Hopp til innhold

Etterlyser intern oppvask i MDG

– Miljøpartiet de Grønne har eit problem med partikulturen, kritikarar blir avfeide og varsel om alvorlege saker blir ikkje følgt opp.

Une Aina Bastholm og Hilde Lengali

OPPGJER: Hilde Lengali (t.h) utfordra Une Aina Bastholms kandidatur som nasjonal talsperson på landsmøtet til Miljøpartiet de Grønne i vår. Talsperson Rasmus Hansson truga med å trekke sitt kandidatur om ikkje landsmøtet valde Bastholm. Landsmøtet stilte seg bak Hanssons favoritt med stor overvekt.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Påstandane kjem frå Hilde Lengali. Ho har hatt ei rekke sentrale verv i Miljøpartiet de Grønne. I ein kronikk i dag tar ho eit kraftig oppgjer med det ho meiner er ein ukultur i partiet.

– Det som har vore utfordringa er at alle stemmer ikkje har blitt høyrt. Kritiske spørsmål blir avfeid som mistenkeleggjering. Eg meiner leiinga no må ta tak i internkulturen, seier Lengali.

Personkonfliktar og internstrid

Under landsmøtet i april kom store personkonfliktar til syne. Hilde Opoku gjekk av som ein av to talspersonar, og la ikkje skjul på at ho var kritisk til den andre frontfiguren i partiet, Rasmus Hansson.

Han truga på si side med å trekke seg dersom Hilde Lengali vart vald som hans makkar. Han ville berre stille til val dersom hans rådgjevar Une Aina Bastholm rykka opp.

Det gjorde ho. Men Hansson vart straffa av landsmøtet med 67 blanke stemmer.

Lengali avviser at ho no kjem med kritikk fordi ho tapte valet:

– Eg vil at partiet skal bli meir ope, og eg vil at MDG skal vere den beste utgåva av seg sjølv.

Får støtte

Ho får støtte frå fleire stader i landet. Terje Traavik, talsperson og styreleiar for MDG i Tromsø seier han ikkje har opplevd problema sjølv.

– Men eg har høyrt ei rekke likande utsegn om at partikulturen er problematisk, seier han.

I Hedmark meiner talsperson Katrine Aalstad at partiet må jobbe med organisasjonsbygging og spelereglar:

– Eg håper at det kjem ein debatt der vi ser på maktfordeling mellom organa til partiet.

Leiar Gjertrud Berg i MDG i Sør Trøndelag meiner at partiet har veksesmerter. Ho meiner dei treng ein meir open og betre partikultur.

– Har rett i mykje

Nasjonal talsperson, Une Aina Bastholm seier at leiinga tar kritikken og råda frå både noverande og tidlegare tillitsvalde på alvor.

Une Aina Bastholm er i studio for å snakke om uenighetene i Miljøpartiet De Grønne.

– Eg trur dei har rett i mykje. Særleg i det at vi treng ein diskusjon internt om kulturen. Det skal vi ha til helga på landsstyremøte. Tillitsvalde frå heile landet skal få delta i den diskusjonen, seier Bastholm.

Ho meiner dette er voksesmertar, og at diskusjonane er dei same som andre parti var ferdige med for mange år sidan, men som MDG no har for første gong. Samtidig er ho er stolt av delar av partikulturen, og meiner at dei er opne og demokratiske.

– Men kan ultimatumet Rasmus Hansson stilte på landsmøtet vere eit døme på ukulturen det blir peika på?

– Eg trur alle i partiet er samde i at det var ein lei situasjon. Men no trur eg alle er opptekne av å sjå framover, og å bygge god kultur der vi treng det.

Politisk kommentator Lars Nehru Sand mener MDG trenger tid til å rydde opp internt men at det er postitivt at dagens ledelse ser ut til å samarbeide bra.

AKTUELT NÅ