Tom skolegård3

Cicilie Sigrid Andersen/NRK

Skulestengt

Rådet frå ekspertane var å opne heile barneskulen raskt. Likevel vart nesten 200.000 barn haldne heime på ubestemt tid. Her er historia om kvifor regjeringa valde å halde 5.–7. klasse heime.

Torsdag 12. mars

Alle må bli heime.

Ho som svettar når ho prøvar å sjå forskjellen på bokstavane d og b.

Han som blomstrar med digital skule i trygge omgjevnader heime.

Men også 12-åringen som er redd for å bli slått av pappa. Den skuleflinke tenåringen som fell utanfor når all sosial kontakt skjer på nett.

Barns rettar

12. mars visste vi langt mindre enn no om kor truga vi var av viruset. Presset auka på regjeringa om at noko måtte gjerast. Også for statsministeren var det vanskeleg å vite kva hastetiltak som faktisk hjalp.

I dette intervjuet i juni hos Torp i NRK vedgjekk Erna Solberg at ein ikkje kunne vere heilt sikker på om skulestenginga var riktig.

Men etter stenginga 12. mars kom ein ny fase. Fram mot neste skule-vedtak i påska fekk regjeringa fleire råd om å opne opp. Likevel opna ikkje regjeringa alt. Kva vart avgjerande?

NRK har kartlagt samtalar og vurderingar fram mot den viktigaste avgjerda om skuleopning.

Åtvaringar

Like før påske, 31. mars, konkluderte barneombod Inga Bejer Engh på krystallklart vis i eit brev:

Det er ikke tvil om at stengingen av barnehager og skoler har betydning for barns rettigheter.

Inga Bejer Engh

For noen barn vil konsekvensene være så store at det ikke er forsvarlig for dem å være hjemme og motta opplæringen der.

Inga Bejer Engh

Brevet gjekk til ekspertgruppa som skulle vurdere opning av skulen. Og snart viste det seg at mange som ga råd til regjeringa hadde same perspektiv som Barneombodet: Vi må opne opp att mest mogleg.

Ekspertane

Laurdag 28. mars.

Ei dryg veke før påske får fire sentrale norske byråkratar eit viktig oppdrag: Gje regjeringa eit ekspertråd om gjenopning av skular.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen.
Gruppa er leia av Hege Nilssen, øvste sjef i Utdanningsdirektoratet.
Ho har med seg sjefen for barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, ein representant frå Folkehelseinstituttet og ein frå Helsedirektoratet.
Illustrasjon av medlemmene med dokumenter.

Dei fire leverer ein rapport etter ei veke med intenst arbeid.

I ettertid synest deltakarane at dei ga eit veldig tydeleg råd.

Margrethe Greve-Isdahl

– Barn ser ikkje ut til å ha ei vesentleg rolle i smittespreiinga og ulempen med å halde dei heime er veldig stor. Det var stor semje om dette i utvalet, seier overlege Margrehte Greve-Isdahl frå folkehelseinstituttet til NRK.

Illustrasjon av barn

Dei ramsar opp fleire grunnar til å opne opp barneskulen raskt etter påske:

  • Det er ikkje funne smitteutbrot blant barn i land som har skulane opne
  • Barn taper leik, læring, omsorg og trivsel
  • Ulikskapen aukar og sårbare barn får det vanskelegare

Men vil norske foreldre våge å sende barna på skulen igjen?

I arbeidet med rapporten har organisasjonar og viktige stemmer i utdanningssektoren fått kome med skriftlege innspel. Der kjem smitteuroa tydeleg fram. Ekspertane er også klar over at sjølv om barn ikkje har ei vesentleg smitte-rolle, så kan dei jo også få Covid-19.

Dei landar på eit råd om skuleopning - men med gode smitteverntiltak, kommunisert gjennom ein smittevernrettleiar.

Utvalsmedlemmene kjem frå kvart sitt fagfelt, men er heilt på linje.

Fredag 3. april.

I rapporten gruppa leverer fredag før palmehelga, er ordlyden klar:

Det bør være tungtveiende grunner for stengning av barnehager og skoler for å begrense smittespredning grunnet tiltakets negative konsekvenser for barn og unge, og konsekvenser for samfunnet. Helst bør det kunne vises at nytten og effekten av tiltaket forsvarer konsekvensene.

Snart klart for gjenåpning av småskolen.

Det konkrete rådet er

Heile barneskulen bør opne ei veke etter påske, 20. april.

Ungdomsskule og vidaregåande bør vente.

Dersom dette ikkje viser seg å vere praktisk mogleg, er rådet å starte med 1.- 4. klasse.

Snart klart for gjenåpning av småskolen.

Dermed blir kva som er praktisk gjennomførbart eit vesentleg spørsmål, fortel fleire kjelder i regjeringsapparatet til NRK.

Når skulane tek påskeferie, har dei vore stengde i tre veker. No må regjeringa gjere eit val for tida framover. Skal barna som sit bak skjermen heime få kome tilbake?

Skule-Noreg blir teke med på råd.

Møte med dei det gjeld

Frå kunnskapsdepartementet i Oslo sentrum har det vore fleire viktige digitale møte. No er det klart for to til.

Kunnskapsdepartementet i Oslo.

Søndag 5. april

Palmesøndag føremiddag er kunnskapsminister Guri Melby pålogga saman med nære medarbeidarar. Dei viktigaste organisasjonane i barnehage- og skule-Noreg er pålogga på sine kontor og heimekontor.

Melby forklarer til NRK i ettertid kvifor møta på palmesøndag var viktige:

– Det var viktig for å nyansere den ekspertrapporten at vi hadde møter med involverte partar i sektoren. Difor ønskte eg å ha dei møta før vi gjorde beslutninga, men etter eg hadde fått klare faglege råd.

Men dei faglege råda frå ekspertrapporten, kjenner ikkje møtedeltakarane til. Dei har ikkje fått lese rapporten frå ekspertgruppa.

Departementet har fått telefonar med spørsmål om å få lese rapporten. Men Kunnskapsdepartementet svarar nei. Ordre frå Statsministerens kontor.

– Det ville blitt feil å gje nokon aktørar innsyn i det grunnlaget utan at alle andre fekk det, seier Melby til NRK i ettertid.

Kva seier skulefolket?

Det første møtet denne søndagen har Melby med partane i barnehagesektoren. Departementet opplever at tilsette og eigarar av barnehagane er ganske klare for oppstart.

– Vi formidla at vi skulle klare å starte opp ganske raskt. Vi var positive til å opne fordi vi stolte på smittevernvurderingane frå styresmaktene. Eg opplevde møtet som ganske samstemt, seier direktør i Private Barnehagers Landsforbund Anne Lindboe til NRK.

Klokka 13 startar møtet som handlar om skulen.

Det blir ikkje ført referat frå møtet blir det opplyst om, det som blir sagt skal vere fortruleg. Det NRK kan fortelje om møtet er basert på opne intervju og bakgrunnssamtalar med ulike møtedeltakarar i ettertid.

Illustrasjon av Guri Melby og andre møtedeltagere
Kunnskapsminister Guri Melby opnar for ein innspelsrunde om eventuell opning av skulane. Ho gir ordet til dei som er med på videomøtet, kommunane får snakke først.
Bjørn Arild Gram, styreleder i KS
Styreleiar Bjørn Arild Gram i KS argumenterer for like nasjonale rammer. Og viss regjeringa skal gjere dette gradvis bør dei ta dei minste først – samt prioritere yrkesfagelevar.
Stoltenbergutvalget.
Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet får ordet. Han peikar på at skulane må få tid til å gjere dei praktiske førebuingane til ein skulekvardag med smittevernfokus. Han meiner ein kan få problem med tilliten dersom ein opnar opp skulen for fort.

Etter at dei to store har snakka, går ordet vidare til mindre organisasjonar som organiserer lærarar og skuleleiarar. Temaet som går igjen er tid til å førebu seg.

Styreleiar Gram i KS seier til NRK at han opplever at regjeringa lytta til det KS spelte inn.

– Det var omtrent det regjeringa landa på. Så ba vi om at det vart gitt nok tid til å førebu skuleopning. Det vart for så vidt også lytta til, fortel Gram om møtet i dag.

– Kva var grunnlaget for å be om at dei minste skulle starte først?

– Det var ei vurdering av kven som er mest sårbare og utsette. Det er ikkje så unaturleg å sjå for seg at forholdsvis store ungar kan handtere digital fjernundervisning betre enn dei minste. Eg oppfatta at det var ein ganske eintydig bodskap frå alle.

Smittefrykta

Steffen Handal, som har 180.000 lærar-medlemmer i ryggen, seier følgande om palmesøndagsmøtet:

– Vi var opptekne av at skulane måtte få tid til å omstille seg og bygge eit tilbod i tråd med smittevernreglane. Det måtte vere mogleg å få elevane tilbake samtidig som det var trygt.

Han baserte tilbakemeldingane sine på samtalar han hadde hatt i organisasjonen.

– På dette tidspunktet høyrte vi ganske mykje frå medlemmer som var veldig engstelege. Men det var også generelt mange som var usikre og engstelege for at det tilbodet som styresmaktene ville sette i gang kunne bidra til smittespreiing blant barn og mellom familiar.

Men han kom ikkje med eit konkret forslag om at berre halve barneskulen bør opne.

At regjeringa sat med eit råd om å opne heile barnetrinnet 20. april veit verken Handal eller dei andre når dei er med på møtet. Dei trur sjølve at dei ville meint det same også om dei kjente til ekspertråda.

– Men vi forsto kanskje på måten det vart spurt på at ho hadde fått eit råd om å opne opp etter påske, seier ein av møtedeltakarane til NRK.

Fleire klare råd

Samtidig med utdanningsekspertane har professor Steinar Holden levert sitt råd. Han har leia gruppa som har rekna på kva koronatiltaka kostar det norske samfunnet.

Den anslår at samfunnet taper over fem milliardar kroner kvar månad på at arbeidstakarar må vere heime med barnehagebarn. Stengt 1. - 4. klasse kostar samfunnet over to og ein halv milliardar.

Det norske samfunnet taper også ein halv milliard i månaden på at 5. - 7. klasse er heime, om ein skal tru reknestykket.

Regjeringskjeldene NRK har snakka med seier dei økonomiske argumenta ikkje var dei viktigaste då regjeringa vurderte gjenopning. Samtidig blir det stadfesta at behovet for å få arbeidslivet og økonomien i gang var eit tilleggsargument som var med i vurderinga. Dette drog i retning av å opne opp for dei aller yngste.

I tillegg til økonomiske råd og vurderingar frå skuleekspertar hadde regjeringa endå meir lesestoff å pløye gjennom.

Fylkesmennene uttrykker uro for langvarige konsekvensar for barn med utfordringar.

Koronavirus i Norge

Folkehelseinstituttet peikar i ein større situasjonsrapport om Covid-19 på liten effekt av skulestenging.

Det blir teke til orde for gradvis gjenopning av skular og barnehagar.

Koronavirus i Norge

Helsedirektoratets samlerapport:

Barnehagar, SFO og heile barneskulen bør opne 20.april.

Om skulen treng det, kan den få ei veke til på seg.

Det er ikkje funne smitteutbrot blant barn i land som har skulane opne.

Koronavirus i Norge

For fjernt frå kvardagen

Men sjølv om regjeringa seier dei stolar på dei faglege vurderingane, hoppar dei ikkje umiddelbart på råda dei gir.

Den store frykta i regjeringa er at foreldre vil halde barna heime dersom ein går for raskt fram.

Helseminister Bent Høie har allereie etablert prinsippet om at vi skal opne landet saman, kontrollert og over tid. Regjeringa er oppteken av å kome med føringar som er lette å kommunisere, forståelege for folk flest og lette å forholde seg til. Dei må få med seg folket og tiltaka må vere lette å føresjå, er tankegangen ifølgje fleire regjeringskjelder. Statsministeren sjølv er svært oppteken av at ting må fungere i praksis.Rådet om å opne heile barneskulen passar ikkje inn i dette bildet. I regjeringa vurderer dei det rådet tidleg som urealistisk. Før ein kan opne opp må ein dessutan ha ei konkret oppskrift på plass som lærarane kan bruke.

Dei som jobbar i skulen må kjenne seg trygge. Foreldre må kjenne seg trygge. Viss ikkje vil ei avgjerd om å opne opp skulen ikkje ha legitimitet.

– Vi kan ikkje kun høyre på dei helsefaglege råda, det er ein grunn til at vi har valt å la politikknivået avgjere dette. FHI er flinke på smitte, men har aldri drive skule, seier helseminister Bent Høie til NRK om vurderingane.

Dermed blei dialogen med skuleorganisasjonane viktig for den beslutninga dei tok. Det ansvaret låg hos den ferske statsråden som starta i jobben den dagen skulane stengte.

– For meg var det viktig å få drøfta problemstillingane med dei som jobbar i sektoren for å finne ut kva som var praktisk mogleg å gjennomføre, seier Guri Melby til NRK.

Samstemt

Tilbake til palmesøndag.

Når alle utdanningsorganisasjonane har hatt ordet på palmesøndagsmøtet er både departement og organisasjonane overraska over kor samstemt det har vore. Det er ikkje alltid det er slik når skulesektoren er samla.

Situasjonen for utsette barn har vore oppe, men ingen har kravd full skuleopning no. Tvert imot. Det viktigaste temaet har vore tid.

Nok tid til å førebu seg til ein skulekvardag som er smittefagleg forsvarleg. Og dei har formulert ei smitteuro både i skulen og i folket.

– Lærarar har god kontakt med resten av befolkninga. Vi var opptekne av at gjenopninga måtte vere trygg og føreseieleg. Folk måtte forstå det som det vart lagt opp til, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til NRK.

Kunnskapsminister Melby gir ingen indikasjon til deltakarane om kva avgjerd som vil kome.

Men til NRK seier ho i ettertid at ho sat igjen med ganske klare tilbakemeldingar på at det ville vere ein fordel at ikkje alle elevar starta samtidig.

Og helseminister Bent Høie seier dette:

– Eg såg det som heilt urealistisk då å gjenopne heile barneskulen. Vi måtte sikre at borna kom tilbake. Men det er klart at viss skulesektoren hadde sagt at dei var heilt klare for å få til dette, så kunne vi sjølvsagt vurdert det annleis.

Men det skulefolket formidla var på linje med det regjeringa allereie hadde tenkt.

Å føle folket

På dette tidspunktet har Facebook-grupper som «Barnet mitt skal ikke være prøvekanin for covid-19» både oppslutnad og merksemd. Veronica Lint var ei av mødrene som uttrykte uro til NRK i påska.

– Eg trur vi alle hadde ei kjensle av at på det tidspunktet var mange engstelege for å vende tilbake til skulen, fortel Melby om den vanskelege avveginga dei sto i.

– Men det var også mange som var utolmodige. Vår jobb blir jo då å trygge folk på at det er trygt å kome tilbake på skulen og gjere folk bekvem med den avgjerda vi tek,

Samtidig visste regjeringa strengt tatt ikkje kor stor smitteuroen i folket var. Ingen meiningsmålingar eller undersøkingar viste kva norske foreldre eller lærarar tenkte om å sende barn til skulen.

Og dei helsefaglege råda om skuleopning som eventuelt kunne roa folket, var det ingen som kjende til før etter at regjeringa hadde kunngjort vegen vidare.

Møtet med utdanningsorganisasjonane fungerte som ei stadfesting av at regjeringa tolka stemninga blant folk rett, fortel fleire involverte kjelder. Opninga av samfunnet måtte skje meir forsiktig enn det tempoet ekspertane foreslo.

– Møtet med sektoren reflekterte på mange måtar godt ulike meiningar i folket, både at folk uttrykte uro, men også at mange var utolmodige etter å opne skular og barnehagar slik at vi kunne kome tilbake til normalen igjen. Eg vil seie at dei som hadde møte med meg den søndagen representerte ganske fin breidde i ulike standpunkt, seier Melby.

Etter møtet startar skrivinga av eit regjeringsnotat, grunnlaget for eit vedtak i regjering. Dette blir skrive av kunnskapsdepartementet og helsedepartementet i samarbeid.

Dei har tre tydelege utgangspunkt.

  • Fagrapportane
  • Møta med organisasjonane
  • Den overordna planen: Opne opp saman, kontrollert, over tid

I tillegg har dei oppfatninga av folkemeininga. Dei opplever at den logiske slutninga er ei delvis opning av barnetrinnet. Helseminister Høie og kunnskapsminister Melby er einige. Samtalar med statsministeren og i koronautvalet i regjeringa peikar den same vegen.

Konklusjonen

Tysdag 7. april

Høie og Melby skriv eit endeleg forslag for skuleopning våren 2020, og på ein regjeringskonferanse tysdagen vedtek dei dette:

  • Barnehagane opnar seks dagar etter påske, 20. april.
  • Barneskulen får meir tid og skal opne for 1. - 4. klasse 27. april.
  • Yrkesfagelevar på VG3 og VG2 får kome tilbake 27. april.

Avgjerda blir kommunisert av kunnskapsministeren på ein pressekonferanse same dag. Alle andre barn og unge fødd i 2009 eller tidlegare får skulegangen satt på vent. På ubestemt tid. Først ein månad seinare kjem beskjeden om at dei får starte på skulen igjen.

I Dagsrevyen same kveld framhevar også statsminister Erna Solberg at det folket føler er viktig.

I dag meiner statsministeren at møtet palmesøndag og andre møte med sektoren i korona-tida var viktige lyttemøte for at dei landa der dei gjorde.

– Det har vore viktig for å høyre synspunkt og få tilbakemeldingar på handteringa av dei ulike tiltaka, skriv ho til NRK.

Felles rammer og førebuingstid vart dermed viktig, forklarer statsministeren, som også minner om at vedtaka vart gjort i ei tid der langt meir var usikkert enn no.

– Det var bekymring i samfunnet og difor var det viktig for oss å finne ei løysing som gjorde at opninga skjedde kontrollert og over tid.

For forsiktig?

2. påskedag 13. april

Men var vi for forsiktige når vi heldt 10-, 11- og 12-åringar heime i to månader?

Ja, meiner Barneombod Inga Bejer Engh. Allereie andre påskedag gjekk ho frå å skrive brev til å kritisere regjeringa si avgjerd offentleg.

På dette tidspunktet var det ikkje mange som framførte dette perspektivet offentleg.

I dag - etter ein vår som vart prega av skulestenging, meiner Engh at avgjerda i påska fekk enorme kostnader, særleg for utsette barn med utrygge forhold heime og for dei med store pedagogiske behov.

– Det er eit stort antal barn som kvar dag lid av vedtaket om stengte skular, seier Engh. Ho viser blant anna til at dobbelt så mange barn og unge ringte alarmtelefonen.

Ho meiner regjeringa har fråteke barn grunnlovsfesta rettar og at dei ikkje har forklart kva som gjorde fortsatt skulestenging nødvendig etter den første perioden.

– Når ein grip inn i ein grunnlovsfesta rett som rett til utdanning, må aldri inngrepet gå lenger enn det som til ei kvar tid er nødvendig. Dette er eit rettsprinsipp som gjeld også i kriser, kanskje særleg då. Eit føre var-prinsipp er difor problematisk når det gjeld å stenge skular.

Ho slit med å sjå korleis regjeringa har målt den eine ulempen opp mot den andre.

– Regjeringa må vise kva for nokre avvegingar dei har gjort når dei har vegd smitteomsyn opp mot dei skadane det har å stenge skulen, seier ho. – Men dette har ikkje regjeringa svart på, seier Engh.

Kunnskapsminister Melby viser til at det heile tida har vore krav om at skulane skulle sørge for opplæring sjølv om skulane var stengde.

– Eg vil presisere at skulestenginga ikkje har fråteke born og unge den grunnlovsfesta retten til opplæring. Regjeringa har gjennomført fleire tiltak, både ved midlertidige reglar, informasjon og rettleiing, for å legge til rette for at den grunnlovsfesta retten til opplæring kan oppfyllast på andre måtar i den perioden skulane var stengde, skriv ho til NRK.

Vart lytta til

Og i organisasjonane i skulen får både regjeringa og den ferske kunnskapsministeren mykje ros for å ha vore lyttande.

– Eg trur ein samla sektor hadde veldig mykje å seie for den avgjerda som vart teken. Vi vart lytta til. Det var fornuftig på veldig mange måtar, seier leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

11. mai kunne 5.- 6.- og 7.-klassingar endeleg gå på skulen igjen. Iallfall av og til. I store delar av mai var det fortsatt lite undervisning på mange skular på grunn av smittevernreglane.

Det kan kome nye smittebølgjer og nye dilemma.

Kunnskapsministeren seier ho forstår at det blir stilt spørsmål ved om regjeringa gjorde det riktige tiltaket då dei let nokre elevar kome tilbake til skulen og andre ikkje. Men ho meiner det var umogleg å gje alle eit fullverdig tilbod med dei smittevernreglane helsestyresmaktene la opp til.

– Vi måtte imidlertid ta beslutningar baserte på kunnskapen vi hadde då. Det var mykje usikkert og mange redde.

Ho seier kunnskapen om barns rolle i smittespreiinga er sikrare no, og at smittesituasjonen no ser annleis ut.

Sett i ettertid: Gjorde regjeringa det rette, spør NRK Guri Melby.

– Det vil site veldig langt inne for regjeringa å gjere dette ein gong til.