Hopp til innhold

Advokaten til Finnes fryktar ikkje Økokrim-etterforsking

Det kjem fram dagen etter at Sindre Finnes uttala seg for første gang om aksjetransaksjonane. Då avviste han at hadde handla med innsideinformasjon.

Sindre Finnes
Foto: Tuva Åserud / NTB

NRK møtte Finnes sin advokat, Thomas Skjelbred, dagen etter Høgre la fram tidslinja for kommunikasjonen rundt aksjehandlane mellom Sindre Finnes og Høgre-leiinga.

– Det er ingenting ved saka som tilseier at det har skjedd noko ulovleg. Han ønskjer å bidra med informasjon til offentlege instansar, og ønskjer å legge alle korta på bordet. Eg kan ikkje sjå det har skjedd noko uregelmessig, eller ulovleg knytt til aksjehandlane, seier advokaten som jobbar for advokatkontoret Elden.

Thomas Skjelbred

Finnes sin advokat, Thomas Skjelbred.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– I den samanhengen vil det vere bra at Økokrim også undersøker saka, og stadfestar det.

Forstod Finnes at han gjorde noko gale?

– Det å handle aksjar er lovleg. Dei lovlege aksjehandlane har fått ei politisk side.

Les også Sjekk tidslinjene til Høyre og NRK – og les Finnes' svar

Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023. Erna Solberg og Sindre Finnes på vei for å stemme.

Kvifor laug han til Erna?

– Han har handla aksjar for eigne pengar, og har ikkje vore open om det med ektefellen sin.

Høyre-leder Erna Solberg og hennes mann Sindre Finnes

Høgreleiar Erna Solberg saman med ektemannen Sindre Finnes.

Foto: Tuva Åserud / NTB

På spørsmål om kvifor lista over aksjar ikkje blei klar for valet svarar Skjelbred slik:

– Vi har ingen kommentar til den lista. Det er noko Høgre har utarbeida på vegner av partiet.

Han avviser at Finnes bevisst arbeida saktare med oversikta over aksjetransaksjonane.

– Det er ikkje halde tilbake noko informasjon i denne saka.

Les også Finnes benekter å ha hatt tilgang på innsideinformasjon

Statsminister Erna Solberg (H) og mannen Sindre Finnes i 2019.

Erna Solberg landa på Gardermoen onsdag føremiddag.

– Det er ei alvorleg og vanskeleg sak, og eg kjem ikkje til å gjere noko intervju, seier Solberg til TV 2.

Etter at Høgre la fram tidslinja i saka tysdag, uttala Sindre Finnes seg gjennom advokaten sin.

Over 3600 handlar

Då Solberg stengde landet i 2020, dumpa Finnes aksjar. I uttalen tysdag avviste han at han sat på informasjon då regjeringa korona-stengde landet.

Økokrim har tidlegare sagt at dei vurderer å etterforske saka.

Økokrim-sjef Pål Lønseth ønskjer ikkje å kommentere ønsket om etterforsking til NRK.

– Vi har ikkje kommentar på det noverande tidspunktet, seier han.

Sindre Finnes' aksjekjøp

Tidslinjen går bakover i tid.

Fire dagar etter valet legg Erna Solberg fram dei over 3600 aksjehandlane til ektemannen Sindre Finnes. Fleire kritiserte for at det tok for lang tid.

Tysdag kom den etterlengta tidslina. Noko av det som kom fram var at det ikkje var kontakt mellom Solberg og Finnes frå fredag til søndag før valet.

AKTUELT NÅ