Hopp til innhold

Palestina-aktivist braut seg inn på militært område på Rygge for å sabotere

Mannen er sikta for grovt skadeverk. Han er overraska over kor lett det var å komme seg inn i bygget som ligg på militært område.

kongsberg

AKSJON: Palestina-aktivisten Ole Bertheus Sørensen har sete 14 dagar i fengsel etter at han aksjonerte mot våpenprodusenten.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Kongsberg Gruppen, som eig anlegget ved Rygge flystasjon, stadfestar hendinga til NRK. Dei avviser også at aksjonisten klarte å øydelegge flydelar.

Ole Bertheus Sørensen (24) blei varetektsfengsla i 17 dagar.

Det var seint 1. april at han tok seg inn på anlegget i Moss kommune.

Etter fleire månadar med planlegging var hensikta å øydelegge flydelar som han meiner blir brukt i Gaza-krigen, fortel han.

– Eg klippa meg gjennom to gjerde med knipetong, og eg måtte klatre over eit gjerde som var tjukkare med piggtråd på toppen. Eg slo meg gjennom ei dør med herda glas, seier Sørensen.

I forkant av aksjonen hadde han lese seg opp på internett, sett på Google Maps og spana på området.

Sørensen sjølv seier han nektar straffskyld i saka fordi han handla i nødverje.

Dette er ikkje lov. Korleis forsvarar du det likevel?

– Eg forsvarar det med at det er i nødverje. For å hindre meir tap av liv så måtte eg gjere noko som elles ville vore ulovleg.

kongsberg

Sørensen blar i dokumenta han har meg seg frå fengselet. Politiet etterforskar saka mot han.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Sikkerheitsrutinane fungerte

Han fortel at etter han kom seg inn på området, gjekk han dit han meinte produsenten oppbevarte F-35-flydelar. Med seg hadde han ei steinhakke.

– Då fant eg fram til delane dei bruker til å halde ved like og oppgradere flymotorane. Eg øydela så mange eg hadde tid til, seier 24-åringen.

Denne framstillinga avviser Kongsberg Gruppen.

Kommunikasjonsdirektør Ronny Lie seier at Sørensen ikkje øydela eller skada F-35-delar under aksjonen.

Ronny Lie

Kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen, Ronny Lie, seier at sikkerheitsrutinane deira fungerte.

Foto: Maria Kommandantvold / DKBU

– Våre sikkerheitsrutinar fungerte. Saka er alvorleg fordi hærverket kunne potensielt svekka norsk beredskap i ein situasjon der freden er truga i Europa, seier Lie.

Ifølgje Sørensen var det overraskande at han i det heile teke kom seg inn på området.

Kva hinder møtte du?

– Det var mindre enn forventa. Rett før eg skulle gå inn så tenkte eg: Eg kjem sannsynlegvis til å komme meg gjennom ein piggtråd og deretter bli pågripen. Men heldigvis så var det ingen på anlegget.

Politiadvokat Isak Dammann i Øst politidistrikt stadfestar hendinga, og seier at politiet etterforskar saka.

Då Sørensen kom seg inn i bygget, blei det komplisert for han:

– Eg blei meir desorientert, og sleit litt med å finne fram.

Sørensen seier at han ikkje har fått lov frå politiet å skildre nærare korleis det var inne i fabrikken.

– Eg måtte liksom sjå på Google Maps for å sjå i kva seksjon dei kunne drive med vedlikehald av motorane. Ein av dei eg braut meg inn viste seg å vere eit kontorlandskap.

Hevdar dei blir brukt i Israel

Kunststudenten har vore aktiv i Palestina-saka lenge. I etterkant av aksjonen har han fått støtte frå den britiske aksjonsgruppa Palestine Action. Dei publiserte bilde av han då han blei sloppe ut av fengsel.

– Det er på grunn av det grufulle som går føre seg i Palestina no. Det er det mest jævlige eg har sett i mi livstid.

I november publiserte FriFagbevegelse eit intervju med forsvarsgiganten Lockheed Martin om F-35-jagarflya som blir brukt i krigen i Gaza. Det er dei som sett flya saman i USA.

Sørensen

Dette bilde blei teken av han då han blei sloppe ut av fengsel.

«Alle F-35-jagarfly har deler laga i Noreg», stadfesta dei i ein e-post til avisa.

Norske styresmakter seier det ikkje er å lov å selje våpen til Israel. Sal av delar til forsvarsprodusenten Lockheed Martin som held til USA er lovleg. Då er det amerikanske eksportreglar som gjeld.

Korleis er du sikker på at du øydela delane som blir brukt i F-35-fly?

– På nettstaden til Kongsberg Gruppen viser dei korleis desse flymotorane ser ut. På Rygge er det berre flymotorane til F-35-fly. Eg studerte delane og korleis dei var bygd opp, og kunne identifisere kva eg såg etter.

– Desse flya blir brukt til mykje forskjellig. Har ikkje Israel rett til å forsvare seg?

– Det dei gjer er ikkje å forsvare seg. Dette er eit aktivt folkemord mot palestinarane.

– Flya blir også brukt i Noreg. Kva tankar gjer du deg om at dette kan ha vore med på å svekke vårt forsvar?

– Det er absolutt verdt det. Vi er ikkje i risiko for krig.

Høgrisikofengsel i 14 dagar

Ifølgje han sjølv var han inne i anlegget ei god stund. Etter kvart høyrde han nokon utanfor, og la derfor ned hakka han hadde meg seg.

Då han blei møtt av sikkerheitsvaktene la han frå seg hakka og heldt hendene opp i lufta. Då politiet blei kontakta blei han pågripen, fortel han.

Etter avhøyret blei han sendt på glattcelle og deretter til Halden høgrisikofengsel.

Der sat han i 14 dagar etter hendinga, stadfestar advokaten til NRK.

kongsberg
Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

– Saka er framleis under etterforsking, seier forsvarar Gaute Nilsen.

Sørensen er sikta for grovt skadeverk.

I rettsavgjerda står det at handlingane fann stad på eit strengt militært område. Retten kan heller ikkje utelukke at det er fleire partar i saka. Sørensen seier at han gjennomførte aksjonen åleine.

Kommunikasjonsdirektør i Politiets tryggingsteneste (PST), Trond Hugubakken, seier til NRK at dei er rutinemessig orienterte om saka.

Kva som faktisk gjekk føre seg før pågripinga er unnateke offentlegheita i rettsavgjerda.

Retten skriv også at politiet er særleg interessert i å avklare om det er snakk om brot på straffelova §§ 121 og 123, som betyr etterretningsverksemd mot statshemmelegheiter og avsløring av statshemmelegheiter.

kongsberg

24-åringen angrar ikkje på kva han gjorde.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Auka tryggleik

I mars i år åtvara PST om auka spionaktivitet på Rygge flystasjon og bad folk å følge nøye med. Amerikanarane skal bruke 2 milliardar norske kroner på å bygge ut flystasjonen.

– Vi ventar betydeleg auke i etterretningsverksemd frå framande lands etterretningstenester mot Rygge luftforsvarsbase, sa Hege Naustdal i PST den gongen.

Både PST, Forsvaret og Moss kommune fortalde då om at ein ikkje burde bekymre seg og at dei legg planar for det.

Forsvarsministeren til Kongsberg Aviation Maintenance Services på Rygge

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram under eit besøk på Kongsberg Aviation Maintenance Services på Rygge. Kongsberg skal bruke 500 millionar på eit nytt depot for vedlikehald av F-35 jagarfly på Rygge i Østfold.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

På same område, ein fem minutts køyretur unna, ligg Kongsberg Gruppen sitt anlegg.

På nettstaden deira skriv dei at det er her dei driv med «avansert programvareutvikling», og vedlikehald av kampflysystem og jagarflymotorar.

Sommaren 2023 fortalde forsvarsminister Bjørn Arild Gram at Noreg skal bruke 500 millionar på eit nytt depot for vedlikehald av F-35-jagarfly.

Og det var her på Rygge Ole Bertheus Sørenes sette frå seg sykkelen sin, klippa opp gjerdet med ei knipetong, og kom seg inn på våpenanlegget.

AKTUELT NÅ