– Ein kan bli så kreativ ein vil. Om ein bruker molotovcocktail eller fyrstikk er eg ikkje oppteken av. Poenget er at Equinor driv med massedrap støtta av staten, det må folk få kjempe mot, sa klimaaktivist Joachim Skahjem.
Dei nye taktene i klimakampen fall ikkje i god jord for Frederic Hauge, som sjølv har delteke på mange klimaaksjonar opp gjennom åra.
– Eg blir skikkeleg trist av at vi har fått den type haldningar i klimakampen. Det vil eg på det sterkaste ta avstand frå, seier Hauge.
I 1987 var Bellona-medstiftaren ein av dei som okkuperte kontoret til miljøvernminister Sissel Rønbeck. Han er likevel kritisk til somme av dei nye metodane til klimaaktivistar i dag.
– Våre aksjonar har gått fredeleg for seg. Saman med Natur og ungdom har vi stått for ikkje-valdstradisjonar. Noko av det vi ser i dag utfordrar det, seier Hauge.
Joachim Skahjem var ein av dei som grisa til Monolitten i førre veke. I kveld forsvarte han bruken av sterke verkemiddel i kampen mot klimaendringane.
– António Guterres har sagt at det ikkje er klimaaktivistane som er farlege radikale, men det er styresmaktene som held fram med fossilindustrien, seier Skahjem.
Utelukkar ikkje tap av liv
Skahjem drog parallellar til andre verdskrigen, då motstandsfolk som Max Manus og Gunnar Sønsteby brukte vald i sin kamp.
– Eg trur vi alle er glade for det i dag. Det skjedde då, kan vere at det må skje igjen. Liv kan òg gå tapt i klimamotstanden, men det håpar eg ikkje det gjer.
Frederic Hauge gav synleg uttrykk for forbausing.
– Dette viser kvifor vi ikkje bør ta for lett på det som skjer no. Det å ikkje setje ei grense ved vald er alvorleg, det er heilt uakseptabelt. Dette bør nedkjempast på det sterkaste, seier Hauge.
Går drastisk til verks
Den siste tida har klimaaktivistar utført ei rekke aksjonar for å påkalle merksemd til det dei meiner er ei klimakrise som ikkje blir tatt på alvor av styresmaktene.
I ettermiddag blei flytrafikken omdirigert frå Berlin Brandenburg-lufthamna etter at aksjonistar tok seg inn på flyplassområdet og limte seg fast til rullebana.
I Debatten viste Joachim Skahjem til svenske Andreas Malm. Akademikaren og aktivisten Malm får stor internasjonal merksemd for sitt syn på sabotasje som verkemiddel i klimakampen. Korleis Malm tenker kan du høyre her: