Hopp til innhold

Tegnell om Sveriges koronahandtering: – Vi har landa sånn passe

Anders Tegnell meiner Sverige har gjort så godt dei kan i handteringa av koronapandemien, men han veit ikkje kvifor dei har så mange fleire koronadødsfall enn Noreg.

Anders Tegnell statsepidemiolog i den svenske Folkhälsomyndigheten.

Svenske statsepidemiologen Anders Tegnell har vore på mange pressekonferanser gjennom pandemien.

Foto: Naina Helén Jåma / TT NYHETSBYRÅN

Trass i nesten 15.000 døde og rundt 1,2 millionar smitta av korona i Sverige, vil ikkje Statsepidemiologen seie at den svenske strategien har vore mislykka.

Han meiner det er å ta det for langt.

Vi har landa sånn passe, seier Tegnell.

Han seier vidare at denne pandemien har råka Sverige hardt. Det er mange svenskar som er døde, vore lenge på sjukehus, og fått langtidseffektar. Med den bakgrunnen, vil ikkje Tegnell seie at Sverige har gjort det bra i handteringa av koronapandemien.

– Difor vel eg å bruke ordet «passe». Det kunne vore verre, men vi har gjort så godt vi kunne.

På onsdag gjekk Sverige inn i steg 4 av gjenopningsplanen til landet, og dei fleste restriksjonane vart oppheva for dei som er fullvaksinerte.

Slik at i dag kunne helsemyndigheitene invitere til fysisk pressekonferanse i Stockholm for første gang sidan svenskane innførte strenge koronatiltak.

Tegnell seier at han nesten fekk déjà vu av å kunne møte opp på ekte igjen.

Korona Sverige

Statsepidemiolog Anders Tegnell på digital pressekonferanse om koronasituasjonen i Sverige.

Foto: Janerik Henriksson/tt / NTB

Noreg vs. Sverige

Tegnell veit ikkje kvifor Noreg har 850 døde og Sverige har 15.000 døde.

– Her må vi sjå breiare, Sverige ligg i den nedre delen om ein ser på Europa som heilskap. Vi er litt ulike land sjølv om vi snakkar eit likt språk og forstår kvarandre, seier han og legg til:

– Vi veit ikkje kvifor Noreg har gjort det så bra. Det finst mange land som har stengt ned like mykje som Noreg, men som har høgare dødstal enn Sverige. Det er komplisert, det er mange ulike faktorar.

Sverige korona

Demonstrantar viser at dei er misnøgde med den svenske koronahandteringa under ei markering i Stockholm i byrjinga av pandemien.

Foto: Henrik Montgomery/tt / NTB

Tegnell har stått i spissen for smittevernhandteringa i Sverige, og har fått kritikk for at fleire tiltak og avgjerder, i starten av pandemien, kom for seint og var utilstrekkelege.

– Burde de ha stengt ned tidlegare?

– Eg meiner at jo lenger vi går i denne pandemien, jo meir usikkert kjennest det å kome med ein sånn påstand.

Svenske statsepidemologen Anders Tegnell

Svenske statsepidemiologen Anders Tegnell seier at pandemien ikkje er over enno

Foto: Paal Wergeland / NRK

Vaksinerer med tredje dose

I Sverige skal dei som bur på omsorgsbustad, får heimepleie eller er over 80 år, skal få ein tredje vaksinedose.

– Vi meiner vi har gode data på ein tredje dose. Ein del land har allereie byrja, og vi veit frå data frå andre land, at ein får god effekt av ein tredje dose seier Tegnell.

Noreg har ikkje starta med ein tredje dose, men folkehelseinstituttet følgjer med på forskinga frå andre land.

Dei meiner det ikkje er grunn til å tilby befolkningsgrupper vaksinepåfyll enno.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger