Hopp til innhold

Avsluttar væpninga av politiet

Politiet i dei største byane og ved Oslo lufthamn avsluttar den mellombelse væpninga som vart innført etter angrepet i Stockholm.

Politi på Oslo S

Politiet på Oslo S kjem ikkje lenger til å vere væpna.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Den mellombelse væpninga vart innført etter lastebilangrepet i Stockholm og funn av ei sprengladning i Oslo palmehelga. PST endra også trusselvurderinga for eit terrorangrep mot Noreg frå "mogleg" til "sannsynleg" på palmesøndag.

Frykta at noko liknande kunne skje i Noreg

Væpninga vart innført som følge av at situasjonen denne helga var uavklart og at smitteeffekten er størst den første tida etter eit terrorangrep.

– Væpninga kom som ein direkte konsekvens av hendingane i Stockholm og sprengladninga som vart funne i Oslo, og at det framleis var mange uavklarte moment i etterforskingane av sakene, opplyser Knut Smedsrud, som er beredskapsdirektør i Politidirektoratet.

Han seier at smitteeffekten er noko mindre sidan det har gått nokre dagar etter terroren i Sverige på fredag før påske.

– Vi frykta jo at det skulle skje eit liknande angrep i Noreg, seier Smedsrud, og legg til at politiet er klare til å ta opp att væpninga på kort varsel dersom dette skulle bli aktuelt.

Politiet i heile landet kjem til å ha våpen innelåst i politibilane.

Grensekontroll pressekonferanse

Beredskapsdirektør Knut Smedsrud seier dei er klare til å væpne politiet på kort varsel dersom det er naudsynt.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Lev som normalt

– Politidirektoratet har i møte med politimeistrane og sjefar gjort det tydeleg at vi må halde oppe aktiviteten på andre terrorførebyggande aktivitetar. For politiet er det svært viktig å understreke at vi gjer det vi kan for å beskytte innbyggjarane og hindre eventuelle hendingar i Noreg, seier Smedsrud vidare.

Det viktigaste politiet no gjer er ifølgje beredskapsdirektøren forbyggande arbeid med overvaking, oppfølging av radikalisering og samarbeid med kommunar. Han seier dei også har andre tiltak som dei jobbar vidare med.

– Eg forstår at mange er urolege, likevel må ein vite at faren for å bli utsett for eit åtak er svært liten slik vi ser det, seier Knut Smedsrud.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger