Hopp til innhold

Brukte over 18,2 millionar kroner på representasjon

Stein Lier-Hansen sin sambuar går i rette med Norsk Industri, og hevdar at jaktavtalen har vore godt kjend. På representasjon blei det brukt over 18,2 millionar over ni år, ifølgje Norsk industri.

Stein Lier-Hansen i Norsk Industri

Stein Lier-Hansen gjekk av som administrerande direktør i Norsk industri i desember.

Foto: n650143 / n650143

Torsdag avslørte E24 at Stein Lier-Hansen, som administrerande direktør i Norsk industri, disponerte ei hytte og jaktområde på Hardangervidda frå 2015 til 2023.

Ei oversikt Norsk industri har lagt ut viser at det blei brukt over 18,2 millionar kroner over ni år på relasjonsbygging i vid forstand.

Totalt var gjennomsnittet omtrent 2 millionar kroner i året.

Dei årlege kostnadane til Lier-Hansen direkte relatert til jakt og fiske som arena for nettverksbygging og relasjonsaktivitet, var i gjennomsnitt 1.188.578. Resterande beløp som òg blei brukt på annan type relasjonsaktivitet er kr 833.958, skriv Norsk Industri. Relasjonsaktivitetane har også vore utført andre stader enn området på Hardangervidda.

Oversikta frå Norsk Industri viser at det i løpet av desse åra blei brukt 2,3 millionar kroner på sjøfly i forbindelse med jakt og fiske som relasjonsbygging.

– Eg må sette meg meir inn i bakgrunnen for desse tala, her er det tatt med mykje forskjellig, skriv Lier-Hansen i ei melding til NRK.

Til E24 skriv han:

– Her er det tatt med rubbel og bit, langt utover det som er knytt til det som no er tema. Eg har brukt sjøfly i forbindelse med heilt andre oppdrag, det vil seie midt på sommaren for å delta eller rekke ulike møte og føredrag, etc.

Les også NHO-topper ut mot Stein Lier-Hansen: – Uaksept­abelt

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri

– Det har sjølvsagt vore triveleg og eit enormt privilegium å vere jaktvertinne på ein så spesiell stad. Ikkje minst når tilsette og tillitsvalde i Norsk industri har deltatt.

Det skriv Hilde Charlotte Solheim på Facebook fredag ettermiddag. Det har ikkje lukkast NRK i å få ytterlegare kommentarar om deltakinga.

– Denne typen representasjon er kanskje gått ut på dato, men Stein har i alle fall i sitt lange yrkesliv sleppt til mange på jakt og fiske som kanskje aldri ville fått sjansen elles. Vi har, uansett kva ein meiner om denne saka, dekka mange av våre eigne kostnader. Òg dei åra Norsk industri betalte leige og sjøfly for gjestar.

Norsk industri seier dei ikkje har nokon kommentar til Solheim sitt innlegg.

Brukt i privat samanheng

Stein Lier-Hansen har overfor E24 stadfesta at hytta tidvis har blitt brukt i privat samanheng. Han har òg sagt at eigne utgifter har overstige det ein eventuell skattbar fordel skal vere verd.

Lier-Hansen vil ikkje kommentere Facebook-innlegget som skildrar bruken av hytta.

Facebook-post frå St. Lars etter reinsdyr

Etter ein jakttur i 2019 skriv Hilde Charlotte Solheim at Oslo-restauranten St. Lars fekk donert reinsdyrkjøtet.

Foto: Skjermbilde / Facebook

I eit Facebook-innlegg skriv restauranten St. Lars at dei fekk donert reinsdyrkjøt frå ein jakttur i 2019. NRK har forsøkt å nå leiinga, men førebels ikkje lukkast.

Avviser at styret visste

Styreleiar i Norsk industri Ståle Kyllingstad seier de høyrde om saka første gang 9. oktober i fjor.

– Ein kan ikkje vite det ein ikkje veit. Vi blei rett og slett ikkje orientert om det.

Ifølgje Kyllingstad hadde ingen i styret kjennskap til at pengar blei brukt til relasjonsbygging på denne måten. Han innrømmer at det kan ha vore synleg i rekneskapen, men at styremedlemmene ikkje er inne i slike detaljar.

– Då skal du også inn i ganske detaljerte rekneskapsdetaljar for å finne dette. Norsk Industri omset for omtrent hundre millionar.

Norsk Industri har sett i gang ein revisjon av saka, og Kyllingstad utelukkar ikkje at det kan komme fram fleire detaljar styret ikkje var klar over.

Så vil den utvida revisjonen avdekke kva som er rett.

Ståle Kyllingstad, IKM-gründer

Styreleiar i Norsk industri seier Lier-Hansen sin aktivitet er kritikkverdig.

Foto: Mathias Oppedal

Stein Lier-Hansen gjekk av som direktør i desember i fjor, etter 17 år. Då var styret informert om bruken av hytta og jaktområda.

– Blei han nærast beden om å seie opp?

Han sa opp sjølv, men han var kjent med meininga til styret om akkurat den relasjonsaktiviteten som han dreiv med knytt til jakt og fiske.

Avviser bruken

Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, seier til NRK at pengebruken rundt jakthytta på Hardangervidda er uakseptabel.

– Sånn som dette ser ut no er det uakseptabel bruk av medlemmane sine pengar. Vi skal bruke pengane på best mogleg måte, og det skal vere tillit til korleis vi gjer det, seier Almlid.

Han får støtte frå NHO-president Svein Tore Holsether.

– Dette er ein alvorleg og uakseptabel bruk av medlemmane sine pengar, og NHO-fellesskapet må vere svært bevisst på korleis vi opptrer på vegner av norske bedrifter.

NRK har stilt Almlid spørsmål om kvifor ikkje styret og NHO har visst om avtalen som førte til over 2 millionar kroner i utgifter for medlemsorganisasjonen Norsk Industri.

– Det kan du stille spørsmål om, men det har vore ein praksis veldig få har visst om. Då vi fekk vite det tok vi affære så fort vi kunne. No er det slutt på det, det er det aller viktigaste, seier Almlid.

Ole Erik Almlid

Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, meiner pengebruken er uakseptabel.

Foto: William Jobling / NRK

Han har oppfordra styret i Norsk Industri til openheit rundt saka. Når det gjeld listene over kven som har besøkt hytta seier derimot Kyllingstad at dei ikkje vil gå ut med namna.

– Vi har vurdert det og vi har kome fram til at på grunn av personvernomsyn vil vi ikkje offentleggjere den lista.

Dei kjem heller ikkje til å offentleggjere dei utvida revisjonsrapportane eller den juridiske vurderinga som Norsk industri har fått gjennomført.

AKTUELT NÅ