Hopp til innhold

FN-sjefen med tordentale til verdas leiarar: – Vi er på kanten av ein avgrunn

FNs generalsekretær António Guterres opna årets hovudforsamling i New York med fleire åtvaringar til verdas leiarar. – Eit avgjerande tiår for verda vår, seier president Joe Biden i talen sin.

Annual United Nations General Assembly Brings World Leaders Together In Person, And Virtually

– Verda må vakne opp, sa Guterres i sin tale til FNs hovudforsamling.

Foto: Pool / AFP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) deltek på FNs hovudforsamling og fekk høyre Guterres kome med fleire åtvaringar.

FNs generalsekretær kom med ei tydeleg oppfordring til dialog mellom USA og Kina. Han understreka også behovet for ein sterkare innsats mot klimaendringane.

– Verda må vakne opp, sa Guterres og viste til dei to krisene.

FN-sjefen rettar særleg ein peikefinger mot USA og Kina.

– Det vil vere umogleg å oppnå global utvikling dersom dei to største økonomiane i verda er i konflikt med kvarandre, sa Guterres.

Han la til at eit militært kappløp mellom USA og Kina vil vere meir farleg enn den kalde krigen.

– Vi må handle raskt

FNs klimarapport vart lagt fram på seinsommaren varsla Guterres «Kode raud».

Under opningstalen oppfordra FN-sjefen verdas leiarar om at verda er langt unna å nå klimamåla.

– Vi er på kanten av ein avgrunn, sa Guterres og bad verdas leiarar handle raskt.

– Vi er veker unna klimakonferansen i Glasgow, men tilsynelatande lysår unna å nå våre mål. Vi må ta det på alvor. Og vi må handle raskt.

Joe Biden tala på FNs hovudforsamling for fyrste gong tysdag.

Biden: – Dette er eit avgjerande tiår for verda vår

Biden

Biden la i talen sin til FNs hovudforsamling tysdag vekt på USA-leia diplomati som vegen vidare frå ei konfliktprega verd.

Foto: Evan Vucci / AP

Den amerikanske presidenten sa at pandemien har vore ei tid med «mykje smerte og ekstraordinære moglegheiter».

Verda har no moglegheit til å gjere ein forskjell, understreka Biden.

– Dette er eit avgjerande tiår for verda vår.

Presidenten sa det er eit «klart og presserande val» for å «bestemme framtida vår».

No må vi heva ambisjonane våre, seier Biden vidare om klimakrisa i verda.

– Vi må investere i framtida vår, påpeika presidenten.

Doblar klimabidrag

Joe Biden

– Vi søker ikkje ein ny kald krig, sa president Joe Biden i talen til FNs hovudforsamling.

Foto: Timothy A. Clary / AFP

Biden kom med gode nyheiter på klimafronten, spesielt om det globale klimafondet.

Fondet er eit resultat av at høginntektsland har lova eit årleg beløp på 100 milliardar dollar for å hjelpa låginntektsland med klimatilpassing, men fondet manglar allereie rundt 20 milliardar dollar.

– Vi må støtte dei som er hardast ramma av klimaendringane, og som har vanskar med å tilpasse seg, sa Biden på FNs toppmøte.

Biden lova i FN at han ville jobbe med Kongressen for å doble offentleg internasjonal finansiering for å hjelpe låginntektsland med klimatilpassing.

I tillegg oppfordra han andre land til å prioritere klima.

– For å nå målet om 1,5 grader oppvarming, må alle nasjonar må bringe sine høgaste ambisjonar til klimatoppmøtet i Glasgow, seier Biden, som seier at FN med rette har erklært «Kode raud» for menneska.

Biden sa også i talen sin til FNs hovudforsamling tysdag vil leggje vekt på USA-leia diplomati som vegen vidare frå ei konfliktprega verd.

– Vi søker ikkje ein ny kald krig

USA vil starte ei ny æra av «ustanseleg diplomati» som følgje av at krigen i Afghanistan er slutt, sa Biden i talen.

Like før hadde FNs generalsekretær bedt USA og Kina sette seg ned og sørge for at verda ikkje går inn i ei ny kald krig.

– Vi søker ikkje ein ny kald krig, eller ei verd delt opp i blokker. USA vil jobbe med alle land for å løyse utfordringar, sjølv om vi har store usemjer på andre område, sa han.

USA er klare til å bruke makt dersom nødvendig, men militær makt må vere eit aller siste verktøy, sa Biden, som brukte store delar av talen til å oppfordre verdas leiarar til å stå saman mot koronapandemien og klimakrisen.

– Vi er ved eit historisk vendepunkt, sa han.

Statminister Erna Solberg besøker FNs generalforsamling

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på FNs hovudforsamling tysdag.

Foto: Pontus Höök / NTB

– Ein sterk tale

Etter Joe Bidens tale svarte statsminister Erna Solberg på spørsmål frå NRK.

Ho sa at talen var et tydeleg bodskap om at USA er tilbake på den internasjonale arenaen igjen, og at de vil ta på seg leiertrøya i mange internasjonale spørsmål.

– Ikkje minst på pandemien og klima. Men kom også med et tydeleg bodskap om menneskerettar, som eg trur er viktig å fortelje, fordi menneskerettane har blitt skuve litt bakover de siste årene, sa ho.

Også utanriksminister Ine Eriksen Søreide hadde kommentarar til talen.

– Det var et ganske framoverlent bodskap, sa Søreide.

– Amerikanarane er lite interessert i å gjere ting åleine. Enten det gjeld diplomatiske eller militære verkemiddel, og la også fram forslag til konkrete opptrappingsplanar på klimafinansiering, sa ho.

Talen gjorde inntrykk på Sveriges statsminister Stefan Löfven som også var til stades på hovudforsamlinga.

– Det var ein sterk tale. Veldig sterk. Innsikta i behovet for meir internasjonalt samarbeid, sa Löfven til NRK.

– At USA skal gjere sin del i dette, og ikkje handle ut ifrå si kraft, men samarbeid, sa han.

Sveriges statsminister Stefan Löfven under FNs hovudforsamling i New York.

Sveriges statsminister Stefan Löfven under FNs hovudforsamling i New York.

Foto: Jason Decrow / AP

SISTE NYTT

Siste nytt