Gjennom eit Facebook-arrangement inviterte Tom Kristian Berger folk til å vere med på å attskape rosehavet utanfor Oslo domkyrkje.
– Sjølv om det er lenge sidan, så er det ein dag som sit sterkt i meg. Eg får ein klump i magen når eg legg ned blomar, fortel Berger til NRK.
Han var sjølv i Oslo under 22. juli 2011.
– Eg såg og høyrde det då det smalt. Det var ein dramatisk dag i Oslo.
Som eit motsvar til hatet
Berger har lagt ned blomar utanfor Oslo domkyrkje 22. juli kvart år etter terrorangrepet.
– Eg er oppteken av å vise medkjensle for dei etterlatne etter terrorangrepet.
Fleire av dei overlevande etter 22. juli fekk drapstruslar i kjølvatnet av Listhaug-debatten tidlegare i vår.
Ønsket om å vise støtte til dei var årsaka til at Berger ønskja å attskape rosehavet frå 2011, då tusenvis av roser og helsingar vart lagt ned utanfor Oslo domkyrkje.
– Dei etterlatne må få sørge over tapet av vennane sine, men så er det nokon der ute som ønskjer dei døde. Det er fælt å sjå kor dårleg dei har blitt behandla, så dette arrangementet er gjort av rein empati.
– Det er viktig å ikkje gløyme
August Tekrø kjenner fleire av dei overlevande etter terrorangrepet.
– Det er viktig å ikkje gløymne. Det er ikkje nok med eitt minutt med stillheit, vi må ha eit liv med kamp mot ekstremisme og radikale krefter, seier Tekrø.
Sju år gamle Vida Sofia Henri-Contreras la ned kvite roser og ei sjølvlaga teikning med teksten «Oslove».
Ho tykkjer det er viktig å minnast dei etterlatne etter angrepet som skjedde like etter ho vart født.
– Då eg var liten var det ein mann som gjorde at mange folk døydde. Det er trist, fortel Vida.