Stortinget la fram ny krisepakke

Forhandlarane frå finanskomiteen på Stortinget tok natta i bruk for å bli einige om nye økonomiske krisetiltak.

uzfvjishCPI

Medlemmar av Stortinget sin finanskomité på pressekonferansen om krisetiltak i samband med koronakrisa på torsdag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB SCANPIX

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Torsdag klokka 10 heldt politikarar frå finanskomiteen på Stortinget pressekonferanse om del to av den økonomiske korona-tiltakspakka.

Dette har Stortinget blitt einige om

  • Arbeidsgjevaravgifta vert senka med 4 prosentpoeng i to månader.
  • Nav, kommunar og helsevesenet skal bli økonomisk kompenserte for ekstrakostnadar som følgje av pandemien.
  • Regjeringa kjem tilbake med ei midlertidig ordning gjennom Lånekassen for studentar som opplever å miste inntekter som følgje av korona-pandemien så raskt som mogleg.
  • Regjeringa skal komme tilbake med forslag som kan sikre reduserte takstar på riksvegsferjer for ein avgrensa periode.
  • Nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal bli gjort tilgjengeleg.
  • Det vert etablert ei kompensasjonsordning for bortfall av inntekter med 300 millionar til kultursektoren og 600 millionar til idretten og den frivillige innsatsen.
  • Regjeringa verdt bedt om å sikre at forskyving av inntekt, og dermed midlertidig inntektsauke, som følgje av dei midlertidige korona-tiltaka ikkje går til frådrag i bustøtta, og å umiddelbart fremje eventuelle forslag som er nødvendig for å sikre det. Bustønad som er utbetalt i påvente av seinare yting, må og bli avgrensa mot seinare utbetalingar.
  • Stortinget er villig til å bruke 40 millionar kroner i månaden for å sikre dei såkalla FOT-rutene, som hovudsakleg består av Widerøe sine flygingar.

Regjeringa held pressekonferanse på fredag om korleis dei vil gjennomføre tiltaka.

Vil sikre innanlands flytrafikk

Hadia Tajik (Ap) opna konferansen med å takke alle i Finanskomiteen for godt samarbeid. Ho seier at dette handlar om å sikre folk flest sin kvardag.

Svein Harberg, Parlamentarisk nestleiar i Høgre, var neste politikar på talarstolen. Han har tatt over forhandlingane for Høgre fordi finanskomiteen sin leiar Mudassar Kapur er i karantene.

Harberg seier at dette ikkje skal bli noko utbyttefest for næringslivet.

Sylvi Listhaug var andre kvinne på talarstolen. Ho understreka at det først og fremst er Widerøe som bør å økonomisk støtte av flyselskapa, i opinionen sine auge.

– I det alt vesentlege er det Widerøe som skal få kompensasjon, seier Sylvi Listhaug.

Når det kjem til å gje regjeringa rettigheiter til å innføre nasjonalt eigarskap i viktige norske bedrifter, seier Trygve Slagsvold Vedum at Sp, Ap, SV og Frp har gått saman for å sikre dette.

Han seier at Stortinget er villig til å bruke 40 millionar kroner i månaden for å sikre dei såkalla FOT-rutene, som hovudsakleg består av Widerøe sine flygingar.

– FOT-rutene vil koste cirka 40 millionar i månaden, men dette må vi gjere for å sikre at desse viktige flyrutene som knytter landet vårt saman overlever, seier han.

– Vi er heilt einige om hovedpunkta, og så er det nokre småting og nokre større ting som regjeringspartia i større grad må detaljstyre, men eg opplever at regjeringa og i stor grad er einig i desse punkta, følgjer han opp.

Skal ha vore ueinige om flybransjen sin redningspakke

Stortinget skal ha vore ueinige om korleis redningspakken for flybransjen skal vere under forhandlinga i natt.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) hadde følgjande å seie til NRK før pressekonferansen:

– Vi har jobba med flybransjen hele tida, fordi det er kjempeviktig at vi har ei oppegåande luftfart frå Finnmark i nord til Agder i sør. Spesielt på innanriksfarten er norsk helsevesen helt avhengige av det, så eg håper vi klarer å få på plass noko fleire gode punkt.

– Reddar de Norwegian no?

– Stortinget driver ikkje med enkeltselskap, og vi er ikkje utøvande myndigheit, så det vi driver med er de generelle rammevilkåra. Kva kan vi gjere betre, slik at vi sikrar norsk luftfart.

Skal vere einige om det meste

Etter det NRK kjenner til skal det vere brei einighet på stortinget om å sikre Nav, sjukehusa og kommunane mot å gå på saftige budsjettsmellar som følgje av koronakrisa.

To ulike forhandlingskjelder har fortalt til NRK at målet er at dei skal «sleppe å sitje og tenke budsjett» i Nav, kommunar og sjukehus når dei møter tidenes utfordring med koronakrisa. Staten skal ta rekninga.

Usemje om utbytte for flyselskap

Fleire sentrale aktørar i flybransjen kravde i går 6 til 8 milliardar kroner i garanti frå regjeringa slik at flyselskapa skal kome seg gjennom koronakrisa.

Etter det NRK kjenner til skal Regjeringa og Frp ha vore einige om at selskap som mottar krisehjelp skal vise moderasjon i utbetalingar av utbytte og bonusar.

Ap og Sp skal ønskt seg ein strammare praksis: ikkje utbytte til selskap som mottar krisehjelp med nokre unntak.

Sv og Raudt skal ha ønskt enda strengare reglar enn Ap og Sp for å hindre at eigarane av flyselskapa tar ut pengar frå selskapa når dei får krisehjelp.

Partia skal ha vore meir ueinige enn førre gong

Den politiske avtalen som vart presentert torsdag er det andre forhandlingskapittelet av dei økonomiske krisetiltaka som vart lagde fram av regjeringa fredag.

Gjennom førre helg forhandla opposisjonspartia på Stortinget inn ei rekke forbetringar for arbeidstakarar, bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande. Men både opposisjon og regjeringsparti var einige til slutt og måndag morgon presenterte dei ein samrøystes avtale.

Måndag var det semje frå Raudt til Frp. Denne gongen har det ikkje vore like samstemt politisk korsong. Raudt og MDG har blant anna ikkje vore med på forhandlingane.

Status Norge

Sist oppdatert: 06.04.2020
5758
Smittet
313
Innlagt
75
Døde

SISTE NYTT

Siste meldinger