To og eit halvt år med arbeid vert i dag lagd fram i form av ein rapport. Den viser at det blir anslått at 330.000 barn er misbrukt i den katolske kyrkja i Frankrike. 216.000 av desse skal vere utsette for overgrep frå religiøse leiarar.
– Mørkaste og mest avskyelege
Rapporten seier at det sidan 1950 har vore mellom 2900 og 3000 overgriparar jobba for den katolske kyrkja. Mange av dei er religiøse leiarar og prestar.
– Eg er ikkje i tvil om at rapporten fortel sanninga. Det er eit helvete som de er i ferd med å hente fram. De har kartlagd detaljar om noko av det mørkaste og mest avskyelege som eit menneske kan vere opphav til, seier Francois Devaux.
Han er representant for overgrepsoffer i den katolske kyrkje, og er til stades på pressekonferansen der rapporten vert lagd fram. Han vert sitert av den franske avisa Le Monde.
Anbefaler eigen domstol
Ein uavhengig kommisjonen har jobba med å kartlegge omfanget av overgrep i den katolske kyrkja har gjort sine anslag basert på informasjon som er innhenta.
Jean Marc Sauve, som har leidd granskingsarbeidet, seier på pressekonferansen at den franske katolske kyrkja må betale kompensasjon til offera før ein eventuell rettsprosess er ferdig.
Han meiner kyrkja må opprette ein intern domstol som kan gå gjennom sakene, og at offera bør få lov til å delta i interne granskingar. Sauve meiner tabuet rundt seksualitet i den katolske kyrkja skaper eit blindpunkt for overgrep, og at læra om at katolske prestar skal vere heilage og lydige må bli vurdert på ny.
– Kyrkja må gjere alt ho kan for å bygge opp att det som har blitt øydelagd, seier Sauve på pressekonferansen, ifølgje Reuters.
- LES OGSÅ:
Katolsk biskop: – Ikkje til å halde ut
Det er gjennomført intervju med fleire tusen offer, sendt ut spørjeundersøkingar og oppmoda folk til å sende inn sine innspel.
Det er også henta inn data frå 30.000 franskmenn for å få eit breitt samanlikningsgrunnlag som kommisjonen har brukt for å kunne gjere eit kvalifisert anslag av omfanget av overgrep.
– Rapporten dykkar er tung, og den er alvorleg. Me har lytta til røystene til dei som er offer. Me har lytta til det store talet. Det er langt større enn me kunne førestilt oss. Det er ikkje til å halde ut, seier Eric de Moulins-Beaufort, ifølgje Le Monde.
Han er president for den franske foreininga for katolske biskopar.
Pave Frans varsla for to år sidan at leiarskapet i den katolske kyrkja ville gjennomføre endringar i korleis den katolske kyrkja behandla seksuelle overgrep.
Tidlegare har det vore mogleg å skjule overgrep under det som vert kalla «den pavelege teieplikta». Dette er no endra på.
Gjer mykje for å endre
Ewa Bivand vart tilsett i Den katolske kyrkja i Noreg tidlegare i år for å jobbe med å førebyggje seksuelle overgrep. Ho seier rapporten frå Frankrike er trist og sjokkerande.
– Det er veldig trist og veldig tungt. Dette har skjedd, det burde ikkje ha skjedd. Det at overgrep skjer i samfunnet, over alt, men sjølvsagt, når prestane har gjort sånne ting er det mykje tyngre for oss, seier Bivand til NRK.
Ho påpeikar samtidig at seksuelle overgrep av barn ikkje berre er noko som skjer i den katolske kyrkja.
– Fokuset på kyrkja er tungt for oss. Det er hovudsakleg den katolske kyrkja som er den stygge ulven. Men kyrkja gjer mykje for å endre haldningar og avdekkje ting, eg trur det er framsteg. Og det kjem ikkje så tydeleg fram i media, seier ho.
Bivand påpeikar at katolikkane er ein minoritet i Noreg, og at behovet for ein liknande gjennomgang ikkje er like stort her.
Tok tak etter skandale i 2010
Også i Noreg har det vore overgrepsskandalar i den katolske kyrkja. I 2010 tilstod den tidlegare katolske biskopen i Trondheim Georg Müller, seksuelt misbruk av ein mindreårig altergut.
I kjølvatnet av saka gjekk ein gjennom saker som hadde skjedd i Noreg, fortel Bivand. Men desse var langt tilbake i tid, ifølgje Bivand.
– Då vart det meir openheit om dette og det fagetiske råd har gått gjennom ein del gamle ting, seier ho, og påpeikar at den første beredskapsplanen til den norske katolske kyrkja mot overgrep kom i 2003. Den vart revidert seinast i 2020.
– Det er ikkje første gong det kjem denne typen rapport. Kvifor klarer ein ikkje å ta eit oppgjer med denne typen overgrep i den katolske kyrkja?
– Eg trur du tek feil. Ved å lage sånne rapportar så tek ein oppgjer. Denne rapporten går tilbake til 50-talet. Det var ein heilt annan situasjon, og det skjedde ikkje berre i kyrkja, men i barneheim, skular, over alt. Så nettopp ved å lage sånne rapportar i dag prøver kyrkja å ta eit oppgjer og lære utifrå dette. Og straffe dei som framleis kan straffast, seier Bivand.