Hopp til innhold

Ein av fem unge har hatt uønskt sex

Ein av fem unge mellom 17 og 24 år har hatt sex utan å ønske det, ifølge ny Norstat-undersøking. Ofte føler dei seg pressa eller gjer det for den andre parten si skuld – og nokre seier dei opplevde det som eit overgrep. Fleire bør anmelde, meiner Kripos.

P3 og resten av NRK retter søkelyset mot gråsonesex og festrelatert voldtekt.

– Det kan vere kleint å spørje "er det grett å fortsette no?", men det er faktisk endå kleinare og mykje kjipare å trakke over grensa og øydelegge livet til den andre personen.

Verken Kristine Sørheim eller Jens Lægreid blir overraska av tala. Ein av fem i alderen 17 til 24 år har hatt uønskt sex ein eller fleire gonger, viser ei representativ undersøking Norstat har gjort for NRK. Dei har spurt 600 unge mellom 17 og 24 år.

Sørheim_Lægreid

Kristine Sørheim og Jens Lægreid er ikkje overraska over at 1 av 5 har hatt uønskt sex.

Foto: Martin Giæver / NRK

– Ein er jo på fest då, og plutseleg drikk ein meir enn ein kanskje hadde ønskt. Så er du litt sånn groggy dagen etter og tenker "kva var det som skjedde?". Men sånn direkte ufrivillig sex har eg vore heldig å sleppe, seier Jens.

– Å trakke over grensa er å gjere noko du ikkje har fått samtykke til, legg Kristine til.

– Utforskande seksualitet

Dei spurte i undersøkinga som har hatt uønskt sex svarer at dei mellom anna følte seg pressa, at dei gjorde det for den andre si skyld, at dei var rusa eller ikkje klarte å stoppe det, eller at dei vart valdtekne.

Det er ein del ungdommar som tek kontakt med helsesøster Anne Holter Bentzrød i

Anne Holter Bentzrød

– Nokre kan bere mykje på det og andre kan tenke "ok, gjort er gjort", seier helsesøster Anne Holter Bentzrød

Foto: Marit Gjellan / NRK

Ung.no, og spør om kva som er valdtekt.

– Det er i denne tida ein utforskar seksualitet, og i ei utforsking skjer det jo ting som ikkje vart heilt som du hadde tenkt deg. Men tala er likevel høge, og vi ønskjer jo ikkje det.

Bentzrød seier at det er to ytterpunkt av uønskt sex.

– Utforskande seksualitet som enda med noko du angrar litt på etterpå er noko ganske anna enn sex som du vart pressa til eller utsett for fordi du var rusa eller sov. Dei ytterpunkta er det viktig å sjå forskjell på, og så er det nokre glidande overgangar då.

Flesteparten av dei som har hatt uønskt sex svarer i undersøkinga at det skjedde heime, heime hos venner eller hos kjærasten. Ein del svarer også at det skjedde i samband med fest, på byen eller festival.

– Føler dei må klinke til

Men veit ungdommen kor grensa går? I undersøkinga svarer ni av ti at dei er heilt einige i at eit nei til sex alltid skal respekterast. Det meiner brødrene Theodor og Peder Remman og.

Theodor og Peder Remman

HAR IKKJE HATT UØNSKT SEX:– Eit nei er eit nei, seier brødrene Theodor og Peder Remman.

Foto: Martin Giæver / NRK

– Eit nei er et nei. Men ofte når det er alkohol og sånn involvert skal man vere litt forsiktig.

– Det er framleis et nei. Det er ein ganske enkel regel.

– Ja, eit nei er eit nei.

Dei to trur ikkje alle ungdommar i dag veit heilt klart kor grensa går.

– Eg trur at i veldig mange er vennegjengar der nokre er tidleg ute, og dei som ikkje er tidleg ute føler at dei må klinke til, vere ein av gutta. Og då trur eg ein ofte gjer ting ein kan angre på seinare.

– Gå til politiet uansett

Uønskt sex kan også vere valdtekt. Nesten 40 prosent av valdtektene som blir melde til politiet er festrelaterte valdtekter, ifølge Kripos.

Det er ofte fest, unge menneske og alkohol. Nokre gongar er det brukt vald eller truslar, andre gonger har den eine personen ikkje vore i stand til å seie nei.

Ann Kristin Grosberghaugen

– Det er viktig at unge kjenner til lovverket, seier Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for Kripos sin valdtektsseksjon.

Foto: KRIPOS / KRIPOS

Kripos fryktar at mange ikkje anmelder, og oppmodar unge om å gå til politiet uansett. I Norstat-undersøkinga seier kun seks prosent av dei som har hatt uønskt sex at dei har anmeldt det.

– Om du har hatt uønskt sex bør du ta kontakt med lege, overgrepsmottak eller politiet. Det er betre å seie ifrå ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for Kripos sin valdtektsseksjon.

Dei seier sakene ofte er vanskelege på grunn av alkohol, og få vitne til hendinga.

– Det er utfordrande når det gjeld å hugse kva som har skjedd. Det kan nok vere difor det er mange som vel å ikkje komme til politiet.

AKTUELT NÅ