Hopp til innhold

Fleire mista flyet på grunn av kø – blir ikkje dekt av reiseforsikring

Europeiske reiseforsikring seier fleire har mista flyet sitt i dag grunna lange køar. – Dette ei varsla hending og blir ikkje dekt av reiseforsikringa, seier kommunikasjonsdirektøren.

Lange køer på Gardermoen

Oslo Lufthamn har i dag hatt rundt 30.000 reisande. Europeiske reiseforsikring opplyser at fleire har mista flya sine på grunn av kø.

Foto: André Børke / NRK

I dag gjekk Noreg over til å følgja EU sitt fargekart. Med det blei dei strenge reiseråda for store delar av Europa, samt ein del «tredjeland», oppheva.

– Då er det slik at nordmenn vil ut å reisa. Det vi ser i dag, er at veldig mange ringer inn og har trøbbel i samband med lange køar på flyplassane. At dei rett og slett ikkje rekkjer flya sine, seier Andreas Handeland, kommunikasjonsdirektør i Europeiske reiseforsikring.

Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsrådgiver i Europeiske Reiseforsikring.

Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsdirektør i Europeiske reiseforsikring.

Foto: KILIAN MUNCH

Dekkjer ikkje varsla hendingar

Handeland seier at dei ikkje har konkrete tal på kor mange dette gjeld, men at han har fått dette rapportert av fleire som svarar på telefonane hjå forsikringsselskapet.

– Då er det nok ein del folk det gjeld. Og så er det mange som ringer inn for å spørja kva forsikringa dekkjer om dei er så uheldige og opplever dette, seier han.

Kommunikasjonsdirektøren fortel at ein reiseforsikring normalt dekkjer forseinkingar, både når det gjeld som følgje av ekstremvêr, trafikkulukker, eller liknande.

– Men dette her, med lange køar på flyplassen, er ei varsla hending. Det har vore godt opplyst om det, og blir ikkje dekt av forsikringa. Det er ikkje ei akutt og uventa hending, legg han til.

Ta deg god tid

Oppmodinga for forsikringsselskapet er å smørja seg med tolmod.

– Ta deg god tid, og gjerne litt ekstra god tid oppå der igjen. Då kan ein ha ei hyggeleg oppleving på flyplassen, og ikkje enda opp med å sitja igjen med rekninga for nye flybillettar, seier Handeland.

Full kø på Gardermoen

Oslo Lufthamn hadde ein travel måndagsmorgon med fleire reiseklare nordmenn.

Foto: Ole Fjøsne Grankel / NRK

Flyselskapet Norwegian seier på si side at det så langt ikkje har vore eit stort problem at folk mistar flya sine.

– Men det kan jo henda. Det er difor viktig at ein førebur seg grundig til reisa, seier Andreas Hjørnholm, presseansvarleg i Norwegian.

Presseansvarlig i Norwegian, Andreas Hjørnholm

Andreas Hjørnholm, presseansvarleg i Norwegian.

Foto: Norwegian

Også dei oppmodar ein møter på flyplassen i god tid.

– Ved mellomlanding kan det også vera klokt å rekna ekstra tid, seier Hjørnholm og legg til at ein særskilt må rekna ekstra tid om ein mellomlandar på ei utanlandsk lufthamn.

NRK har også vore i kontakt med SAS som ikkje har svara på førespurnaden.

30.000 på reise

Avinor oppmodar at ein må følgja med på informasjonen frå flyselskapet som ein skal reisa med.

Ventetida i køen kan variera, men på morgonen, når dei fleste utanlandsreisene føregår, må ein rekna kø på mellom ein og ein og ein halv time, opplyser Avinor.

– Vi har anslått at vi kan nå 45.000 reisande frå Oslo Lufthamn på ein dag. Dette talet trur vi nok at vi når, seier Gurli Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Gurli Høeg ulverud i Avinor.

Gurli Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Foto: Avinor

Ho seier at Oslo Lufthamn i dag har hatt rundt 30.000 reisande, slik som lufthamnsdirektøren spådde.

– Til samanlikning var dette talet på rundt 100.000 i 2019, så talet er framleis mykje lågare enn det, seier ho.

AKTUELT NÅ