Hopp til innhold

Paven vil ha seksuelle overgrep fram i lyset

Pave Frans varslar gjennomgripande endringar i korleis den katolske kyrkja skal behandle seksuelle overgrep. No skal det ikkje lenger vere mogleg å feie slike saker under teppet.

Pave Frans.

Pave Frans, som fylte 83 år tysdag, godtek ikkje at teieplikta skal brukast til å hindre avsløring av seksuelle overgrep.

Foto: Yara Nardi / Reuters

Den katolske kyrkja har dei siste åra vore skaka av avsløringar om omfattande seksuelle overgrep utførte av prestar og andre åndelege leiarar. Tidlegare har det vore mogleg å skjule slike overgrep under det som blir kalla den pavelege teieplikta. No skal ikkje det lenger vere mogleg, seier pave Frans.

Erkebiskop Charles Scicluna på Malta er kjend som den mest erfarne etterforskaren av overgrepssaker i den katolske kyrkja, og han er svært nøgd med utspelet frå paven.

– Epokegjerande avgjerd

Charles Scicluna, erkebiskop på Malta.

Erkebiskop Charles Scicluna er Vatikanet sin mest erfarne etterforskar av seksuelle overgrep og pedofili.

Foto: Janek Skarzynski / AFP

– Dette er ei epokegjerande avgjerd som fjernar hindringar for dei som etterforskar desse sakene. Det er gitt ordre om full openheit frå høgste hald, seier han til Vatikanet sin eigen radiostasjon.

Vatikanet har tysdag også heva alderen for kva som skal reknast som overgrepsmateriale med born frå 14 til 18 år. Det betyr at alderen for kva som blir rekna som overgrep mot born blir heva frå 14 til 18 år. Det er også ei omfattande endring.

I mai i år oppmoda pave Frans alle prestar i kyrkja som visste om seksuelle overgrep, om å melde frå til sine overordna. Tysdag, på sin eigen 83-årsdag, gjekk den argentinskfødde pave endå lenger.

Krig mot seksuelle overgrep

– Personen som melder frå om misbruk, personen som meiner seg misbrukt og eventuelle vitne skal ikkje lenger kjenne seg bundne av teieplikta, så lenge det handlar om ting som gjeld den aktuelle saka, heiter det i fråsegna frå paven.

Dette blir tolka som at paven no har sett i gang ein altomfattande krig mot seksuelle overgrep i den katolske kyrkja, men mange støttegrupper for offer for slike saker meiner det har teke altfor lang tid.

Under ein konferanse i Vatikanet trua pave Frans overgriparar i kyrkja med Guds vreide .

Marie Collins, som sjølv vart utsett for overgrep av ein katolsk prest, rosar pave Frans for det ho kallar ei skikkeleg og positiv endring.

Foto: Paul Faith / AFP

Det har dei siste åra vore retta massiv kritikk mot Vatikanet i Den katolske kyrkja for blant anna manglande straffeforfølging og hemmeleghald i samband med overgrepssaker.

Pårørende skuffet over kardinal Pells straff

– Ei positiv endring

Marie Collins, ei irsk kvinne som i barneåra sjølv vart utsett for seksuelle overgrep av ein prest, trekte seg tidlegare i år frå ein komite i Vatikanet som skulle arbeide med slike saker. Ho sa rett ut av komiteen ikkje greidde å behandle sakene på ein skikkeleg måte.

Tysdag var ho nøgd med paven sitt utspel. «Endeleg ei skikkeleg og positiv endring», skriv ho på Twitter.

Paven gjer det likevel klart at overgrepssaker framleis skal behandlast med diskresjon, for å ta vare på det namnet og ryktet til alle som er involverte i desse sakene. Men dette skal likevel ikkje vere til hinder for menneske som vil melde frå om overgrep, for det er ei plikt, heiter det i ei skriftleg framstilling frå pave Frans, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt