Hopp til innhold

Berget: – ​​​​​​​ Vi stilte opp for Wara som venner

First House-partnar Ole Berget seier han og kollega Sigbjørn Aanes stilte opp for tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara som vennar og ikkje som PR-rådgjevarar.

Sigbjørn Aanes og Ole Berget

Sigbjørn Aanes (t.v.) og Ole Berget i First House tok ut ferie for å vere saman med tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara då han var i permisjon i mars. Aanes og Berget var sentrale rådgjevarar for Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) før dei forlét politikken.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Då tidlegare justisminister Tor Mikkel fekk permisjon i midten av mars etter at PST hadde sikta sambuaren hans i ei straffesak, tok First House-partnarane Sigbjørn Aanes og Ole Berget ut ferie for å hjelpe kameraten, skreiv Dagens Næringsliv.

Aanes og Berget var sentrale rådgjevarar for statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) før dei gjekk ut av politikken.

I Dagsnytt 18 fredag sa Berget at det var Wara som tok kontakt med dei, og bad om hjelp i ein vanskeleg situasjon.

– Vi hjelpte dei med enkle ting som å kjøpe mat og drikke. Vi sørga for transport, for dei hadde ikkje tilgang på bil. Heilt basale behov som må dekkast for å få kvardagen til å gå opp når ein er i ein vanskeleg situasjon.

Sjå heile debatten i Dagsnytt 18:

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Kritisk til involvering

Fleire kritikarar meinte involveringa viste at det var for tette band mellom politikarar og PR-bransjen. Blant anna fekk dei to First House-toppane kritikk for at dei tok kontakt med sine tidlegare arbeidsgjevarar.

– Det stemmer at eg snakka med Siv Jensen i denne perioden. Eg snakka med henne om korleis det gjekk med Tor Mikkel og familien hans fordi ho som partileiar er oppteken av å ta vare på sine folk.

Medlem i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, Dag Terje Andersen (Ap), er blant dei som meiner kontakten Aanes og Berget hadde med Solberg og Jensen, var uheldig.

– Eg reagerer på at statsministeren og embetsverket kommuniserte via Aanes og Berget om formelle ting som lengde på permisjonen og om Wara skulle ha løn. Det meiner eg er veldig uryddig.

Dag Terje Andersen

Stortingsrepresentant Dag Terje Andersen (Ap) meiner kontakten mellom Statsministerens kontor og Aanes og Berget var skapte eit inntrykk av eit uheldig samrøre.

Foto: NRK

Berget seier han forstår at spørsmåla kjem, men seier at dette var ein ekstraordinær situasjon og at kontakten var den mest praktiske.

– Det var forhold ein trengde å få ei rask avklaring på, og så visste dei at vi var saman med Tor Mikkel. Difor gjekk kontakten gjennom oss.

Meiner det er uheldig for bransjen

Også Kommunikasjonsforeningen, som organiserer tilsette i kommunikasjonsbransjen, meiner kontakten mellom First House-partnarane og Statsministerens kontor var problematisk. Dagleg leiar Therese Manus sa i Dagsnytt 18 at det kan bidra til spekulasjonar.

– I denne situasjonen burde dei berre ha vore venner og ikkje hatt den formelle kontakten. Det kan opplevast som eit samrøre fordi det blir skapt uvisse rundt habilitet. Det er problematisk for både kommunikasjonsbransjen og for politikarane, og med det også for demokratiet.

Therese Manus i Kommunikasjonsforeningen

Dagleg leiar Therese Manus i Kommunikasjonsforeningen meiner det kan vere skadeleg for både kommunikasjonsbransjen og politikarar når det blir stilt spørsmål ved habiliteten.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ho seier dei ønsker openheit rundt det bransjen driv med, og skulle ønske at politikarane kunne gjort meir for å få dette til. Nyleg blei eit forslag om større openheit om kundelister når ein blir statsråd eller statssekretær stemt ned i Stortinget.

Dag Terje Andersen seier regjeringa den gongen fekk i oppgåve å kome tilbake med ei sak til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

– Det er viktig at det skjer ein ryddig overgang mellom politikk og kommunikasjon og omvendt.

AKTUELT NÅ