–Eg trur det er viktig å tenke at vi skal nå klimamåla våre på andre måtar enn å gå rundt å ha dårleg samvit for at vi nyt ein ferie, seier statsminister Erna Solberg.
– Kjenner du ikkje på flyskam i det heile?
– Nei, eg meiner at det er feil å gjere det moralsk forakteleg å flyge i eit land som Noreg som er kaldt, langt og spreiddbygd. Vi er nøydde til å bruke fly. Men vi har opptekne av å få til teknologiendringar. No har vi gått inn ein ny avtale om biodiesel. Noreg er eitt av landa som blandar biodiesel i flybensinen, som gjer at vi har mindre utslepp når vi flyg enn i mange andre land.
«Flygskam» blei etablert i den svenske klimadebatten i starten av 2018, og blei i desember kåra til eit av årets nyord i Sverige.
Usemje om klimakvotar
Flyskam eller ei, klimaminister Ola Elvestuen (V) ønsker å gjere Noreg til lågutsleppssamfunn utan kjøp av klimakvotar. Men statsminister Erna Solberg (H) kan ikkje love at han får viljen sin.
I eit intervju med Dagbladet denne veka sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) at han ser for seg at Noreg skal kutte klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050. Og dette skal vi gjere utan å kjøpe kvotar.
– Folk må ta inn over seg at vi skal slutte heilt med fossile drivstoff. Frå motorsaga til cruiseskipet. Alt skal vekk. Ikkje til 2030, men til 2050, sa han til avisa.
Elvestuen vil legge fram ein proposisjon for Stortinget for å få endra klimalova i tråd med dette nye målet.
Vil ikkje låse seg
Men til NRK sier statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg at ho ikkje kan love klimaministeren fullt gjennomslag for planane.
– Eg er samd i at vi må nå måla om å vere eit lågutsleppssamfunn, definert til kutt på 90–95 prosent. Det er 30 år til vi skal nå dette målet, og vi veit ikkje i dag kva mekanismar og teknologi vi har tilgjengeleg i framtida. Så eg vil ikkje låse meg bombastisk til løysingar per dags dato.
– Så når Elvestuen seier dette skal skje utan kvotar, og at det er varsla ein proposisjon til Stortinget om dette, så kjem det ikkje til å stå i den proposisjonen at dette målet skal skje utan kvotekjøp?
– Ingen kan seie korleis vi skal kome heilt i hamn om 30 år på desse tinga. Men vi veit kva vi skal gjere fram mot 2030, og det er hovudfokuset vårt no. Vi skal kutte 45 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor, og sørge for at vi har ei transportnæring i Noreg som bidreg til at vi er verdsleiande på grøn transport, men at vi også får mykje mindre utslepp.
- Les:
- Les: