Hopp til innhold

Eks-minister vil ikkje bruke tid på «innvandringsnaive medium»

Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen tek eit kraftig oppgjer med avisa iTromsø.

Arendalsuka

I KONFLIKT MED AVIS: Per-Willy Amundsen nektar for å ha boikotta iTromsø, men meiner dette er det mest useriøse mediet han har vore borti.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Eg vil ikkje bruke tid på innvandringsnaive medium som manglar presseetikk og som opptrer upåliteleg, uforsvarleg og uanstendig, er noko av det Frp-politikaren skriv i eit innlegg på facebookprofilen sin seint tysdag kveld.

Per-Willy Amundsen var justisminister så seint som i januar i år, då han vart skifta ut til fordel for Sylvi Listhaug. Amundsen er i dag stortingspolitikar valt inn frå Troms.

No har harstadværingen hamna i ein konflikt med avisa iTromsø, som han ikkje skal ha snakka med på åtte månader.

I sitt eige facebookinnlegg skriv Amundsen at han heller ikkje kjem til å snakke med avisa før redaktøren ryddar opp.

– Useriøs avis

Frp-politikaren meiner avisa har dårleg presseetisk vurderingsevne, mellom anna fordi dei skal ha skjerma ein samfunnstopp som er sikta for misbruk av mindreårige – medan ein ungdomspolitikar frå Frp skal ha blitt hengt ut.

– Gjennom mange år har eg aldri opplevd ei så til dei gradar useriøs avis som iTromsø, og eg har snakka med det meste av media. Derfor seier eg no frå, skriv Amundsen.

Og legg til at journalistar gjerne må bli sjokkerte langt inn i Akersgata for hans del. Han bryr seg ikkje.

Per-Willy Amundsen

UEINIG MED SOLBERG: Mange reknar Per-Willy Amundsen som ein innvandringskritisk politikar. Tidlegare i sommar gjekk Per-Willy Amundsen ut og kritiserte statsminister Erna Solberg for å ta imot EU-flyktningar. – Norge bør ikkje ta imot såkalla flyktningar frå EU, sa Amundsen.

Foto: NRK

– Kan ikkje tvinge han

Til Medier24 seier nyheitsredaktør i iTromsø, Trond Haakensen, at han meiner Amundsen sine påstandar om manglande presseetikk er å spore av debatten.

– Dette handlar om kor vidt ein politikar ønskjer å svare pressa, ikkje om våre presseetiske vurderingar. Eg synest det er spesielt å boikotte ein heil nyheitsorganisasjon fordi han ikkje likar noko vi har skrive tidlegare, seier Haakensen.

Og legg til at det er rart av ein folkevalt og leiande politikar frå Troms å ikkje ville snakke med medium frå heimfylket.

– Men ein kan ikkje tvinge nokon til å snakke med oss, heller ikkje ein stortingspolitikar og tidlegare minister, seier Haakensen.

Erfaren politikar

iTromsø har ifølgje dei sjølve i lang tid prøvd å få Per-Willy Amundsen i tale om ei rekkje saker. Men Amundsen har sjølv sagt at det ikkje er snakk om ein boikott, ifølgje Medier24.

Per-Willy Amundsen, som er 47 år gammal, har representert Troms på Stortinget i periodane 2005-2009, 2009–2013 og igjen frå 2017.

Han har også vore leiar i både Harstad FpU og Troms FpU.

Sylvi Listhaug blir ny justis- og innvandringsminister. Her med avtroppende Per-Willy Amundsen

MINISTER: Per-Willy Amundsen var justis- og beredskapsminister frå desember 2016 til januar i år, då han vart avløyst av Sylvi Listhaug.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

AKTUELT NÅ