom det skulle kome eit masseutbrot av korona som fører til at eit stort talet på pasientar treng intensivbehandling over eit kort tidsrom.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Blant tiltaka nemner han å ta i bruk lokale som ikkje er optimale for intensivbehandling, men som kan nyttast i ein ekstrem fase. Men for å unngå at vi kjem i ein slik situasjon, er ein avhengig av å ha kontroll på spreiinga av viruset.

– Dersom vi får alle pasientane over eit veldig kort tidsrom, må vi ha ei hardare prioritering på intensivplassane. Dersom alle bidreg til å halde smittepresset nede, vil det flate ut kurva over smitta. Det gjer det mogleg for oss å behandle både dei som har koronasjukdom og dei som har annan sjukdom, seier han.

AKTUELT NÅ