Toppmøte om to veker: Klimakrise rett i fanget for Espen Barth Eide

Den nye klima- og miljøministeren får ei global klimakrise kasta rett i fanget. Om to veker startar det store klimatoppmøtet i Glasgow, med Espen Barth Eide som sjef for den norske delegasjonen.

Espen Barth Eide på Kongsfjorden, Svalbard

Espen Barth Eide på Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard. Snart går turen til klimatoppmøtet i Glasgow. Biletet er tatt i 2013, då han var utanriksminister i Jens Stoltenberg si regjering. Han har også vore forsvarsminister.

Foto: Eivind Molde / NRK
CO₂ i atmosfæren
413,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,0°C
Les mer  om klima

Statsråden får sin debut på den internasjonale scenen under FN sin store klimakonferanse. Forutan Espen Barth Eide, skal også statsminister Jonas Gahr Støre delta, slik Erna Solberg gjorde i 2019.

Den nye ministeren har to veker på seg til å bli klar. Det er mykje å setje seg inn i.

Eide har vore energi- og miljøpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet i fire år, og har også vore utanriksminister. Men i rolla som ansvarleg statsråd for klima og miljø er han fersk.

– Inn i ei boble

Tine Sundtoft var fersk i den same rolla for åtte år sidan. Den tidlegare klima- og miljøministeren har følgjande råd til debutanten:

– Du går inn i ei boble som varer i fleire døgn, så det er viktig å tenkje gjennom praktiske ting som må handterast, slik at du ikkje blir stressa av det. Pakk ein stor koffert med klede som passar saman, for du har ikkje tid til å tenkje på kva du skal ha på deg. Ha med skopuss, sørg for å ha gode sko, for du går mykje, seier ho.

Det er også viktig å sikre seg eit pusterom mellom slaga.

– Gå innom delegasjonsrommet i ny og ne og set deg ned – eg håpar dei har ein god «sakkosekk» – for dette er enormt krevjande med mange menneske og mykje støy.

Tine Sundtoft

Tine Sundtoft jublar etter at Parisavtalen var i boks i 2015. Snart skal ein ny statsråd fronte den norske klimainnsatsen internasjonalt, denne gong i Glasgow.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Finne ut av kaoset

Klimatoppmøtet i Glasgow, COP26, blir ei «maurtue» med opp mot 25.000 deltakarar frå nær 200 land. Rundt 100 stats- og regjeringssjefar et venta til opninga.

Alok Sharma, president COP 26

Sjefen for COP26, Alok Sharma, kan snart ønskje velkommen ein fersk, norsk statsråd.

Foto: POOL / Reuters/NTB Scanpix

Målet er først og fremst å få landa til å forplikte seg til meir omfattande kutt i klimagassutsleppa sine, å hjelpe dei fattige landa økonomisk og å få på plass dei siste bitane av regelverket for Parisavtalen.

– Det tøffaste er å finne ut av kaoset, kva som er det viktigaste, jobbe seg grundig gjennom møteprogrammet, vere godt førebudd, seier ho, og legg til at støtta frå forhandlingsleiaren og resten av ein svært kompetent delegasjon er avgjerande.

Tine Sundtoft, tidlegare klima- og miljøminister

Tidlegare klima- og miljøminister Tine Sundtoft på heimebane i Lillesand. No er ho ute av politikken, og arbeider som fylkeskommunedirektør i Agder.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Må ha klar strategi

Tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim har mange lange dagar og netter bak seg på klimatoppmøte.

Erik Solheim i Cancun

Erik Solheim i fokus under klimatoppmøtet i Cancun i 2010, året etter København-møtet.

Foto: Kristin Granbo / NRK

– For ein ny minister er dette ei stor utfordring. Det er ei huskestove av aktivistar, politikarar, næringslivsleiarar og lobbyistar. Og dersom du ikkje har ein klar norsk bodskap å komme med, då er det ingen som gidd å høyre på deg.

– Kva er statsråden si viktigaste rolle?

– Det er å ha eit klart politisk fokus på kva Noreg ønskjer å oppnå i Glasgow. For alle andre har sine spesielle interesser å arbeide for.

– Bryr folk seg om vesle Noreg?

– Folk er interesserte i Noreg når vi har noko å levere, elles ikkje. Då er vi berre eitt av 200 land i verda. Noreg er eit bitte lite land, vi har ein promille av utsleppa i verda, vi er ein liten del av verdsøkonomien. Så utan ein klar strategi, fell du heilt død til jorda i klimaforhandlingane, seier Solheim.

Erik Solheim, tidl. miljø- og utviklingsminister

Erik Solheim, mangeårig miljø- og utviklingsminister.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Utfordre både FN og regjeringa

Sofie Nordvik var ungdomsrepresentant i den offisielle delegasjonen for to år sidan. Ho har sett statsråden sine utfordringar på nært hald.

– Statsråden må ha pågangsmot og vilje til å skape endring, og vilje til å utfordre både FN-systemet og den regjeringa som sit heime. Fordi dei to tinga må høyre saman, seier ho.

Ho legg ikkje skjul på at internasjonale klimaforhandlingar er kompliserte saker.

– Som statsråd i Glasgow må ein setje seg inn i tusenvis av detaljar, lytte på både byråkratar og politiske motstandarar og venner, og lytte til sivilsamfunnet for å finne gode løysingar. Ein må ha både viljestyrke og evne til politisk handling, og vere god til å lytte, seier Nordvik.

Ungdomsdelegat Sofie Nordvik saman med klima- og miljøminister Ola Elvestuen under klimatoppmøtet i Madrid i 2019.

Ungdomsdelegat Sofie Nordvik saman med klima- og miljøminister Ola Elvestuen under klimatoppmøtet i Madrid i 2019. For første gong fekk ein ungdomsrepresentant halde det norske innlegget.

Foto: FN

Byggje nettverk

Begge dei to tidlegare statsrådane understrekar kor viktig det er å knyte personlege kontaktar på eit klimatoppmøte.

– Eg hadde sjølv vore statsråd i få veker før eg var på klimatoppmøtet i Warszawa, fortel Tine Sundtoft.

– Eg hadde massevis av enkeltmøte med ministrar der. Då blei eg kjent med folk, og bygde på det fram til møtet i Lima året etter. Mellom Lima og Paris hadde eg sete 450 timar i internasjonale møte. Eg la vekt på å vere til stades, å byggje relasjonar.

FNs klimasjef Christiania Figueres og klima- og miljøminister Tine Sundtoft

Dei personlege kontaktane ein får under eit klimatoppmøte er svært viktige, både under og mellom møta, seier Tine Sundtoft (th.). Her er ho på båttur saman med dåverande klimasjef i FN, Christiana Figueres i samband med eit møte i Ny-Ålesund på Svalbard i 2014.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Kan påverke

Erik Solheim kallar klimatoppmøta ein fantastisk «marknadsplass» for idear, meiningsutveksling og nettverksbygging.

– Klarer du å skaffe deg skikkeleg gode personlege kontaktar, folk som er interesserte i deg, som synest du har noko å bidra med, så kan det vere veldig verdifullt for tida etterpå. Viss du kjenner politikarar og næringslivsleiarar frå heile verda, så har du ein heilt anna evne til å kunne ta politiske initiativ.

– Har ein norsk statsråd reell makt til å påverke det som skjer?

– Veit ein kva ein vil, har ein stor innverknad. Dersom du ikkje anar kva du vil, så blir du eit skip som berre blir drive rundt av bølgjene i Glasgow.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger