Hopp til innhold

Kvar fjerde italienar i virus-karantene

Siste døgnet har talet på menneske med koronasmitte stige med 25 prosent i Italia, og landet er no den staden i verda der flest menneske er smitta av koronaviruset utanfor Kina.

Katedralen i Milano.

Duene rår grunnen åleine på Piazza del Duomo i Milano. Denne plassen er vanlegvis full av menneske, både turistar og fastbuande.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters

Søndag ettermiddag er talet på døde i Italia oppe i 366, samstundes som det er registrert 7375 smittetilfelle. Det er ein auke på 25 prosent sidan laurdag.

Søndag vart det meste av det nordlege Italia stengt av. Statsminister Giuseppe Conte godkjende dei nye restriksjonane natt til søndag godkjente tiltaka, som blant anna inneber at Lombardia i stor grad avstengt.

Italias statsminster Giuseppe Conte.

Italias statsminister Giuseppe Conte godkjende natt til søndag dei nye omfattande tiltaka regjeringa håpar skal hindre ytterlegare spreiing av koronaviruset.

Foto: Andrew Medichini / AP

Resultatet av restriksjonane er halvtomme jernbanestasjonar og nesten folketomme gater, spesielt i nord. Styresmaktene er første og fremst uroa for om helsesektoren maktar trykket, og om det er nok sjukehussenger i Nord-Italia.

15 millionar er ramma

Finanshovudstaden Milano ligg i Lombardia, ein region med 10 millionar innbyggjarar. Det blir forbode for innbyggjarane i regionen å reise ut, og det blir forbode for folk utanfrå å reise inn. Til saman 15 millionar menneske i Italia er ramma av restriksjonane, som skal vare i minst ein månad framover.

Dei same reglane vil gjelde for 14 provinsar i fire andre italienske regionar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Det gjeld blant anna Modena, Parma, Piacenza, Reggio Emilia og Rimini i regionen Emilia-Romagna. Vidare Venezia, Padova og Treviso i Veneto-regionen.

I tillegg gjeld det også Asti og Alessandria i Piemonte, og provinsane Pesaro og Urbino i Marche-regionen.

For turistbyen Venezia er situasjonen svært alvorleg. Byen er heilt avhengig av inntektene frå turistindustrien, og når dei tilreisande blir borte, så er det mange som får problem.

Unntakstilstand

Dei nye tiltaka betyr at det er unntakstilstand i store delar av Italia nord for Roma.

Det er registrert smittetilfelle i alle dei 20 regionane i Italia, og det er registrert dødsfall også i Sør-Italia.

Museum, kinoar, teater, kasino, nattklubbar og andre underhaldningsstader over heile landet er også stengde for å hindre ytterlegare spreiing av koronaviruset, kjem det fram av føresegna som statsminister Conte signerte søndag morgon.

Alle fotballkampar i Serie A gjekk for tomme tribunar søndag ettermiddag.

Styresmaktene har allereie stengt skular og universitet over heile landet. Ifølge dekretet som er publisert på den italienske regjeringa si heimeside, skal restaurantar og barar få halde opent så lenge dei sørgjer for at gjestane held ein avstand på ein meter frå kvarandre.

Klarar dei ikkje det, må dei stengje.

Verst utanfor Kina

Italia er det landet i Europa som er hardast ramma av korona-epidemien. Berre dei to siste døgna er det registrert fleire tusen nye tilfelle av sjukdomen.

Snittalderen på dei som har døydd av viruset er 81 år, og 80 prosent av dei hadde minst to andre underliggjande sjukdomar.

622 av dei smitta har blitt heilt friske. Talet i laurdag var 567.

Italy Virus Outbreak

Helsearbeidarar i vernedrakter ber ei kiste med ei eldre kvinne som døydde av koronaviruset i Laigueglia nord i Italia sist veke.

Foto: AP

Blant tiltaka som er sette i verk er at helsearbeidarar må utsetje ferien sin. Alle bryllaup, gravferder og andre samlingar må utsetjast. Det blir heller ikkje lov å gjennomføre sportsarrangement i dei ramma områda.

Stengjer skular

Alle skular og universitet blir haldne stengde i Lombardia til minst 3. april. I resten av landet må alle skular haldast stengde til 15. mars, ifølgje Reuters. Dei som kan det, blir bedne om å jobbe heimanfrå.

Kafear og restaurantar kan halde opne så lenge dei kan garantere at det er minst ein meter mellom kvar gjest.

Sjukdomsutbrotet har kosta 3400 menneske livet over heile verda, og det er registrert i over 90 land.

Utanriksdepartementet i Noreg opplyser at dei følgjer situasjonen i Italia nøye, men at det ikkje er planar om å hente norske borgarar heim frå landet.

regioner-italia

AKTUELT NÅ