Hopp til innhold

Uiguren Abduweli blei torturert i fengsel. Her møter han vakta frå fengselet han sat i

Abduweli Ayup blei torturert i ein kinesisk interneringsleir for uigurar. I fjor fekk han høve til å møta ein av torturistane. – Eg måtte gjera det for folket vårt.

Abduweli Ayup møter torturist

MED MASKE: Fengselsvakta (t.h.) torde ikkje å visa andletet sitt då han møtte Abduweli Ayup. Dei to hadde ikkje møttest tidlegare, men vakta utførte tortur i same fengselet som Ayup sat i.

Foto: Up North Film AS

– Eg blir redd kvar gong eg ser nokon i uniform. Sjølv norsk politi blir eg redd. Ikkje fordi eg trur at dei skal gjera meg noko, men fordi uniforma minner meg om grufulle ting.

Abduweli Ayup sit i stova si i Bergen saman med kona og dei to døtrene.

Han er uigur, ei muslimsk folkegruppe som held til nordvest i Kina. I fleire tiår har det blitt rapportert at gruppa blir aktivt undertrykt av kinesiske styresmakter.

– Hengde meg opp etter armane

For snart 10 år sidan vart Ayup arrestert av kinesisk politi fordi han hadde starta ein barnehage for uigur-barn.

Målet var å oppretthalda språket deira.

Det likte kinesisk politi dårleg. Halvanna år med regelmessig tortur venta han i fengselet.

– Dei hengde meg opp etter armane. Slo meg og kasta vatn på meg dersom eg svima av. Dei ville bryta meg ned og latterleggjera meg, fortel han til NRK.

Abduweli Ayup

Abduweli Ayup bur no i Bergen og jobbar for å få merksemd kring overgrepa mot uigurbefolkninga.

Foto: Up North Film AS

Fremjar uigur-kultur frå Bergen

Etter at Ayup vart frigjord frå fengselet, flytta han til Tyrkia saman med familien, før han til slutt enda opp i Noreg og Bergen som fribyforfattar.

Her jobbar han med å halda kulturen og språket til folket sitt i live, i tillegg til å fortelja om det som skjer i heimlandet.

I fjor spurde filmregissør Håvard Bustnes om han ynskte å møta ein mann som jobba som fengselsvakt i området han sjølv var fengsla.

Møtet vart til dokumentaren «Behind the Mask» som hadde premiere under Tromsø Internasjonale Filmfestival laurdag.

Les også FN: Kinas interneringsleirer i Xinjiang kan være forbrytelser mot menneskeheten

Interneringsleiren Urumqi No. 3 i regionen Xinjiang vest i Kina den 23. april 2021.

Dottera fekk panikkanfall

– Eg hadde ikkje lyst. Men det finst berre éi tidlegare fengselsvakt som har stått fram i media og fortalt. Og det finst berre éin av meg. Eg måtte gjera det for folket vårt si skuld, fortel han.

Det er viktig for meg at det som skjer med uigurar i Kina kjem fram. Då er også historia til dei som utfører torturen viktig.

Abduweli Ayup

Kona var mindre sikker.

– Ho meinte det kom til å riva opp igjen mentale sår. Eg hadde mareritt og kunne skrika om natta, og ho var redd det skulle bli verre, seier Ayup.

Også dottera på 17 år var kritisk.

– Ho fekk panikkangst då eg skulle reisa. Ho var redd for korleis det kom til å påverka meg. Eg får dårleg samvit når eg tenkjer på korleis det påverka familien min, seier han.

Abduweli Ayup med familien hjemme i Bergen

Familien var skeptisk til at Abduweli Ayup skulle dra til Tyskland og møta fengselsvakta.

Foto: Up North Film AS

– Glad eg møtte han

Likevel valde tobarnsfaren å reisa til Tyskland, saman med regissør Bustnes.

I ei rotete leilegheit i ei blokk møtte Ayup ein mann med munnbind i fjeset og solbriller over auga.

Den tidlegare fengselsvakta har sjølv fortalt om tortur og overgrep mot uigurar i kinesiske fengsel.

I møtet fortel han gjesten frå Bergen om kvifor han gjorde som han gjorde, kva for ordrar han fekk, og at Ayup skal vere glad han slapp frå det heile med livet i behald.

– Eg var nervøs, men kunne ikkje visa det til han. Eg ville ikkje at han skulle sjå det, seier Ayup i dag.

I dag er han glad for at han møtte mannen.

– Det er viktig for meg at det som skjer med uigurar i Kina kjem fram. Då er også historia til dei som utfører torturen viktig. Dei gir viktige perspektiv. Derfor ville eg møta han, forklarar Ayup.

Amnesty: – Den viktigaste stemma

Politisk rådgjevar Gerald Folkvord i Amnesty seier at kinesiske myndigheiter har undertrykt uigurane sin kultur i mange tiår. Arbeidet blei trappa opp i 2017. Allereie i 2018 anslo FN sin rasismekomité at over ein million uigurar hadde hamna i interneringsleirar.

– Kor mange fleire det har vore fram til i dag, veit vi ikkje. I tillegg er mange uigurar i varetekt, dømde til lange fengselsstraffer etter urettferdige rettssaker, eller forsvunne, seier Folkvord.

Han rosar Ayup og andre uigurar som tør å fortelja sin historie.

– Dei er den viktigaste stemma for uigurane sine rettigheiter, personar som utretteleg fortsett å fortelja om det som skjer, ofte under store personlege offer, seier Folkvord.

Håvard Bustnes. Elever fikk i dag se dokumentarfilmen "Trond Giske - Makta rår"

Håvard Bustnes har regi på filmen om Ayup, familien og fangevaktaren. Her frå premieren av «Trond Giske – Makta rår».

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Les også Lekkasje: Slik er Kinas «arbeidstreningssentre» fra innsiden

En fange ledes av betjenter gjennom en korridor ved fengslet i Tekes

Vil kasta lys over leirane

Møtet mellom Ayup og fengselsvakta er no blitt til dokumentaren «Behind The Mask».

Der får ein også følga Ayup og familien før han reiser, og etter han kjem heim.

Regissør Bustnes, som også står bak den prisvinnande dokumentaren «Trond Giske – Makta rår», seier han først og fremst ville laga ein dokumentar som kasta lys over situasjonen i Kina.

– Før lurte eg alltid på korleis konsentrasjonsleirane i 2. verdskrig kunne skje, utan at nokon gjorde noko. Så las eg om det som skjer i Kina, og skjønte at det skjer også no, seier Bustnes.

Regissøren fortel at etter møtet med Ayup og familien skjønte han at historia også handla om fellesskap og kjærleik.

– Det var rørande å sjå korleis heile familien bar på traume etter at Ayup var fengsla. Men også kor mykje kjærleik dei hadde for kvarandre. Og korleis dei handterte det traumet saman, seier han.