Hopp til innhold

Filming, mystiske anrop, og dataangrep. Norske uigurar føler seg aldri heilt frie

Uigurar i Noreg fortel om hendingar som skaper frykt og uro. Dei meiner det er Kina som påverkar deira norske kvardag. Kina avviser skuldingane.

Adiljan Abdurihim og Muetter Iliqud i Den norske Uighurkomiteen

Muetter Iliqud og Adiljan Abdurihim merker nesten kvar einaste veke at det er nokon som følger med på dei.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Eg opplever stadig dataangrep. Ja, nesten kvar dag, eigentleg, fortel Muetter Iliqud.

«New Log Ins Detected» står det på mobilen hennar når ho bruker Telegram - ein applikasjon ho bruker for å sende meldingar.

Ho veit ikkje akkurat kven det er som forsøker å logge seg på, men ho kjenner seg sikker på at dei jobbar for den kinesiske stat.

Og det er ikkje det einaste som Kina gjer for å vise at dei følger med på ho og andre uigurar, hevdar Iliqud.

– Likar ikkje motstand

NRK fortalde nyleg om norsk-eritrearar som var skuffa over at den norske regjeringa ikkje hadde følgt opp rapporten Press og Kontroll.

Rapporten forklarer korleis enkelte innvandrargrupper blir pressa, kontrollert eller overvaka av utanlandske regime. Uigurar frå Øst-Turkestan, eller Xinjiang-provinsen, som Kina kallar den, er også ei gruppe som er omtalt i rapporten.

NRK møter to norsk-uigurar utanfor Utanriksdepartementet, der dei nettopp har vore i eit møte. Muetter Iliqud og Adiljan Abdurihim er sentrale i Den norske uighurkomité, og heller ikkje dei har merka endring til det betre sidan rapporten kom i fjor.

Adiljan Abdurihim og Muetter Iliqud i Den norske Uighurkomiteen

Dei ønsker at Noreg skal bli meir tydelege i kritikken av Kina.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Men dei ser ikkje bort frå at norske styresmakter jobbar i det stille med å forsøke å stanse forfølging av uigurar og andre innvandrargrupper.

– Kvifor er Kina så opptatt av dykk?

– Dei likar ikkje nokon form for motstand. Me lever i eit demokratisk land med fridom til å seie kva me vil og vere ei stemme for dei som dagleg opplever undertrykking i Øst-Turkestan. Men Kina vil ikkje at dei stemmene skal bli høyrde, seier Iliqud.

LES OGSÅ: Forfølgde flyktningar skuffa over regjeringa

Kina har ein heilt annan oppfatning

Før dei to uigurane fortel vidare om korleis dei meiner Kina driv med press og kontroll av uigurar i Noreg, så skal det seiast at den kinesiske ambassaden har ein annan versjon om det meste som Iliqud og Abdurihim seier.

I ein e-post til NRK oppmodar ambassaden til at alle ulovlege hendingar vert melde til norsk politi, og dei tilbyr seg å hjelpe norsk politi om det er bruk for assistanse frå Kina.

Dei legg til at alle skuldingar bør vere godt dokumenterte, fordi feilaktige skuldingar kan vere ærekrenkande og dermed føre til at dei som vert krenka går rettens veg.

Slik meiner dei at Kina følger med

Fleire rapportar har dei siste åra fortalt om korleis uigurar i Kina merker at Kina strammar grepet. Straffeleire, omskuleringsleire og tvangsarbeid er noko av det som er nemnt i rapportar. Kina avviser innhaldet i desse rapportane.

Iliqud og Abdurihim hevdar at Kina også har ulike framgangsmåtar for å vise at uigurar i Noreg vert følgt med på av kinesiske styresmakter.

Mystiske anrop på mobilen

Fleire uigurar har fått anrop der dei først høyrer ei talemelding som fortel dei at det er viktige dokument til dei som må hentast på den kinesiske ambassaden.

Dei blir bedne om å trykke 5-tasten, og vert då sett over til den kinesiske ambassaden. Der møter dei ein forvirrande samtale kor dei mellom anna vert spurt om kva dei heiter.

Uighurerkomiteen meiner det er Kina som forsøker å ringe opp uigurar i Noreg, mellom anna for å vise at ambassaden følger med på dei.

Den kinesiske ambassaden meiner derimot det er snakk om svindelforsøk, og ber om at anropa vert meldt til politiet.

Den norske uighurkomiteen har posta eit opptak av anropet på sin Twitter-profil.

Laster Twitter-innhold

Overvaking på digitale flater

Kina har stengt ned dei fleste sosiale medium som finst i Vesten. Så om uigurar vil kontakte familie og vener i heimlandet må dei bruke kommunikasjonsverktøy som Kina kan kontrollere.

Eit døme er meldingsapplikasjonen WeChat, som kan brukast for å kommunisere med folk inne i Kina. Dette kan føre til at Kina kan hente ut personleg informasjon frå samtalane på WeChat, hevdar Amnesty.

BOwI11JOELg

WeChat er fleire gonger kritisert for å sensurere kritikk mot Kina, og Amnesty meiner at appen er brukt av den kinesiske stat til å kunne kontrollere innbyggjarane.

Foto: Drew Angerer / AFP

I frykt for overvaking har mange uigurar anten mista kontakten med vener og familie, eller valt å miste kontakten med dei.

Den kinesiske ambassaden påstår at det er opp til kvar enkelt kinesisk borgar å bestemme kven dei ønskjer, eller ikkje ønskjer, å kommunisere med. Dei seier at folk i Noreg som ønsker å komme i kontakt med ein spesifikk borgar i Kina kan kontakte ambassaden, gje frå seg relevant informasjon, og få hjelp av kinesiske styresmakter til å finne ut meir.

Filming utanfor ambassaden

Den norske uighurkomiteen har av og til demonstrasjonar utanfor den kinesiske ambassaden. Der heng det fleire kamera som filmar dei som står utanfor ambassadeområdet.

Det vart kjent i fjor at Kina, og også den kinesiske mobilprodusenten Huawei, har utvikla ein programvare som kan kjenne att uigurar.

ef-HZ9W8-Kc

Den kinesiske ambassaden på Vinderen i Oslo. Her er det montert kamera som filmar mot området utanfor ambassaden der det jamleg er demonstrasjonar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Den norske uighurkomiteen likar ikkje tanken på at dei vert filma av kamera som kan registrere ansikta deira, og at ansiktet deira då kan bli loggført i kinesiske system.

Komiteen har sagt frå til Utanriksdepartementet og Datatilsynet, men den kinesiske ambassaden skriv i ein e-post til NRK at dei følger norsk lov.

Dei skriv at det er hengt opp skilt som opplyser om at området er overvaka med kamera, og at fleire ambassadar i Oslo har liknande praksis. Kina seier kameraet er montert for å gjere ambassadeområdet tryggare, mellom anna for dei tilsette ved ambassaden.

Stadige meldingar om forsøk på datainnbrot

Muetter Iliqud har fleire gonger merka at ho får opp feilmeldingar når ho bruker Telegram-applikasjonen på mobilen sin. Det står at påloggingsforsøket er mislukka.

Ho fortel at mange uigurar opplever det same. Kven som forsøker å logge seg på veit ho ikkje, men ho påstår at andre uigurar har kunne spore dei ulike IP-adressene til ei rekke ulike land.

Frykt for at familien i heimlandet kan bli straffa

Iliqud har ikkje hatt kontakt med familien sin sidan 2016. Det er forskjell på det å vere uigur i utlandet, og uigur-aktivist i utlandet.

– Då eg bestemte meg for å vere med i aktivistmiljøet, så skjønte eg at det ville sette familien min i Øst-Turkestan i fare, seier ho.

I starten av si tid som aktivist skreiv ho eit anonymt lesarinnlegg i ei norsk avis. Seinare fekk ho vite at bestemora hadde fått besøk av kinesisk politi.

Ho har fått opplyst at det var innlegget som var årsaka til besøket frå politiet, men sidan ho ikkje har kontakt med bestemora var det heller ikkje noko informasjon å hente.

TjxL2_-YmYk

Mange uigurar som er busette utanfor Kina protesterer mot det kinesiske regimet.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Ho aner ikkje korleis Kina visste at det var ho som stod bak det anonyme innlegget, og det er også det som er slitsamt: At ho meiner Kina heile tida følger med på ho.

Også andre uigurar fortel om liknande opplevingar. Ei kvinne som BBC intervjua tidlegare i år fortalde om valdtekt og tortur i kinesiske leire. To veker etterpå ringde det på mobilen. Det var systera sitt nummer som lyste på skjermen. Ho hadde ikkje fått anrop frå systera på fleire månader.

Då ho svarte var det ein politimann i den andre enden. Han minna ho på at han var saman med familien hennar, og han ville at ho skulle gje han ulike namn på folk ho kjente frå tida si i Europa.

VhN4-CzIGfY

Kina har mange soldatar i Xinjiang-provinsen, og seier dei kjempar mot terroristar i regionen.

Foto: AP

Ønsker seg eit tydelegare Noreg

Muetter Iliqud og Adiljan Abdurihim etterlyser meir handling frå Noreg.

– Vi ser ikkje at Noreg taler veldig vokalt om tvangssterilisering av kvinner, eller barn som vert separert frå foreldra sine i Øst-Turkestan, seier Abdurihim.

Han meiner Noreg utviser ein dobbeltmoral i møte med Kina, når dei både snakkar varmt om menneskerettar, og samtidig ikkje er tydelegare i kritikken av Kina.

Han oppmodar Noreg til å ta opp menneskerettssituasjonen i Øst-Turkestan/Xinjiang i Tryggingsrådet.

Utanriksdepartementet svarer i ein e-post til NRK at dette er krevjande sidan alle land som har vetorett i Tryggingsrådet, slik Kina har, kan avvise desse sakene.

Statssekretær Audun Halvorsen peiker på at Noreg likevel tek opp situasjonen i Xinjiang, og viser til at Noreg var eit av 40 land som nyleg støtta eit innlegg i FNs menneskerettsråd, der temaet var situasjonen i Xinjiang.

StutRm43lHE

Erna Solberg deltok på digitalt møte i Tryggingsrådet. Uigurar i Noreg vil gjerne at ho eller andre nordmenn tek opp menneskerettssituasjonen i Kina.

Foto: Berit Roald / NTB

Sjølv om Abdurihim ønskjer meir handling, så ser han også forbetringar frå norske styresmakter. Han peikar mellom anna til openheitslova som vart vedteken rett før sommaren.

Lova skal sørge for at norske forbrukarar får meir informasjon om korleis varene i butikken vert produsert.

– Men norske uigurar er dessverre lei av å rapportere det som skjer med dei, fordi de legger ikkje merke til nokon endring. Eg fryktar at uigurane må fortsette å leve livet med den belastninga og trakasseringa, seier Abdurihim.

– Det er viktig å vurdere om menneskerettar veg tyngre enn handel, eller om handel skal prioriterast framfor menneskerettar. Kva verdiar er det me skal stå for, spør Muetter Iliqud.

PST: Forsøker å førebyggje ulovleg aktivitet

At enkelte innvandrargrupper opplever press og kontroll frå regimet i heimlandet er eit tema som har vore oppe i Stortinget ved fleire høve. Seinast i vår, då Petter Eide i Sosialistisk Venstreparti etterlyste oppfølging av rapporten «Press og Kontroll».

Han seier til NRK at Noreg har eit stykke igjen å gå før ein kan seie at ein gjer nok for desse innvandrargruppene, og at denne type press og kontroll er noko som Noreg må ta opp dei ulike landa sine ambassadar.

I sitt svar til Stortinget seier justisminister Mæland at det er eit «svært krevjande» arbeid å undersøke denne type aktivitet, men at det likevel er viktig at all ulovleg aktivitet vert meldt til politiet.

NRK har vore i kontakt med PST, som har ansvar for å følge opp såkalla flyktningspionasje og utanlandsk aktivitet på norsk jord.

PST ønskjer ikkje å seie noko om konkrete miljø og spesifikke land, men seier på generelt grunnlag at det lenge har vore eit kjent problem at fleire land hentar informasjon om flyktningar i Noreg. Både på lovleg og ulovleg vis.

Utanriksdepartementet skriv til NRK at eventuell overvaking og press frå andre land er ulovleg i Noreg, men at det er politiet som skal følge opp eventuelle lovbrot.

Når det gjeld kameraovervaking ved ambassaden viser dei til at Datatilsynet er orientert, men at kameraovervaking ikkje er ulovleg så lenge det skjer innan gjeldande regelverk. Utanriksdepartementet seier at dei har vore i kontakt med den kinesiske ambassaden og informert om dette regelverket.

AKTUELT NÅ