Hopp til innhold

Flygeleiar-oppgjeret til mekling

Arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter stadfestar at det går mot mekling i oppgjeret med Norsk Flygelederforening.

Flygeleder

Det er igjen fare for streik blant flygeleiarane. Lønnsoppgjeret går no til Riksmeklaren.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

– Vi har tilbode flygeleiarane eit oppgjer tilsvarande det dei LO-organiserte i Avinor har godteke. Dette er avvist av flygeleiarane, seier forhandlingsleiar for Spekter , Anne-Kari Bratten til NRK.no. Ho seier det er stor avstand mellom partane.

Anne-Kari Bratten er forhandlingsleiar for Spekter.

Det er stor avstand mellom partane, seier forhandlingsleiar Anne-Kari Bratten i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.

Foto: Spekter

Leiar i Norsk flygelederforening , Robert Gjønnes, vil ikkje kommentere brotet i forhandlingane overfor NRK.

Oppgjeret til mekling

Det var i ettermiddag eit møte mellom flygeleiarane og Spekter for å sjå om det var mogleg å få til ein frivillig avtale. Dette lukkast ikkje, og Anne-Kari Bratten seier at flygeleiarane gav uttrykk for at dei no vil gå til plassoppseiing.

Dette betyr at saka går vidare til Riksmeklaren , og det tek normalt to veker før meklinga kjem i gang. Det er likevel mogleg å kome i gang med meklinga tidlegare, seier Bratten.

Dersom partane ikkje blir samde om ein avtale gjennom frivillig mekling, kan det bli streik blant flygeleiarane. Dermed kan det bli nytt kaos i flytrafikken når ferietrafikken startar for fullt seinare denne månaden.

Forseinkingar i flytrafikken

Det har den siste tida vore ein del sjukdom blant flygeleiarane på kontrollsentralen i Røyken i Buskerud, noko som har ført til ein del forseinkingar i flytrafikken. Seinast i dag var det ein del mindre forseinkingar til og frå Oslo Lufthamn Gardermoen.

Det gjekk spesielt ut over trafikken mellom Gardermoen og flyplassane på Vestlandet frå Haugesund i sør til Molde i nord. Det er venta at bemanninga på kontrollsentralen vil vere normal frå klokka 19.

Forhandlingsleiar Anne-Kari Bratten i Spekter seier at dei ikkje har fått indikasjonar på at dette har ein samanheng med lønnsoppgjeret. Ho reknar med at flygeleiarane er så profesjonelle at dei held seg til spelereglane.

LES OGSÅ: LO-leder Roar Flåthen: Streiker kunne vært unngått

LES OGSÅ: Stoltenberg kaller inn alle partene i lønnsoppgjøret til møte

AKTUELT NÅ