Hopp til innhold

Betydeleg fare for snøras på Nordvestlandet

Rasfaren er størst på Nordvestlandet, Torsdag har det vore stor rasfare (grad 4), medan rasfaren fredag blir betydeleg (grad 3), opplyser Andreas Haslestad i NVE.

NVE fortel om rasfare, spesielt på Vestlandet.

VIDEO: Her må du passe deg for ras.

Torsdag har rasfaren vore størst i Sunnmøre og Romsdal med ein faregrad på 4 (sjå faktaboks om gradering av rasfare). Det betyr at det har vore stor snørasfare, og det har også gått fleire ras. Ingen menneske vart tekne av nokon av rasa i Møre og Romsdal, men eit ras stengde vegen gjennom Sjåstaddalen i Ørsta kommune tidlegare torsdag.

– Det er dei store nedbørsmengdene som har ført til den store rasfaren på Sunnmøre og i Romsdal i dag, seier Andreas Haslestad.

Verst på Vestlandet

Rykket mannsterkt ut etter snøskred

Det var fleire ras på Vestlandet i dag, men ingen

Foto: Terje Sinnes

Det blir betydeleg snørasfare for store delar av Nordvestlandet også fredag, og rasekspert Andreas Haslestad i NVE opplyser til NRK at det er vind og nysnø som gir ustabile forhold i mange bratte heng. Han oppmodar skiløparar og andre til å halde seg unna le-område der det samlar seg fersk fokksnø.

– Nokre stader har flak av fokksnø lagt seg over svake lag. Det kan vere vanskeleg å identifisere, men det kan gi drønn, skytande sprekkar og dumplyder. Er det slike teikn, må ein vere ekstra påpasseleg. Men det er ingen garanti om ikkje desse teikna er der. Det er ofte svært komplekst, seier raseksperten.

Ingen tatt av snøskred i Sirdal

Ingen personer tatt av skredet i Sauda

Det er også fare for enkelte naturleg utløyste store ras ein del stader. Fredag er faregraden sett til 3.

Det er betydeleg rasfare faregrad 3 på fredag også i Sogn og Fjordane og eit stykke nedover på Vestlandet, blant anna Voss og Røldal. Også på Svalbard er det betydeleg fare for snøras, opplyser Haslestad.

Skredet i Sauda ble utløst av en skiløpet. Politiet vurderer om saken skal få et etterspill.
Det har i dag gått flere snøskred vest og sør i landet vårt.

VIDEO: Fleire snøras i dag

Snøskredet

Redda turkameraten ut av skredet

Moderat snørasfare

Resten av landet, inkludert Austlandet, Sørlandet og Nord-Noreg, har rasfaregrad 2, altså moderat fare for snøras.

Haslestad fortel at skiløparar kan løyse ut snøras også ved moderat rasfare, slik at det er svært viktig at alle som ferdast på ski i bratte område set seg grundig inn i nyttig informasjon om fasfare .

– Alle bør sjekke rasfaren i området der dei skal på tur, seier Andreas Haslestad.

http://varsom.no/Snoskred/

AKTUELT NÅ