Hopp til innhold

Begge fløyer i KrF irritert over «masete» Høgre: – Dei har ikkje forstått problemet

STORTINGET (NRK) Eks-statsminister Kjell Magne Bondevik meiner Høgre driv utidig innblanding i KrFs interne prosess. Også på høgresida i KrF er det frykt for at Høgre kan «irritere KrF-arar over på venstresida».

KrFs landsmøte 2017.

HØGRE-KRITISK: Kjell Magne Bondevik var statsminister i Norge frå 1997 til 2000 for ei regjering utgått av KrF, Senterpartiet og Venstre. Frå 2001 til 2005 var han statsminister for ei regjering utgått av KrF, Høgre og Venstre.

Foto: OLE MARTIN WOLD, Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Høgre mobiliserer og organiserer no så mange utspel for å blande seg inn i debatten i Kristeleg Folkeparti at det kan verke mot si hensikt, seier Kjell Magne Bondevik til NRK.

Den tidlegare statsministeren legg samtidig ikkje skjul på at han håpar det verkar mot si hensikt. Bondevik er ein av KrF-leiar Knut Arild Hareides viktigaste støttespelarar, og vil at KrF skal felle Solberg-regjeringa og danne eit nytt fleirtal med Ap, Sp og SV.

Om han og meiningsfellene vinn fram på det ekstraordinære landsmøtet 2. november får Norge ny regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister før jul.

– Det verkar ikkje som Høgre har forstått at det er forholdet til Frp som er problemet. Altså avstanden mellom KrF og Frp i viktige verdispørsmål, seier han.

Høgre markerer seg

Dei siste dagane har fleire Høgre-folk kome med det mange i KrF les som reine angrep på Knut Arild Hareide.

Video - Urimelig kritikk fra Anfindsen

HAREIDE-KRITISK: Tidlegare statsminister og Høgres grand old man, Kåre Willoch.

Foto: Nyhetsspiller

Tidlegare Høgre-leiar Kåre Willoch skulda i VG laurdag KrF-leiaren for å svikte veljarane. Tysdag skuldar ein tidlegare Erna Solberg-rådgjevar Hareide for å «demonisere Frp» og «skape skremselsbilder». Òg tidlegare Høgre-nestleiar Johan G. Bernander har skrive kronikk kor han skuldar Hareide for løftebrudd ved å velje bort Erna Solberg.

Høgre har òg auka den betalte aktiviteten sin i sosiale medier.

Høyrereklame

SPRER VARME: Høgre driv annonsekampanje med overskrifta «samfunnet blir varmere med et ikke-sosialistisk samarbeid».

På Facebook bruker dei pengar på annonser med bodskapen «samfunnet blir varmere med ikke-sosialistisk samarbeid», fortalt gjennom å vise fram ulike viktige KrF-saker. Eit eksempel Høgre annonserer med er «2048 fleire lærarar», sjølv om Høgre i si tid var mot lærarnormen KrF fekk gjennomslag for.

– Ironisk om Høgre irriterer KrF-arar til å skifte side

Heller ikkje på høgresida i KrF, altså folk som gjerne vil halde fram samarbeidet med Erna Solberg anten i regjering eller som støtteparti, set ein pris på all «hjelp» frå Høgre:

– Eg blir ikkje veldig provosert, men det er ein balansegang her mellom å kommunisere ein bodskap og å bli veldig pågåande. Det er klart Høgre risikerer at den tilnærminga dei har valt slår ut heilt motsett av kva dei ønskjer, seier ein sentral person på høgresida i KrF.

– Eg ville nok late meg inspirere litt av Arbeidarpartiet som sit heilt stille i båten viss eg var ansvarleg for Høgre sin strategi. Det ville vere ironisk om Høgre presterer å irritere dei mest nøytrale KrF-arane over på venstresida i retningsvalet, seier kjelda.

NRK har òg snakka med andre sentrale KrF-arar som er tilhengjarar av å gå inn i den sitjande regjeringa, som meiner Høgre må passe seg.

– Dei skal passe seg for at det ikkje blir oppfatta som om dei forsøker å blande seg inn for mykje. Det er eg redd vil slå feil ut, seier ei kjelde.

– Dei seier dei er opptekne av å respektere vår interne prosess, samtidig som dei køyrer det som framstår som koordinerte utspel og innlegg, inkludert angrep på Knut Arild, med formål å påverke KrF til å bli. Det er forståeleg at dei er stressa, men det ryddige hadde kanskje vore å latt oss ta denne avgjerda i fred og ro, seier ei anna kjelde.

Høgre: – Vi kan ikkje sitte stille og sjå på

NRK har forelagt kritikken for Høgre, som let nestleiar og helseminister Bent Høie svare for partiet.

Bent Høie

UFORSTÅANDE: Nestleiar i Høgre, Bent Høie.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Høgre har respekt for at dette er ein intern prosess i KrF, men når argumenta som vert brukte handlar om politikken vår og kva som er dagens Høgre – så kan vi ikkje sitte stille og sjå på. Då må Kjell Magne Bondevik akseptere at vi svarer. Det Bondevik og Hareide i realiteten tar til orde for er å samarbeide med SV om å kaste Erna Solberg som statsminister eitt år etter at veljarane ga ikkje-sosialistisk side og Erna Solberg fornya tillitt, skriv Høie i ein e-post.

– Vi kjenner oss til dømes ikkje att i Hareide sin omtale av eit Høgre som har gått i ein meir liberalistisk retning, legg han til.

– Kva tenkjer de om risikoen for at Høgre med sine utspel kan kome til å irritere fleire KrF-arar over på venstresida i retningsvalet?

– Vi kjem alltid til å forsvare og snakke om vår eigen politikk som til dømes enkeltmennesket og familien sin valfridom, at ideelle og private aktørar bidreg til å skape god og trygg velferd og at eit godt samfunn er meir enn staten, svarer Bent Høie.

To veker til historisk val

2. november skal 190 KrF-arar frå heile landet samlast på Gardermoen for å avgjere kven som skal styre Norge dei neste åra.

Det skjer etter at KrF-leiar Knut Arild Hareide 28. september heldt ein dramatisk tale, kor han ga råd om å felle Erna Solberg si Høgre-Frp-Venstre-regjering, og forsøke å danne ei ny regjering utgått av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og KrF, med støtte frå SV.

Talen heldt Hareide få dagar etter han ga ut bok, med vesentleg fleire lovord om Ap og Senterpartiet, enn om Høgre og Frp.

Skulle KrF vedta å skifte side i norsk politikk vil Erna Solberg ikkje lenger ha noko fleirtal bak seg i Stortinget og difor måtte gå av som statsminister.

AKTUELT NÅ