Hopp til innhold

Flybransjen ber om 6 til 8 milliardar kroner i statleg garanti for å kome seg gjennom koronakrisa

Fleire sentrale aktørar i flybransjen skriv i eit brev som NRK har fått tilgang til at dei i første omgang vil ha 6 til 8 milliardar kroner i garanti frå regjeringa slik at flyselskapa skal kome seg gjennom koronakrisa.

Fly på Oslo lufthavn

MÅ HA RASK HJELP: Norwegian har fleire gongar spurt om hjelp frå norske myndigheiter til å handtere koronakrisa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Fleire sentrale aktørar skriv i eit brev som NRK har fått tilgang til at dei i den første økonomiske krisepakken frå regjeringa vil trengje 6 til 8 milliardar kroner i garanti frå regjeringa for at flyselskapa skal kome seg gjennom koronakrisa.

Dei understrekar at det kan bli behov for meir pengar om situasjonen held fram som i dag.

Politikarane i finanskomiteen på Stortinget skal behandle saka onsdag kveld.

– Det hastar no

Det er NHO luftfart, Norsk Flygerforbund og Kabinansattes Forbund som har sendt inn kravet om statleg garanti.

LO-forbunda tilhøyrer LO-Luftfart, som samla sett med sine 8000 medlemmer er den største fagforeininga innan luftfart.

– Partane er einige i at det må gjerast noko, og det må gjerast noko no, og i dette brevet har vi heilt konkret lagt fram eit foreløpig beløp som kan roe usikkerheita rundt norsk luftfart, og som kan sikre oss at vi kjem oss gjennom denne krisa, seier leiar i Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.

– Vi ser i heile Europa ei akuttkrise for flyselskapa når det kjem til pengar, heile inntektsstraumen har stoppa opp for ein svært kapitalkrevjande industri, dette er ein industri som leverer heilt nødvendig infrastruktur for Noreg og Europa, følgjer han opp.

– Regjeringa må kome med konkrete tiltak for det hastar no, understrekar Carlsen.

Administrerande direktør, Torbjørn Lothe i NHO luftfart, har følgjande kommentar til brevet:

– Poenget er at ein kjem i gang med ein garanti eller ein kredittfasilitet så raskt som råd. Varar dette over sommaren, så treng vi i alle fall ein slik sum.

Nina Nordheim Pedersen, leiar i Kabinansattes Forbund, kommenterer følgjande:

– Vi brukar no trepartssamarbeidet aktivt for å få på plass ein nødvendig krisepakke for luftfarten, og vi har store forventningar til at partia vil lytte til partane sitt felles innspel.

I brevet ramsar dei opp fleire krav, mellom anna:

"(At) det vert etablert ein senior statleg trekkfasilitet/statleg garanti for luftfartsselskap på inntil 6–8 mrd. kroner i første omgang»

Regjeringa stilte ikkje opp til intervju i denne saken.

Norwegian skal stå for størsteparten av pengekravet

Etter det NRK erfarer er det Norwegian som står for den største delen av kapitalbehovet.

– Det som er viktig for oss er at vi får den same typen tiltak som andre flyselskap har fått i sine land slik at vi kjem oss over kneika. seier Anne Sissel Skålevik, konserndirektør for kommunikasjon i Norwegian til NRK onsdag ettermiddag.

Flyselskapet meiner det og er viktig å verne om dei internasjonale rutene dei flyr i dag.

– Den internasjonale verksemder til Norwegian er kjempeviktig for landet, det er viktig at vi kan frakte reisande inn til landet med tanke på verdiskapinga dei utgjer, seier Skålevik.

Vil sikre arbeidsplassar og infrastruktur

Parat Luftfart som representerer 6000 tilsette i luftfartsbransjen møtte onsdag statsministeren for leggje fram ein kravliste om støttetiltak for bransjen, som er hardt råka av tiltaka mot det nye koronaviruset.

Parat ønskjer enno ikkje å seie til NRK kor mykje pengar dei meiner den første krisepakken bør innehalde.

Dei har ikkje skrive under på kravet frå NHO luftfart og dei to fagforeininga frå LO (Norsk Flygerforbund og Kabinansattes Forbund).

Parat-leiar Unn Kristin Olsen seier at fagforeininga først og fremst er opptatt av å sikre arbeidsplassar og flyruter internt i Noreg.

– Det som er viktig for oss i parat er at regjeringa må ta eit ansvar for å trygge norsk luftfart si framtid, vi har sagt at pakken som regjeringa kom med ikkje passar for vår bransje, vi treng umiddelbar tilføring av likviditet (pengar), vi er avhengig av luftfarten for distrikta og infrastrukturen i Noreg. Vi ønskjer å sikre arbeidsplassar og infrastrukturen og ikkje aksjonærane sine pengar, seier Parat-leder Unn Kristin Olsen

Norwegian vil ha hjelp så raskt som råd

Sas fekk tysdag ein redningspakke frå svenske og danske myndigheiter i form av tre milliardar kroner i lånegaranti.

Norwegian skreiv i går i ei børsmelding at dei kansellerer 85 prosent av flygingane sine og at 90 prosent av dei tilsette vert permittert.

Same dag oppfordra konsernleiaren i flyselskapet, Jacob Schram norske myndigheiter om å redde Norwegian så raskt som råd.

– Norwegian er eit norsk selskap som trenger tilsvarande hjelp frå norske styresmakter for å kunne trygge norske arbeidsplassar, infrastruktur og verdiskaping, sa han.

Aksjen har stige kraftig dei siste dagane

To timar etter opninga av Oslo Børs på onsdag gjekk børsen ned rett under to prosent. Men Norwegian gjekk mot straumen.

Litt over ein time etter opning hadde aksjen til flyselskapet stige med hele 32 prosent. Dei held fram med same ferda som i går, då aksjekursen steg med 22 prosent.

Det er stor uvisse rundt bevegelsane til flyselskapet, uttaler analytikar i Danske Bank, Martin Stenshall, i ein kort kommentar til NRK.

Selskapet har med dagens oppgang henta inn det veldige børsfallet frå den siste veka. Det er knytt mykje spenning til om norske styresmakter vil hjelpe Norwegian, etter at SAS fekk økonomisk hjelp frå svenske og danske styresmakter i går.

Bastholm åtvarar mot krisepakke for Norwegian

Une Bastholm, politisk talsperson i MDG meiner Norwegian sin forretningsmodell er for risikabel.

Ho understrekar at MDG ikkje er mot ein krisepakke for luftfart, men at dei ønskjer å åtvare mot særskilde tiltak for Norwegian

– Vi åtvarar mot ein hjelpepakke til Norwegian. Vi bør ikkje kompensere tapet, Norwegian har ein for risikabel forretningsmodell, seier ho.

Bastholm meiner det vil ta mange år før marknaden for flyging ver som før.

– Det er sjølvsagt eit dilemma at staten har behov for tilgang til god infrastruktur. Balansegangen er å få til det, men ikkje belønne eigarar som har tatt høg risiko. Det har Norwegian gjort, seier ho.

Vedum vil kutte avgifter

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum meiner det er viktig at Stortinget sikrar luftfartsbransjen gjennom koronakrisa.

– Luftfart er avgjerande viktig for eit land som Noreg, vi klarar oss ikkje utan. Det bindar Noreg saman med kortbanenettet og Noreg og resten av verda gjennom hovedflyplassane.

Han meiner kutt i avgifter er svært viktig for å hjelpe bransjen.

– Senterpartiet sitt mål er å gjere klare grep innan avgifter og det trur eg og dei andre partia ønskjer, avgiftspolitikken har ramma bransjen hardt dei siste åra, seier Trygve Slagsvold Vedum.

AKTUELT NÅ