Hopp til innhold

Fekk problem med å forklare hetsen for mora

Sumaya Jirde Ali trudde ho hadde fått kontroll på netthetsen. Men då mora lurte på kva ein hettemåse var, blei det vanskeleg for henne.

SE VIDEO: Det blei vanskeleg for Sumaya Jirde Ali då mora lurte på kvifor nettdebattantane kalla henne for «hettemåse».

Den siste veka har den 20 år gamle samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali fått gjennomgå i kommentarfelta etter at nettstaden Resett har publisert artiklar som har kritisert henne. Ein av artiklane var skrive av pseudonymet Mumler Gåsegg.

I programmet «Torp» fortalde Jirde Ali om hetsen og reaksjonane som har kome den siste veka. Ho har blant anna blitt kalla for «trygdepudding» og «hettemåse» i debattfelta.

– Det første innlegget kom måndag i førre veke. Laurdag følte eg at eg hadde kontroll. Men så spør mora mi kva ein «hettemåse» var. Då kjende eg at eg sank ned.

Ho meiner ytringsfridomen ikkje er lik for alle i Noreg.

– To personar kan kome med det same utsegna, men bli møtt med ulike reaksjonar. Vi blir møtt på bakgrunn av kven vi er, korleis vi går kledd og kva vi trur på. Det meiner eg er urettferdig.

Vanskeleg å kritisere

Terrorforsker Helge Lurås

Ansvarleg redaktør Helge Lurås i nettstaden Resett meiner norsk media og offentlegheit har gjort det vanskeleg å kome med kritikk av personar som Sumaya Jirde Ali.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Ansvarleg redaktør i Resett, Helge Lurås, forsvarar at dei har publisert artiklane. I Dagsnytt Atten onsdag sa han at media og delar av den norske offentlegheita har gjort henne vanskeleg å kritisere.

– Ho er ei ung kvinne, ho er muslim med hijab, og ho er mørk i huda. Det gjer ho vanskeleg å angripe for alle som vil kritisere henne for det ho seier og meiner. Det er grunnen til at vi har valt å skrive om dette.

Lurås seier at han ikkje liker språkbruken i delar av nettdebatten, heller ikkje på Resett. Samtidig meiner han det er vanskeleg å slette heile kommentarar på grunn av enkelte ord.

– Dei som har vore med å moderere kommentarfelt, veit kor mykje ufin språkbruk det er der. Men spørsmålet er om det ikkje likevel har ein demokratisk funksjon å ha debattfeltet der.

Angrar på «Fuck Sylvi Listhaug»

Blant utsegnene til Sumaya Jirde Ali som blir trekte fram, er at ho skreiv «Fuck politiet» på Twitter og «Fuck Sylvi Listhaug» då ho blei kåra til «Årets stemme» av avisa «Natt og Dag». I dag angrar ho på at ho sa dette.

– Eg skulle ikkje sagt det. Det var veldig lite konstruktivt. Eg angrar, og det har eg også skrive på Facebook-profilen min.

Sumaya Jirde Ali sier til Ole Torp at hun ikke skulle sagt "fuck Sylvi Listhaug" og at hun angrer.

Sumaya Jirde Ali beklagar at ho kom med sterke utsegner mot Sylvi Listhaug og politiet ved to høve.

Men trass i at ho til tider må leve med netthets og trugsmål, og i lengre tid har levd med valdsalarm, har ho ikkje tenkt å dempe seg. Zola-prisen ho fekk i januar var ein inspirasjon for henne.

– Eg set stor pris på den prisen. Til tider har eg lurt på om det er verdt å halde på som eg gjer. Men så møter eg menneske som seier at eg har vore med å endre perspektiva deira, og fått dei til å sjå ting frå ein ny ståstad. Det gjer det verdt å stå i det.

AKTUELT NÅ