Hopp til innhold

Ber reisande rekna god tid – set opp ruter med mellomlandingar på under to timar

Koronareglane kan gjera det vanskelegare å reisa heim frå ferie i sommar dersom endestoppet ditt ikkje er Oslo.

Lange køer på Gardermoen

Måndag var det lange køar på Oslo lufthamn. Då blei mange av dei strenge reisereglane oppheva.

Foto: André Børke / NRK

Ordninga med vidareflyging innanlands, «domestic transfer», er stengd på Oslo lufthamn.

– Med dagens strenge innreisekrav ved innkomst frå utlandet, må alle passasjerane ned i hallen for innkomst blant anna for å bli vurderte om dei skal gjennom covid-19-test. Vi kan difor ikkje ha denne løysinga i drift, seier Gurli Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Gjev ekstra belastning

Om du kjem frå utlandet, og mellomlandar i Oslo før du skal vidare til andre destinasjonar i Noreg, må du med andre ord rekna god tid.

Når du forlèt flyet som du kom med frå utlandet, må du gjennom passkontroll og grensekontroll, deretter bagasjeutlevering og testing.

Om du skal vidare frå Oslo til ein annan destinasjon i Noreg, må du i tillegg gjennomføra innsjekk for innanlandsreise.

I verste fall kan dette ta fem til seks timar, opplyser Avinor.

– Men det håpar vi jo ikkje skjer. Vi har ikkje erfart det til no, seier Ulverud, som seier at talet på passasjerar aukar på innkomsten ved Oslo Lufthamn, i og med ordninga for vidareflyging innanlands no ikkje er i drift.

Gurli Høeg ulverud i Avinor.

Gurli Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Foto: Avinor

Ber reisande ta seg god tid

Dei fleste utanlandsflygingane til både Norwegian og SAS skjer frå Oslo Lufthamn.

Om du skal til Noreg frå utlandet, er sjansen stor for at du må mellomlanda i Oslo, sjølv om du har endestopp ein annan stad i landet.

Andreas Hjørnholm, presseansvarleg i Norwegian, seier at dei under normale omstende anbefaler minst to timar mellom flygingar.

Presseansvarlig i Norwegian, Andreas Hjørnholm

Presseansvarleg i Norwegian, Andreas Hjørnholm.

Foto: Norwegian

– Men den informasjonen vi får frå Avinor, er at dei ventar at det kan bli lange køar på grunn av myndigheitene sitt krav til dokumentasjon og måten dette blir gjennomført på flyplassen, seier han.

Derfor oppmodar Norwegian å rekna ekstra god tid.

– Det kan ein gjera ved å velja ein avgang seinare på dagen når ein bestiller billett. Eller ein kan velja ei direkte returreise om det er tilgjengeleg, seier Hjørnholm.

Vil ikkje gje nøyaktige tidsindikasjonar

Også SAS oppmodar reisande å vera merksame på å vera ute i god tid, og at passasjerar viser omsyn til at det i nokre tilfelle kan vera lengre mellomlandingstider enn vanleg, ettersom vi framleis ikkje er i ein normalsituasjon når det gjeld reiser.

– Det er riktig at det har vore tilfelle med veldig lange ventetider på grunn av kø ved dei forskjellige kontrollane, seier Freja Annamatz, pressesjef i SAS.

– Det er viktig å vita at det i unntakstilfelle kan ta lengre tid, og at du som reisande føler deg komfortabel med det alternativet du bestiller. Men vi kan ikkje sjå at det er fleire reisande enn vanleg som har mista sine vidare flygingar, seier ho.

Ho meiner vidare at det førebels er umogleg å gi nøyaktige tidsindikasjonar då køtidene ved grensekontrollen varierer.

LES OGSÅ: Måndag blei store delar av Europa farga grønt

Mellomlanding på under to timar

Sjølv om flyselskapa oppmodar at ein bør rekna god tid på mellomlanding, set dei opp samanhengande reiser med mellomlandingar som er på under to timar.

Skal du til dømes fly frå Athen til Bergen 14. juli, føreslår Norwegian er reiserute med mellomstopp i Oslo på 1 time og 35 minutt.

I og med du skal gjennom pass- og grensekontroll når du landar i Oslo, og i tillegg må gjennomføra innanlands innsjekk i etterkant, kan det bli knapt med tid.

Reiserute Athen-Bergen.

Føreslått reiserute frå Athen til Bergen.

Foto: Norwegian / Skjermdump

Hjørnholm i Norwegian presiserer igjen at passasjerane at ein ved dette døme kan velja tre seinare avgangar.

SAS opererer på same måte. Skal du til dømes frå Alicante til Trondheim, føreslår SAS ei reiserute med mellomstopp i Oslo på 1 time og 20 minutt.

– Når det gjeld tidene i reiseplanleggjaren, er dei tilpassa vårt trafikkprogram. Vi oppmodar våre reisande til å velja avgangar og tider, samt billettar, som dei føler vil fungera for dei om dei kjenner seg engstelege, seier Annamatz.

Alicante-Trondheim

Føreslått reiserute frå Alicante til Trondheim.

Foto: SAS / Skjermdump

Forplikta til å få deg til destinasjonen

Caroline Skarderud, fungerande leiar for forbrukarrettleiing i Forbrukarrådet, seier at flyselskapet er forplikta til å få deg til destinasjonen din ved kjøp av gjennomgåande billett.

– Og selskapet har risikoen dersom det er rekna for kort overgangstid, seier ho.

Dersom selskapet har rekna for kort overgangstid, vil passasjeren kunna bli forseinka eller nekta ombordstiging.

– Passasjeren vil då ha rett til omruting eller refusjon, forpleiing og eventuelt standardkompensasjon, seier Skarderud.

Caroline Skarderud

Caroline Skarderud, fungerande leiar for forbrukarrettleiing i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet

På opplysningane frå Forbrukarrådet, kommenterer Norwegian at dei planlegg ruteprogrammet i mange månadar i førevegen, noko som ofte skjer blan anna med anbefalingar av flyplassen om kva dei er tilstrekkeleg mellomlandingstid.

– Det er vi som flyselskap ansvarlege for. Det kan vera at omstenda på flyplassen endrar seg kort før avgang, og der ser vi det som vår oppgåve og hjelpa passasjerane best mogleg, seier Hjørnholm.

Også SAS at dei vil hjelpa passasjerane når oppstår situasjonar der reisande mistar vidare flygingar.

– Vi gjør alt for å hjelpa passasjerane og tinga om billettane slik at dei kjem fram, seier Annamatz og seier at dei følgjer reglane som gjeld tilfelle i trafikkforstyrringar.

AKTUELT NÅ