Hopp til innhold

Det blir meir av dette framover

Nordlys er unekteleg vakkert. Men det kan ha sin pris.

Nordlys i Trysil

Nordlys i Trysil, tidlegare denne veka.

Foto: Andreas Lie Johansen

Det er ikkje utenkjeleg at sjølv dei mest hardbarka nordlysentusiastane byrjar å bli stive i nakken no.

Den siste tida har det vore gode tilhøve for dei som ynskjer å sjå lysfenomenet på nattehimmelen. Me er inne i ein periode der sola er veldig aktiv.

Og betre vil det truleg bli. Det er venta at aktiviteten i denne solsyklusen vil toppa seg i 2024 eller 2025. Natt til fredag gav ein såkalla «kannibalsolstorm» kraftig nordlys over heile Noreg.

Sola sender alltid ut litt partiklar mot jorda. Ein «kannibalsolstorm» oppstår når sola sender ut fleire skyer med partiklar mot jorda, like etter kvarandre.

– Ei eller fleire av dei bakarste skyene tek att skya føre seg, slik at det endar opp som ei kjempesky på veg mot jorda. Det er desse partiklane som skapar nordlyset, seier fysikar Veronica Danielsen.

Men fargespelet på himmelen kan ha sin pris. Partiklane som skapar nordlyset kan også skada og påverka viktig infrastruktur.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner romvêr utgjer ein av dei største trugslane mot samfunnet vårt.

Meir om det seinare. Først nokre spørsmål og svar om fargespelet på himmelen.

Kva er ein solsyklus, og kva er ein solflekk?

Akkurat som jorda har sola ein magnetisk nord- og sørpol. Desse polane flyttar på seg, og over ein periode på kring 11 år byter desse magnetiske polane plass.

Til slutt endar dei opp på kvar sin geografiske pol, altså det nordlegaste og sørlegaste punktet på sola.

Det er ein solsyklus. Dette byrja me å telja midt på 1700-talet. No har me kome til syklus nummer 25, forklarar Danielsen.

– Når ein magnetisk pol er i nærleiken av ein geografisk pol, er det ganske roleg på sola, seier Danielsen og held fram:

Men når dei magnetiske polane er kring ekvator, blir sola skikkeleg aktiv. Det blir magnetisk kaos, og me får fleire solstormar og meir nordlys enn vanleg.

Veronica Danielsen, fysiker.

Veronica Danielsen er fysikar og vitskapsformidlar, og jobbar på vitensenteret ViteMeir i Kaupanger.

Foto: Lina Hindrum

Det blir kalla eit solmaksimum, som me nærmar oss no i 2024.

Solflekkar er område på sola der magnetfeltet har «frose fast» litt. Om det er mange solflekkar er det meir aktivitet enn om det er få solflekkar.

I år har det til dømes ikkje vore ein einaste dag utan ein solflekk på sola. Når det er roleg kan det gå eit heilt år utan at me ser ein einaste flekk, seier fysikaren.

Kva avgjer kva slags farge nordlyset har?

Nordlys oppstår når partiklar krasjar med gassar i atmosfæren og overfører energi til dei. Gassane klarar ikkje halda på denne energien så lenge, så dei sender den ut att som ljos.

– Dei ulike gassane kan berre senda ut faste energimengder. Og energimengda bestemmer fargen på ljoset. Den korte forklaringa er såleis at fargen er gassen sitt fingeravtrykk.

Nordlys Jølster

Nordlys over Jølster, tidleg i november.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dei ulike gassane er i ulike høgder over havflata, så fargen på nordlyset kan seia noko om kor høgt over oss det er. Danielsen forklarar:

  • Raudt nordlys kjem frå oksygen kring 250 km over oss
  • Grønt nordlys kjem frå oksygen mellom 100–200 km over oss
  • Rosa nordlys kjem frå nitrogengassar mellom 80–100 km over oss
  • Blått nordlys kjem frå nitrogengassar, stundom så høgt som 180 km over oss, men som regel mindre enn 120 km over oss

– Men det rosa nordlyset er eigentleg ikkje rosa. Det er ei blanding av fiolett ljos som blir sendt ut frå elektrisk lada nitrogengass, og mørkeraudt ljos som kjem frå nøytral nitrogengass.

Les også Slik tar du fine bilder av nordlys

Nordlys på Nesjestranda

Mellom dei største trugslane mot vårt samfunn

I Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sin analyse av krisescenario som kan råka Noreg frå 2019, har dei gjeve romvêr eit eige kapittel.

DSB syner til tidlegare solstormar som har slått ut eller ført til avbrot i tele- og straumforsyning.

Det skjedde i 2003, då ein kraftig solstorm førte til tekniske problem med satellittar og satellittelefonar frå fleire stader i verda.

I Malmö forsvann straumen i ein time. I Sør Afrika blei mange transformatorar øydelagde.

Problema med kommunikasjon og navigasjon påverka luftfarta, og passasjerar blei åtvara om auka strålefare.

Nordlys Jølster

Fargen på nordlyset seier noko om kor høgt på himmelen det er.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kostnadane knytt til solstormen blei rekna til kring 40 milliardar kroner.

Men solstormar kan ikkje skada menneske direkte. Så lenge me er på jorda. Strålinga kan føra til helseproblem for flybesetningar som flyr mykje over polare område.

DSB skriv at dersom ein solstorm er kraftig nok, så kan den føra til spenningsfall i kraftnettet.

Blir kraftnettet i fleire land slått ut på same tid, meiner amerikanske fagpersonar at konsekvensane kan bli enorme.

Solstorm

Me er no i ein periode med mykje aktivitet på sola. Resultatet er meir nordlys.

Foto: SOHO (ESA & NASA) / SOHO (ESA & NASA)

Direktoratet skriv vidare at det norske kraftsystemet er robust overfor solstormar, samanlikna med andre land.

Dei utelukkar likevel ikkje kortare periodar med straumbrot i Noreg, ved ein kraftig solstorm.

AKTUELT NÅ