Hopp til innhold

Miljøaktivistar prøvde å lime seg fast i «Skrik» – sikta for grovt skadeverk

Aktivistar frå organisasjonen Stopp oljeleitinga prøvde å lime seg fast i ramma til Munchs «Skrik» på Nasjonalmuseet. Dei er sikta for grovt skadeverk, opplyser politiet til NRK.

Aksjon mot Munch

Aksjonistar frå Stopp oljeleitinga prøvde å lime seg fast i Nasjonalmuseet fredag.

Foto: Ludvig Furu / Tidens Ånd

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aksjonistane seier dei utførte aksjonen i protest mot regjeringas oljepolitikk. Det var tidsskriftet Tidens ånd som først skreiv om saka. Biletet fekk ingen skadar etter aksjonen.

Politiet opplyser at dei har gripe tre kvinner i 20-åra, som no er køyrde til arresten.

Der blir dei sittande til i morgon før det vert avgjort kva som skal skje vidare med aksjonistane. I mellomtida vert det gjennomført avhøyr av vitne til hendinga. Politiet skal også undersøkje innhaldet av ein video, får NRK opplyst.

Dei tre aksjonistane kjem frå Finland, Danmark og Tyskland. Politiet jobbar med å finne ut kva tilknyting dei har til Noreg. Dei er også i kontakt med ei anna kvinne som har status som vitne.

– Vi vil etterforske saka vidare og finne ut kva slags konsekvensar det kan få, seier operasjonsleiar Rune Hekkelstrand i Oslo politidistrikt.

Ifølge Nasjonalmuseet prøvde to av aktivistane å lime seg fast i ramma av biletet, medan den tredje person filma eller tok bilete av aksjonen.

Aksjonistane ropte ut slagord då dei blei gripne av vektarar ved museet.

Politiet utenfor Nasjonalmuseet da aktivister fra organisasjonen Stopp oljeletinga har forsøkt å lime seg fast til rammen til Munch-maleriet «Skrik» på Nasjonalmuseet

Dei tre aksjonistane blei køyrde til arresten etter å ha forsøkt å lime seg fast i «Skrik».

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ingen skade på biletet

«Skrik» er sikra med glas og avstandssensorar. I tillegg er det alltid vakter til stades i Munch-rommet. Det var dei som tok hand om aksjonistane til politiet kom til museet.

Biletet har ingen skadar etter aksjonen, seier Nasjonalmuseets direktør, Karin Hindsbo til NRK.

– Det blei takk og lov avverja, takka vere flinke folk som jobbar her på museet. Måleriet har det bra.

Dei siste vekene har det vore fleire liknande aksjonar mot kjende måleri andre stader i Europa. Tidlegare har blant anna verk av Andy Warhol, Leonardo da Vinci og Vincent van Gogh vore mål for aksjonistar.

Karin Hindsbo

Nasjonalmuseets direktør Karin Hindsbo er glad for at måleriet ikkje blei skada.

Foto: Beate Oma Dahle / Beate Oma Dahle

Hindsbo seier dette har gjort at dei har vore ekstra merksame på at noko kunne skje også her.

– Vi følger med på kva som skjer rundt omkring i verda. Og det gjer at vi set inn tiltak, og er godt budde.

Museet stengde Munch-rommet etter aksjonen, medan resten av museet heldt ope. Hindsbo seier rommet opnar igjen så snart dei som jobbar med konservering og reinhaldarane er ferdige.

Munch-rommet i Nasjonalmuseet

Munch-rommet på Nasjonalmuseet måtte halde stengt etter aksjonen fredag. Arkivfoto.

Foto: Heiko Junge / NTB

Hindsbo seier ho har lite til overs for korleis klimaaktivistane har valt å formidle bodskapen sin på.

– Uansett kor godt formål ein har, tek eg avstand frå å utøve vald eller symbolsk skade på kulturarv, seier ho.

Vil vekke folk

Aksjonistane i Stopp oljeleitinga seier i ei pressemelding at dei brukte aksjonsforma for å vekke folk, og kjem med krav til regjeringa om at dei må endre norsk oljepolitikk og at all vidare leiting av ny olje og gass på norsk sokkel må stoppe.

Pressekontakt Astrid Rem seier til NRK at dei valde «Skrik» fordi det er Noregs mest kjende måleri, og at målet var å få merksemd.

– Poenget er ikkje å øydelegge ein nasjonalskatt. Poenget er akkurat det som skjer no, at alle blir heilt frå seg og helt ville av i leikar med tanken.

Kva har klimaet, oljeleiting og politikk med Munch sine måleri å gjere?

– Det er ingen direkte samanheng. Det kunne like gjerne ha vore ein konsert eller eit idrettsarrangement. Det er litt slik at kunst-Noreg kanskje skal klare å zoome litt ut og sjå at det ikkje handlar om dei. Målet vårt er å skape eit politisk press som gjer at regjeringa ikkje kan ignorere dette, seier ho.

Les også Aksjonister skapte kaos i rushtrafikken i Trondheim – varsler flere aksjoner

Politiet fjerner aksjonister som satte seg ned i Prinsensgate i Trondheim

Tek avstand frå aksjonsforma

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) går hardt ut mot aktivistane frå Stopp oljeleitinga.

– Dette er ei uakseptabel aksjonsform. Sjølv om vi er mange som støttar klimakampen som ein av vår tids viktigaste kampar, er ikkje det å angripe uvurderleg kunst noko som hjelper sake i det heile, seier ho i ei pressemelding.

Ho viser også til at mange museum har sett fokus på klimakampen gjennom utstillingane sine.

Energi- og miljøpolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland, reagerer også aksjonen, og skriv i ein e-post til NRK at han håper det blir slege hardt ned på aksjonen.

– I staden for å bruke demokratiske verkemiddel for saka si, bidreg ikkje denne pøbelgjengen til noko anna enn å øydelegge heile klimadebatten, skriv han.

Munch-direktør Tone Hansen

Munch-direktør Tone Hansen seier dei følger med.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Munch-museet har den største samlinga kunstverk av kunstnaren, og har fleire utgåver av «Skrik» utstilt.

– Vi synest det er særs synd at kunsten blir brukt til denne forma for aktivisme, seier direktør Tone Hansen.

– Vi tek avstand frå hendinga ved Nasjonalmuseet i dag. På Munch har vi både tekniske løysingar og fysisk vakthald som skal sikre kunsten. Vi følger denne situasjonen nøye, og styrkar beredskapen om det blir behov for det.

Radioprogrammet Arena om angrep mot museum og oljesponsing:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober