Hopp til innhold

Fanny (22) om helse-verneplikt: – God erfaring når ein er ung

Sp vil ha omkamp om verneplikt i helsesektoren, og seier koronakrisa har vist sårbarheita. SV og Høgre er ikkje overtydde, men Sykepleierforbundet er no positiv.

Fanny Plesner (22).

Fanny Plesner (22) ser ikkje negativt på ei slik vernepliktsordning.

Foto: Einar Lohne Bjøru / NRK

– Koronapandemien har vist oss kor sårbar helsetenesta vår er, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp), Kjersti Toppe.

Ho peiker på fleire utfordringar i helsesektoren, som mangel på arbeidskraft, rekruttering og ressursar ved framtidige pandemiar og helsekrisar.

– Eg ynskjer ein ny form for verneplikt, ei samfunnsteneste i helsesektoren. Eg meiner vi ikkje har råd til å la vere, fortel ho.

No vil Toppe greia ut moglegheitene for å innføre ei slik teneste og viser til rapporten «Innovasjon i omsorg» frå 2011. Då foreslo Hagen-utvalet ei form for vernepliktsordning i eldreomsorga, som eit ledd i å møte framtidas omsorgsutfordringar.

Toppe tok saka til Stortinget i 2013, men vart nedstemt. No tek ho debatten opp igjen.

Ein ekstra ressurs

– Då er det viktig at vi kan ha opplæring av eigen befolkning som kan tre inn når det er nødvendig, seier Toppe, og meiner tenesta vil kunne læra opp ein heil generasjon til å gjere ein innsats i helsetenesta.

Kjersti Toppe

Senterpartiets Kjersti Toppe ynskjer ein ny form for verneplikt, og vil no greie ut moglegheitene.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Ho seier ho ser for seg ei slags vernepliktsordning, men påpeiker at det må vere gode ordningar for fritak. I tillegg ynskjer ho at tenesta er lønna, og ei reduksjon i studielån.

– Slik at det og er gulrot og ikkje berre pisk som blir brukt om ein innfører ei slik ordning.

SV og Høgre ikkje overtydd

Høgres helsepolitiske talsmann, Sveinung Stensland, seier han ikkje avviser ei slik ordning, men trur heller på positive stimuleringar for å sikre motiverte arbeidarar i helsetenesta.

– Det viktigaste vi kan gjera viss vi treng fleire helsepersonell, er å utdanne fleire og syte for at dei ynskjer å arbeide innanfor helsesektoren, seier Stensland.

– Eg er overtydd om at viss dette blir ein beordring, at deler av alle ungdomskull må inn, vil det skape mykje misnøye og vil vere negativt, fortel han.

Sveinung Stensland

Høgres helsepolitiske talsmann, Sveinung Stensland, seier han ikkje trur på ei ordning som fokuserer på tvang.

Foto: Erik Waage / Erik Waage

Helsepolitisk talsmann i SV, Nicholas Wilkinson, meiner prioriteringa må vere å gi heile, faste stillingar til dei som er vikarar og har deltidsjobb, og at ein ved helsekrisar bør kalle inn andre ressursar.

SVs stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson

Helsepolitisk talsmann i SV, Nicholas Wilkinson, ynskjer heller å bruke pensjonistar og andre fagarbeidarar om det skulle komme nye helsekriser.

Foto: Siri Vålberg Saugestad / NRK

– Då er det betre å bruke dei som har jobba, altså pensjonistane. Dei som har vikarstillingar og dei som har deltidsstillingar. Ikkje kaste folk inn som aldri har arbeida i helsesektoren før.

Lærar kjappare som ung

– Eg kunne tenkt meg det. Det er ei god erfaring når ein er ung. Då lærar ein kjappare, så kan du ta det med vidare, seier Fanny Plesner (22).

Fanny Plesner (22).

Fanny Plesner (22) ser ikkje negativt på ei slik vernepliktsordning.

Foto: Einar Lohne Bjøru / NRK

Ho visar til innkallinga ho fekk frå militæret, der ein kan krysse av for om ein har lyst eller ikkje. Plesner seier ho kryssa av for «ikkje lyst» – og vert ikkje innkalla vidare.

– Så viss det hadde vore same måte, at om du ikkje har lyst, då vert du ikkje tvungen inn i helsetenesta, då synest eg det er greitt, seier ho, og tenkjer at dei som blir tvungen kanskje ikkje gjer ein like god jobb.

Også Tobias Masing Vestli (23) seier han kunne tenkt seg ein slik tenestegjering, og meiner mange ungdom er interessert i å gjere noko anna etter vidaregåande.

– Du lærar noko, og du kan vere ein ressurs Noreg kan utnytte, som vi har sett i disse koronatider. Ikkje nødvendigvis med full sjukepleiarutdanning, men med litt kunnskapar som kan bidra i sektoren, tenkjer han, og seier ei pliktordning høyrast bra ut.

 Tobias Masing Vestli (23)

Tobias Masing Vestli (23) meiner ungdom som har tenestegjort i ei helseverneplikt kan vere ein ressurs Noreg kan utnytte.

Foto: Einar Lohne Bjøru / NRK

– Men då er det viktig ein har ressursane, og at du ikkje tvingast til å gjere noko meiningslaust.

Sykepleierforbundet: – Må vere system

Leiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF), Lill Sverresdatter Larsen, seier dei den siste tida har bedt om fleire frivillige inn til sektoren.

– Og det er klart, hadde dei hatt ein sånn type teneste, så hadde dei vore nokolunde opplært på dei enkle, basale arbeidsoppgåvene innanfor helsetenestene, fortel ho, og påpeiker at NSF ikkje har stadfesta politikk på temaet.

Lill Sverresdatter Larsen, Norsk Sykepleierforbund

Leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen.

Foto: Sunniva Tønsberg Gaski/Norsk sykepleierforbund

Men Larsen seier det må vere sett i system, og ikkje bli slik at ein får inn ufaglærte som sjukepleiarar og helsefagarbeidarar må rettleie i tillegg til dei vanlege arbeidsoppgåvene.

Ho presiserer og at det må i så fall komme meir midlar til ei slik ordning.

– Men samtidig, på sikt vil du kunne ha fleire som vil kunne handtere enklare deler av helsetenesta i ei krise slik som no, men som også, kanskje, i større grad ønsker seg inn frivillig arbeid og kanskje meir formelt arbeid som sjukepleiar eller helsefagarbeidar.

AKTUELT NÅ