Hopp til innhold

Nattlege forhandlingar om nye krisetiltak

Forhandlarane frå finanskomiteen på Stortinget tok natta i bruk for å bli einige om nye økonomiske krisetiltak. Men dei treng torsdag morgon for å kome heilt i mål. Kommunar, sjukehus og Nav er sikra kriseinntekter.

Hadia Tajik kommenterer forhandlingsinnspurten i Stortinget om del to av den økonomiske korona-tiltakspakka.

Hadia Tajik kommenterer forhandlingsinnspurten i Stortinget om del to av den økonomiske korona-tiltakspakka.

Dei største opposisjonspartia og regjeringspartia har forhandla med kvarandre heile onsdag kveld. Då dei gjekk frå kvarandre i 00:30-tida gjensto det fortsatt litt før neste del av den økonomiske krisepakka var i mål. Finanskomiteen møtest igjen klokka 9 torsdag morgon for å kome seg heilt i mål.

Vil garantere mot budsjettsmell

Etter det NRK forstår gjenstår det blant anna diskusjonar om korleis politikarane kan hjelpe luftfartsbransjen. Målet med forhandlingane er også å gje meir hjelp til næringslivet og studentane.

Men det som verkar sikkert er at partia går saman om å sikre Nav, sjukehusa og kommunane mot å gå på saftige budsjettsmellar som følgje av koronakrisa.

To ulike forhandlingskjelder fortel til NRK at målet er at dei skal «sleppe å sitje og tenke budsjett» i Nav, kommunar og sjukehus når dei møter tidenes utfordring med koronakrisa. Staten skal ta rekninga.

Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Hadia Tajik går også langt i å stadfeste at dette er på plass no.

– Det er ei tverrpolitisk semje om at dei som står i førstelinja og handterer denne ekstreme situasjonen for landet - i kommunane, helsevesenet og Nav - skal få dei pengane dei treng for å handtere dette, sa Tajik til NRK ved eitt-tida i natt.

Ikkje like samstemte som sist

Den politiske avtalen som snart er i mål, er andre forhandlingskapitlet av dei økonomiske krisetiltaka som vart lagt fram av regjeringa fredag.

Gjennom førre helg forhandla opposisjonspartia på Stortinget inn ei rekke forbetringar for arbeidstakarar, bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande. Men både opposisjon og regjeringsparti var einige til slutt og mandag morgon presenterte dei ein einstemmig avtale.

Mandag var det semje frå Raudt til Frp. Denne gongen har det ikkje vore like samstemt politisk korsong. Raudt og MdG har blant anna ikkje vore med på forhandlingane.

Krangel om utbytte

I tillegg veit NRK veit at det har vore vanskelege diskusjonar om utbytte. Partia på venstresida har teke til orde for at det må vere forbode å betale ut utbytte til aksjonærar for selskap som mottek statleg krisehjelp.

Frp har sett seg mot dette i forhandlingane og meint at det berre er symbolpolitikk.

– Det har vore ein av dei tinga vi har diskutert, korleis vi skal ramme inn dette med utbytte, stadfestar Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK i natt.

Det skal kome fleire tiltak på skatte- og avgiftssida som betrar vilkåra for bedriftene, men NRK er ikkje kjent med detaljane.

I regjeringa sitt forslag frå fredag la dei blant anna opp til at bedriftene kunne tilbakeføre underskot og utsetje innbetalinga av formuesskatten.

Trygve Slagsvold Vedum på Stortinget

Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Trond Stenersen / NRK

Studentnøtt

I det politiske ordskiftet har SV og Raudt teke til orde for at studentar skal kunne få dagpengar.

Studentar som har deltidsjobb ved sida av, har nemleg støtt på problem etter at store delar av Noreg stengde ned.

Personar som har blitt permitterte frå deltidsjobben og som samtidig mottek støtte frå Lånekassa, har ikkje krav på dagpengar frå Nav.

Men etter det NRK forstår har det blitt sett på som umogleg å gje studentar dagpengar gjennom Nav - rett og slett fordi presset på Nav no er enormt.

Det skal likevel ligge an til at det kjem ei anna type ordning gjennom lånekassa som hjelper også studentar økonomisk gjennom koronakrisa.

Luftfarta vil ha lånegarantiar og avgiftskutt

Arbeidsgjevarsida og deler av arbeidstakarsida i luftfarta har i brevs form til regjeringa og Stortinget gitt uttrykk for kva som må til for at flyselskapa skal halde seg på vingane. Blant anna:

  • Samtlege avgifter må bli fjerna med tilbakeverkande kraft frå 1. januar i år
  • Styresmaktene må stille garantiar for å sikre tillit til bransjen i kapitalmarknaden
  • Det må bli etablert ei låneordning for å handtere akutte likviditetsproblem

Ut frå opplysningar NRK har fått frå forhandlingane, er det stort sett det som skjer på avgiftssida som har vore eit forhandlingstema i Stortinget. Det vil seie flypassasjeravgifta, Avinor- og lufthavnsavgifter og CO2-avgifta.

– Det er mest avgiftspolitikken vi har diskutert her, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

– Vi satte ned momsen på transporttenester tidlegare i veka, så har vi diskutert avgiftsgrep for lufttransporten vidare. Vi får sjå om vi finn gode, felles løysingar før Stortinget samlar seg klokka 10.

Det var ikkje konkludert på luftfartsområdet då partane gjekk frå kvarandre natt til torsdag, og temaet blir teke opp att i morgontimane. Den typen lånegarantiar som SAS har fått i Danmark og Sverige har ikkje vore direkte tema i stortingsforhandlingane.

AKTUELT NÅ