Hopp til innhold

Desse landa kan du fly til når regjeringa mjuknar opp reisereglane

Neste fredag kjem regjeringa med lista over land dei meiner det er trygt å reise til. Her er oversikta over flyrutene som er opne når dei nye reglane trer i kraft 15. juli.

M1-VLKZu_J4

FLEIRE VIL TIL SPANIA: SAS fortel at Spania er eitt av dei mest populære reisemåla utanom Noreg for nordmenn i sommar.

Foto: Nacho Doce / REUTERS

Om litt under to veker kan du feriere i fleire europeiske land med gyldig reiseforsikring, og utan å hamne i karantene når du kjem heim.

Allereie fredag har regjeringa lova å kome med ei oversikt over kva land dette gjeld. Fleire flyselskap opnar samtidig opp sine flyruter til utlandet - også til land som norske styresmakter truleg vil rå folk mot å dra til.

Anbefaler feriering i Noreg

For dei som ønskjer seg ein så sikker ferie som mogeleg, anbefalar styresmaktene framleis folk å feriere her heime.

– Ønskjer du ein føreseieleg sommarferie, bør du planlegge ein ferie i Noreg, sa statsminister Erna Solberg i juni.

Du risikerer framleis å hamne i karantene når du kjem heim, sjølv om norske styresmakter gjev deg grønt lys før avreise. dette kan skje dersom smittesituasjonen endrar seg der du er på reise. Innreisereglane kan og endre seg.

  • Sjå oversikta over flyrutene som opnar før 15. juli nedst i saka.
dAQcYchv4C0

KØBENHAVN: SAS flyr til København frå fleire norske byar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Vert styrt av etterspurnad – Ikkje smittetal

SAS har berre 30 prosent så mange flygingar denne månaden som i same månad i fjor.

Pressesjef i SAS, John Eckhoff, understrekar at dette raskt kan endre seg om fleire vil ut og reise.

– Som eit kommersielt selskap vurderer vi marknaden fortløpande. Det er etterspurnaden som bestemmer.

Kart som viser smittespredning i Europa

MANGE STADER: Deigule regionane på dette kartet frå europeiske smittevernstyresmakter syner smittespreiing på under 20 tilfelle per 100.000 i dei siste fjorten dagene. Det er ein av terskelverdiane norske styresmakter har sett for å tillate reiser etter 15. juli.

Foto: ECDC

Fleire vil til Syden

– Kva vurderingar ligg bak at de gjenopnar ruter til land som Spania, der det framleis er ganske høge smittetal, og korleis ser de sjansen for at folk faktisk kan dra til desse stadane?

– Vi flyr dit sidan dette er noko folk spør etter, som reiser til fleire andre land rundt Middelhavet. For eksempel Kroatia og Frankrike, svarar Eckhoff.

Han fortel at land som Hellas og Frankrike og er populære blant SAS sine kundar.

– Kva skjer om ein er i eit land som plutseleg blir definert som raudt – er det fare for at de kansellerer returflyginga?

– Nei, i utgangspunktet så har vi eit oppsett trafikkprogram og så lenge det er passasjergrunnlag, så vil vi fortsette å fly, svarar Eckhoff og viser til at SAS haldt fram med fleire flygingar, også etter at Noreg vart stengt som følgje av koronapandemien.

– Vi hadde og nokre ekstraordinære flygingar i samarbeid med styresmaktene for å få folk heim att til Skandinavia.

Oversikt over stadar du kan fly til frå Noreg i juli

Norwegian sine flyavgangar:

Diverse utanlandske flyselskap som flyr frå Noreg til utlandet i juli.

Flyrutene som SAS opnar i Juli.

AKTUELT NÅ